Månadleg arkiv: oktober 2009
Flott musikk – super til løping i kroppsøving…..
Fysisk aktivitet – ein stor helsegevinst.

Steven N. Blair: ”Verdens fremste forsker på fysisk aktivitet og helse er en liten, tykk og frisk fyr som løper hver dag” (Sitat BTMagasinet, 23.mai 2009)
I følgje ein artikkel i Bergens Tidende 23.mai d.å. – har overvektige personar som er i god form berre halvparten så stor dødsrisiko som slanke med dårleg kondis.
Den viktigaste einskildfaktorane for eit langt liv, er fysisk aktivitet.
I følgje ein av verdas fremste forskarar på fysisk aktivitet, Steven N. Blair, vil det å gå 30 min dagleg halvere dødsrisikoen.
Eller ein rask gåtur på 10 minutt 3 gongar dagleg….. viss det er meir freistande.
Dette ville kunne føre til ei enorm helsegevinst for befolkninga, meiner Blair.
Han har granska fleire einskildfaktorar ved død. Ingen er viktigare enn fysisk aktivitet!
Det er aldri for seint å starte. Risikoen for å hamne på sjukeheim kan halverast med å vere i moderat fysisk form. ”En 60-åring i dårlig fysisk form har dobbel så stor sjanse til å dø tidlig som en 80-åring i god fysisk form”. (Sitat BTMagasinet)
Så det er ingenting å nøle etter! Sett i gang!
Forskinga til Blair og hans kollegaer baserer seg på data frå over 80.000 menneske og 4000 dødsfall frå 70-talet til i dag. Konklusjonen frå forskinga er at verdens største helseproblem er fysisk inaktivitet. Vi sit oss i hel!
Blair har òg funne at fysisk aktivitet beskyttar og har positiv effekt for menneske som røyker og har høgt kolestrol og blodtrykk. Desse har minst like låg dødelegheit som ikkje-røykande i dårleg fysisk form og utan blodtrykk- eller kolestrolproblem, i flg. artikkelen i BTMagasinet.
Vil du lese meir om dette:
Ynskjer du å komme i god «kvardagsform»?
Den berømte dørstokkmila kan vere lang for mange. Ein les i alle magasin om korleis ein skal komme i god form, ein drøymer om ein veltrena kropp, men så blir det ofte med det. Tiltaket er så forbaska stort. Og så er det så mykje anna vi skal ha tid til………
Mange har ein naturleg indre motivasjon for trening, det ligg i blodet på ein måte. Andre har ikkje denne naturlege ”draiven”, og må motiverast.
Du må bestemme deg for at dette VIL eg! Så må du finne ut kva du vil begynne med, og sette av tid til det! Endre på timeplanen din, og endre nokre vanar. Du kan nok få ein del hjelp av ein eller annan som dreg deg med, men å endre på vanane og skape ein indre glød for dette arbeidet – den jobben må du nok gjere sjølv!
Feilen mange gjer, trur eg, er at ein har for høge ambisjonar – det er ikkje måte på kor sprek ein skal bli – veldig fort! Så trener ein veldig ein periode, og går lei, eller har ikkje tid til å halde på slik. Hos mange stoppar det så opp.
Det er viktig å komme inn i ein god treningsvane, ikkje ha for høge ambisjonar, vere fornøgd med 2-3 gongar i veka som ein start. Berre ein gong i veka – er betre enn ingenting! Og for nokre er jo det 100% auke! Bravo!
Roleg tempo, ”kose deg” – ”dette gjekk jo fint….” – Skape ei positiv oppleving av treninga!
Vere tolmodig, ikkje minst, så kjem forma etter kvart.
Kva skal du så trene?
Er det sterk du har tenkt å blir, eller få godt uthald? Eller kanskje begge deler?
Uansett, – tilboda i Førde er mange. Her er noko for ein kvar smak. Det kjem òg litt an på om du er villeg til å bruke pengar på dette. Å komme i rimeleg god form, kan vere gratis. Ein løpetur kostar ingenting, heller ikkje sykling eller fjellturar, t.d., og slike turar kan gjerast i lag med andre. Mange av dei organiserte tilboda i Førde er òg rimelege og gode.
Uansett: Det aller viktigaste er at du vel noko som du likar, som du synst det er gøy å drive med! Viss du vil komme inn i varige vanar med trening, så er det heilt nødvendig at du opplever det som ei glede å gjere det (i alle fall etterpå :-)), sjølv om det kan vere hardt mens det står på. For – å halde seg i form er eigentleg ”hardt arbeid”, men nokre former for arbeid er kjekkare å gjere enn andre!
Det kryr av mulegheiter! Lukke til! 
Aktiv ferie i Spania

Spania sitt nesthøgaste fjell, i Sierra Nevada.
I sommar hadde vi årets ferie framfor nokon: Aktiv ferie i Sierra Nevada, Sør Spania. Vi tok fly til Málaga, og hadde leigebil derfrå. Køyrde opp i fjella til den lille byen Capileira, ca 1500 moh. Her låg vi ei veke på hotellet Finca Rural, eit koseleg lite hotell, som absolutt kan anbefalast. Vi køyrde opp til grensa til nasjonalparken, ca. 2400 moh, og gjekk dagsturar inn i fjella. Ein dag var vi opp på Spania sitt nesthøgaste fjell, Mulhacen, 3482 moh. !Fantástico! Når vi kom tilbake til hotellet, kunne vi slappe av ved bassenget, og nyte både sol og eit glas kald pils. !Qué buena vida! Og når ein først er på desse trakter, og har bil, så er det obligatorisk med ein tur til Granada, og besøke La Alhambra! Eit «must»! Turopplegget kan anbefalast på det varmaste!
For den som skulle ha lyst å reise, så er dette adressa til hotellet:
http://www.hotelfincalosllanos.com/
God tur!
To make a good team.
Lokalt nyhende i Sogn og Fjordane
Avisa Firda
Hafstad vidaregåande skule
Hafstad vidaregåande skule i Førde
You must be logged in to post a comment.