Ynskjer du å komme i god «kvardagsform»?

Den berømte dørstokkmila kan vere lang for mange. Ein les i alle magasin om korleis ein skal komme i god form, ein drøymer om ein veltrena kropp, men så blir det ofte med det. Tiltaket er så forbaska stort. Og så er det så mykje anna vi skal ha tid til………

Mange har ein naturleg indre motivasjon for trening, det ligg i blodet på ein måte. Andre har ikkje denne naturlege ”draiven”, og må motiverast.

Du må bestemme deg for at dette VIL eg! Så må du finne ut kva du vil begynne med, og sette av tid til det! Endre på timeplanen din, og endre nokre vanar. Du kan nok få ein del hjelp av ein eller annan som dreg deg med, men å endre på vanane og skape ein indre glød for dette arbeidet – den jobben må du nok gjere sjølv!

Feilen mange gjer, trur eg, er at ein har for høge ambisjonar – det er ikkje måte på kor sprek ein skal bli – veldig fort! Så trener ein veldig ein periode, og går lei, eller har ikkje tid til å halde på slik. Hos mange stoppar det så opp.

Det er viktig å komme inn i ein god treningsvane, ikkje ha for høge ambisjonar, vere fornøgd med 2-3 gongar i veka som ein start. Berre ein gong i veka – er betre enn ingenting! Og for nokre er  jo det 100% auke! Bravo!

Roleg tempo, ”kose deg” – ”dette gjekk jo fint….”     –  Skape ei positiv oppleving av treninga!

Vere tolmodig, ikkje minst,  så kjem forma etter kvart.

Kva skal du så trene?

Er det sterk du har tenkt å blir, eller få godt uthald? Eller kanskje begge deler?

Uansett, – tilboda i Førde er mange. Her er noko for ein kvar smak. Det kjem òg litt an på om du er villeg til å bruke pengar på dette. Å komme i rimeleg god form, kan vere gratis. Ein løpetur kostar ingenting, heller ikkje sykling eller fjellturar, t.d., og slike turar kan gjerast i lag med andre. Mange av dei organiserte tilboda i Førde er òg rimelege og gode.

Uansett: Det aller viktigaste er at du vel noko som du likar, som du synst det er gøy å drive med! Viss du vil komme inn i varige vanar med trening, så er det heilt nødvendig at du opplever det som ei glede å gjere det (i alle fall etterpå :-)), sjølv om det kan vere hardt mens det står på. For – å halde seg i form er eigentleg ”hardt arbeid”, men nokre former for  arbeid er kjekkare å gjere enn andre!

Det kryr av mulegheiter! Lukke til!