Farvel til Liberia og Costa Rica…..

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera :)

Her i det rosa huset har eg budd, (vindauget oppe t.h.), med adr: 75 meter nord for hotel La Riviera 🙂

No står heimreisa for tur! Tida her – 9 veker – har gått fort. Samtidig kjennest det som evigheiter sidan eg kom! Rart at eg no skal heim att!

Her i Costa Rica seier dei berre «Buenas» i staden for «Buenos días» eller «Buenas tardes/noches» (God dag/ettermiddag/kveld). Kanskje er det eit uttrykk for deira avslappa «Pura vida»-haldning? Ikkje veit eg!

Eg har opplevd mykje. Diverre vann eg i uhell-lotteriet og fekk denguefeber, og det er som eit lite «svart hol» i tida her. Ei veke med feber og to veker til å komme meg på…… Tenk at det tok så lang tid før energien og matlysta var tilbake! Men elles har eg hatt det veldig bra!

Byen som eg såg på som ei litt sjokkarta oppleving å komme til, skal eg no reise frå. Litt vemodig, for eg har blitt litt glad i denne byen, og folka her.

Liberia

Liberia

Eg kjem til å sakne dei mange som smiler og helsar på gata, – noko som er høgst uvanleg heime!!!!! Og å sjå alle dei gode klemmane som eg ser dei gir kvarandre, gode vener, når dei møtest. Og måten gutane – både unge og eldre, helser på kvarandre: «Give me five» + fingerknokane mot kvarandre, eller berre fingerknokane! Og alle «Con mucho gusto» – som folk svarar, når du takkar for noko = «med stor glede/fornøyelse (for å bruke eit godt nynorskord….)

Eg kjem til å sakne fuglekvitteret i parken frå kl. 17 til 18. Eit øyredøyvande leven av store mengder svarte fuglar, som samlar seg her ved solnedgang, i trea og på tak og straumleidningar.

Eg kjem òg til å sakne å «berre» vere skuleelev, og kunne rusle til skulen i bedageleg tempo (har øvd meg på å gå seint…Hehe 🙂 ) – i sol og varme. Eit privilegium!

Liberia

Liberia

Og eg kjem til å sakne den fløyelsmjuke varmen om kveldane. Kanskje blir det også rart å ikkje vakne til sollyset og hanegal i 5-tida når eg kjem heim til Norge i desember månad…..

Og – så har eg nesten begynt å synast at denne byen er no i alle fall litt fin…. 🙂

Har til og med vent meg til å dusje og vaske håret i kaldt vatn. Dei aller fleste husstandane her i Costa Rica har ikkje innlagt varmt vatn, og i denne varmen er det fort gjort å venje seg til det. Også har dei berre halvautomatiske vaskemaskiner, med vask i kaldt vatn, men merkeleg nok ser det no ut som det blir  reint…. (Skjønar ikkje kvifor dei ikkje

Liberia

Liberia

satsar på solceller her, men det er vel for dyrt, kanskje.)

Eg kjem ikkje til å sakne dei holete fortaua! Her er ikkje eitt einaste fortau der du kan rusle i eigne tankar – utan å sjå deg føre. Då ligg du der før du får sukk for deg!

Måtte eg komme tilbake til dette vakre landet ein gong! Her er så grønt, og så masse plass! Nesten som i Norge, her bur berre rundt 4 millionar menneske.

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera.....

Ned her, 25 m nord for hotel La Riviera…..

Eg har hatt så mange flotte opplevingar her og flotte turar, men ingen stad kan matche Río Celeste! Den staden kjem eg aldri til å gløyme, berre så vakker! Har prøvd å dele mine opplevingar med alle dokke heime så godt som muleg. Ein del har respondert, og det har betydd mykje for meg!

No er det jobb som ventar, og 5 prøvebunkar….., men også førjulstid. Julebaksten trur eg at vi «kjøper sjølv» – også i år. Der er så mange heimebedrifter som treng også vår støtte, og den skal dei få 🙂

Men først og fremst så skal det jammen bli utruleg godt å komme heim att til mi kjære familie 🙂

Takk for laget – og for turen 🙂

Holete fortau...... :)

Holete fortau…… 🙂

Holete fotau....

Holete fotau….

1.desember – og tenning av julegrana i Liberia :)

Masse folk på Plazaen mellom kyrkja og parken i Liberia.

Masse folk på Plazaen mellom kyrkja og parken i Liberia.

Rart å vere med på seremonien – å tenne julegrana – i 25 graders varme. Stappfullt av folk på Kyrkjeplassen ved parken i Liberia, og julegrana var ikkje gran frå Norge, men kunstig juletre. Dekorert med lys og reklamelogoar for mobiltelefonselskapet Kölbi………. D.v.s. sponsa juletre-seremoni! Ja ja, ein ven seg vel til alt, kanskje?Taler, underhaldning av ulikt slag – mellom anna fin song, akkompagnert av orkester med nisseluer.

Orkester med nisseluer.

Orkester med nisseluer.

Her var det sommarkledde folk, og ungar som åt is – som om det skulle vere

Julegran sponsa av mobilselskapet Kölbi......

Julegran sponsa av mobilselskapet Kölbi……

17.mai heime. Full aktivitet i parken, av underhaldning med klovnar for ungane, eller frie syslar – som skateboard, i paviljongen. Folk kosa seg. Dei som ønska det, kunne kjøpe seg grillmat, eller sukkerspinn, is eller andre søtsaker, om det var det ein hadde lyst på.

Kjekt å oppleve ein annleis 1.søndag i advent 🙂

Full konsentrasjon om isen....

Full konsentrasjon om isen….

Denne 3-åringen sjarmerte meg med sin iver ette å lære å stå på skateboard :)

Denne 3-åringen sjarmerte meg med sin iver ette å lære å stå på skateboard 🙂

Julegrana i dagslys.....

Julegrana i dagslys…..

Lettekledde, både vaksne og barn.

Lettekledde, både vaksne og barn.

Siste helga i Costa Rica: La Fortuna og Volcán Arenal :)

Solnedgang undervegs, før regnet kom

Solnedgang undervegs, før regnet kom

Hadde litt forventningar til denne turen, det skal innrømmast. «Alle» har snakka om at dette er slik ein vakker plass, og «du berre må sjå denne plassen før du reiser». Ja vel, tenkte eg, får ta siste helga der, då 🙂

Drog frå Liberia med shuttlebus – fredag ettermiddag etter skuletid, direktebuss. Herleg å sleppe alle desse stoppa, og turen kunne difor ta «berre» 3,5 timar. La Fortuna ligg litt sør-austover, i provinsen Alajuela, ved innsjøen Arenal, som då har namnet etter vulkanen. Dette er ein kunstig bygd innsjø, bygd for å produsere straum, og den forsyner neste halve befolkninga

Innsjøen Arenal.

Innsjøen Arenal.

her i Costa Rica med straum. Etter vulkanutbrotet i 1968, var det to austvende landsbyar som blei tatt av lavastraumen. La Fortuna låg i vest, og blei ikkje ramma. I den tida heitt landsbyen «El Borio», men etter utbrotet blei den døypt om til La Fortuna, som betyr den heldige…..

Då vi var komt så langt at vi såg innsjøen Arenal, så begynte det å regne………

Stupmørkt når vi kom fram, innlosjerte meg på hotellet Montechiari, ein sjarmerande stad, anbefalt av Sabine, fordi der

Og her i denne "hytta" budde eg.

Og her i denne «hytta» budde eg.

var fullt av kolibri i hagen. Men dei kunne eg ikkje rekne med å få sjå, pga av regnet – som fortsette og fortsette! Fekk ei slik heimekoseleg kjensle når regnet tromma på taket gjennom heile natta………. P1030991

Neste dag – sameleis! Ekte Førdever, med tåka langt nedetter fjellsidene, og silregn, i eitt…… Forskjellen  frå Førde var vel temperaturen. Her slapp vi å fryse i hel, kunne gå med slippers og shorts likevel…..Sjølv om det var litt kaldare her enn i Liberia. Frykta at eg ikkje skulle få sjå vulkanen ein gang 🙂 Men heldigvis, så klarna det opp ein augneblink, slik at eg fekk sikra mine obligatoriske bilete, hehe 🙂

Tur til fossefallet. Julepynta inngang til stien ned.

Tur til fossefallet. Julepynta inngang til stien ned.

P1040004Føremiddagen rusla eg rundt i «byen». Så reiste eg for å sjå fossefallet. Eg er jo van med fossar frå Norge, så det skal litt til for å imponere meg. Og den «lange» turen ned til fossen, var unnagjort på 10 min, og et same oppatt. Men fossen var fin, den, 70 meter fall, og til og med to fossar – pga av regnet. Fekk dobbelt for pengane, ikkje verst, hehe!

P1040010

På ettermiddagen var det Hiking – for å sjå vulkanen Arenal, som er ein av verdas 10 mest aktive. Vi var ei gruppe – med unge par – og så meg då…. 🙂 Utruleg heldige med veret var vi – det var opplett dei to timane vi var ute og gjekk! Begynte å regne med ein gang vi var ferdig. Diverre var det skodde på toppen, men vi fekk ei fin vandring på stiar som lavastraumen hadde laga, og vi såg digre steinar som var blitt kasta ut under utbrotet, det siste i 1992.P1040018

Deretter var det Tabacón «hot springs». Dette er eit anlegg laga til for bading i den naturleg oppvarma elva – med varme frå Arenal. Fantastisk flott laga til, med mange mulegheiter, små og store «basseng» i elva, og fossar, som gav god  massasje 🙂 Til slutt middag i restauranten på same stad. (Fekk ikkje teke bilete pga av mørket (men eg legg ved eitt frå Google.)

Flott oppleving!

I dag, 1. søndag i advent, heimreise 8.30. Silregn fortsatt. Då vi nærma oss Liberia, møtte vi blå himmel og sol!

Det var jammen godt å komme «heim att» 🙂

Cafe con leche på "my coffee" i La Fortuna :)

Cafe con leche på «my coffee» i La Fortuna 🙂

Så klarna det opp :)

Så klarna det opp 🙂

P1040038P1040047

Tre som blei øydelagt under siste utbrot, 1992.

Tre som blei øydelagt under siste utbrot, 1992.

P1040050

Lava-straumen laga stiar....

Lava-straumen laga stiar….

Utsikt over innsjøen.

Utsikt over innsjøen.

P1040071

P1040078

 

 

P1040076

Digre steinar som var kasta ut ved utbrotet.

Digre steinar som var kasta ut ved utbrotet.

Å vere student hos lærar Donald :)

1:1-undervisning med lærar Donald :) 1:1-undervisning med lærar Donald 🙂

 

 

Herleg å vere på skulebenken igjen! Eg elskar det!

Eg har 15 timar i veka, 3 timar kvar dag, med lærar Donald. Det er «aktive» timar, 1:1-undervisning, og det er lite pusterom. Donald er flink, og han varierer undervisinga si, slik at tida går veldig fort. Eg snakkar masse, må førebu tema, og vi trekker uførebudde tema, eller spørsmål eg må svare på, eg ser video – og må forstå innhaldet, eg ser film – og må forstå innhaldet, vi spelar spel, øver vokabular, osv……

Eg blir drilla i bruk av dei ulike verbtidene i munnleg tale, og bruk av konjunktiv i ulike tider. I all hovudsak er det desse grammatiske momenta som har fokus. Det går reint i ball innimellom, merkeleg kor mykje lettare det er når ein kan skrive det i staden for – mens ein rekk å tenkje. Å snakke – då skal det skje fort, og tenkjeevna forsvinn litt i «stressfaktoren» som kjem inn når du skal uttrykke deg – medan læraren ventar på svaret ditt 🙂  Men vi får håpe og tru at uttrykket «øving gjer meister» også gjeld her…..

Stort sett begynner eg kl. 11 om dagane, men mot slutten av denne veka skal eg starte kl. 8. Då sluttar den eleven som har hatt undervisning frå morgonen av, og eg får overta den tida, heldigvis. Når eg er ferdig kl. 11, eller 12, kan eg få mykje anna ut av dagen også, og det likar eg.

Eg har ein spasertur på 20 minutt for å komme til skulen, det passar meg fint! Akkurat som distansen frå Liavegen til Hafstad vgs. Men her slepp eg å skli på isete veg – ned bakken ved Førde hotell, t.d.

Veldig greitt slik…..

Så har eg endeleg fått sett frie krokodiller :)

Krokodiller i elva Tempisque.

Krokodiller i elva Tempisque.

Då har eg altså endeleg fått sett krokodiller  som lever i fridom – i elva Río Tempisque i Parque Nacional Palo Verde, Costa Rica! Det var kjempespennande og ei stor oppleving for meg! Berre 1 meter frå meg, stirra meg inn i auga – kjendest det ut som……. Utrulege dyr, og det dyret som – saman med hai – tek livet av flest menneske…………. (Skrekk og gru!)

Eg har altså vore på tur igjen. Leigde «Offi» som sjåfør og guide også denne gangen, lett å ty til dei ein kjenner. På vegen til Palo Verde, stoppa vi og såg på brøleapar, to familiar som budde på same staden. Artig å sjå dei på så nært hald.

Elvebåt på Tempisque.

Elvebåt på Tempisque.

Vi blei med ein elvebåt på elva Tempisque inne i nasjonalparken, og vi fekk sjå ulike dyr. Mellom anna utruleg flotte og fascinerande iguanar. Fleire digre hannar, som var i paringsmodus og «brusa» seg for hoa. Hannane skiftar farge frå oransje til grå i denne tida, hoa er grøn.

Iguan-hann, i ferd med å bli grå.

Iguan-hann, i ferd med å bli grå.

Han og ho.

Han og ho.

Vidare såg vi diverse fuglar. 300 ulike artar finst det her, vi såg berre nokre, sjølvsagt. M.a. white heron.

White heron.

White heron.

Hadde også stor underhaldning av kvitansiktsapane. Dei var så  sjarmerande, hoppa om bord i båten, og klatra opp på hauet til folk. Dei bevegde seg med stor smidigheit og spenst, og halen brukte dei som sikring, viss dei var redde for å falle i elva – til krokodillene….

Kvitansiktsape.

Kvitansiktsape.

 

P1030856

 

 

 

 

 

 

Uventa lunsj hos gjestfrie costaricensarar.

Uventa lunsj hos gjestfrie costaricensarar.

På vegen tilbake, var vi innom søskenbarnet til «Offi», Roberto, og rause som dei er, costaricensarane, blei vi invitert på lunsj! Roberto eigde ein diger gard, og var begynt med bøffeldrift. Planen var å starte med riding på bøffel, for turistar. Sjølve bøffeldrifta var leda av Carlo. Han var frå Guatemala, hadde jobba med bøffel i over 20 år, og var tilsett på den farmen der Roberto kjøpte kveg i Guatemala. Han blei hyra av Roberto til jobb i Costa Rica – for å bygge opp drifta på denne garden. Kone og to barn var att i Guatemala, og no jobba han med å ordne alle papir, for å kunne få familien sin også hit. Planen var å bygge hus når opplegget med turistane var i gang. No gledde han seg til ein månad fri i samband med jula, til å reise til familien. Han var ein kunnskapsrik og svært positiv person, og svært glad i dyr.

Carlos var godt kjend med bøflane, desse er drektige hoer.

Carlos var godt kjend med bøflane, desse er drektige hoer.

Vi blei med han for å sjå på bøflane, og på vegen fekk vi sjå papegøye – rød macaw (bilete frå google). Den var diger, og flott og fargerik. Hoa låg på egga i reiret, inne i ein trestamme. Ho var den einaste eg klarte å zoome inn, hannen stakk av! Carlos fortalde at han passa på dette paret, for at folk ikkje skulle kunne stele – for å selje – ungane når dei kom ut.

Nok ein fantastisk tur og dag i Costa Rica 🙂

 

Rød macaw-papegøye passar reiret.

Rød macaw-papegøye passar reiret.

http://pixabay.com/no/r%C3%B8d-macaw-papeg%C3%B8ye-tropiske-fugler-58462/

Rød macaw-papegøye

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleaper.

Brøleape.

Brøleape.

Store krefter! Opp og ta ein kjøtbit.

Store krefter! Opp og ta ein kjøtbit.

1 meter unna.......

1 meter unna…….

Elva Tempisque.

Elva Tempisque.

P1030907

P1030878

Siste dag og kveld med Sabine.

Sabine lagar tiramisu, og Hellen assisterer.

Sabine lagar tiramisu, og Hellen assisterer.

I morgon reiser Sabine frå det rosa huset, der Hellen og Ashley (og eg) bur, adresse: 75 meter mot nord, hotell Riviera.

Sabine, frå Holland, har vore volontør i 3 månader her i Liberia, og i morgon går turen «on the road again» – med backpack vidare rundt i Costa Rica – først austover til det Karibiske hav, deretter til Panamá, før heimreise rett før jul. Eg har hatt gleda av å bu vegg i vegg, og vi har hatt mange fine turar i lag. Ei strålande frisk jente, som har evna til å spreie glede rundt seg 🙂

Deileg lasagne med salat og rødvin :)

Deileg lasagne med salat og rødvin 🙂

I kveld har Sabine laga avskjedsmiddag –lasagne m/ grøn salat og tiramisu til dessert. Den nytte vi i lag alle,  Hellen, Sabine og eg, med nydeleg Riojavin til.

Smakte fortreffeleg 🙂

Sabine.

Sabine.

Hellen og Ashley :)

Hellen og Ashley 🙂

Sabine og eg.

Sabine og eg.

Playa Hermosa = vakker strand.

Playa Hermosa - i regnbyge :)

Playa Hermosa – i regnbyge 🙂

Playa Hermosa ligg på Stiillehavskysten, litt nord for Playa El Coco. Søndagen tok eg her, i lag med Sabine. 1 time med buss er greitt 🙂 Eg var solhungrig, blir ikkje mykje sol dei vanlege dagane.

Liberia ligg 1 time m/buss frå kysten. Vi kan rett nok gå til bassenget på Best Westernhotellet i byen, men då må ein ha litt meir tid enn berre ein time, eller to. Når eg er ferdig på skulen, kl. 14 – 15, så er det ikkje mykje att av dagen, når det begynner å mørkne kl. 17.
Men neste veke blir det «betre» – då får eg begynne på skulen kl. 8, ferdig kl. 11, og eg kan rusle til bassenget etter lunsj – 20 minutt å gå.
Det blir bra!
 
Sola begynner å farge himmelen, vakre skyer.

Sola begynner å farge himmelen, vakre skyer.

På Playa Hermosa nytte vi dagen i fulle drag. Rett nok hadde vi ei kraftig regnbyge midt på dagen, men det klarna oppatt (- slik vi ikkje er vane med at det gjer heime!) og vi var på stranda til vi aldeles mørkna ute. Men vi fekk med oss ein flott solnedgang 🙂
Så var det bussen heim att, og vi tok like godt middagen på PizzaHut 🙂
Det smakte utruleg godt med pizza!
 
 
Der er Venus, altså!

Der er Venus, altså!

P1030745
 

Ein liten 2-dagars tur til Nicaragua :)

Tydeleg større fattigdom etter passering av grensa til Nicaragua.

Tydeleg større fattigdom etter passering av grensa til Nicaragua.

Eg gleda meg verkeleg til å reise ein tur til nabolandet Nicaragua. Har vore litt nysgjerrig på korleis det var der. Bestilte ein tur med eit reiseselskap, som reiser dit kvar dag. Passa meg verkeleg perfekt – berre å vere med på eit ordna opplegg, og sleppe å anstrenge meg! Eg hadde valt å vere natta over i Granada, slik at eg kunne sjå litt meir av byen på eiga hand, og bli plukka opp av same selskapet neste dag.

Turen starta i 6-tida fredag morgon, med frukost på Toro Negro her i Liberia. Så bar det av garde på «Panamerican Highway» – som går heilt til Alaska. Så var det sirkuset å passere grensa. Godt vi hadde kjentfolk med, for utan dei hadde det vore vanskeleg å orientere seg i denne «ingenmannslandet» mellom Nicaragua og Costa Rica.

Nicaragua-sjøen er stor som eit hav.

Nicaragua-sjøen er stor som eit hav.

Kontrasten var stor umiddelbart etter grensa. Stor fattigdom var tydeleg.

Første stopp på vegen var Volcán Apoyo, som ikkje er aktiv, og der det no er ein innsjø – Laguna de Apoyo, ved byen Santa Catarina. Det var veldig vakkert der. Vidare var vi innom ein enorm marknad – Masaya, som held til inne i ein stor gammal, flott bygning. Veldig spennande å rusle rundt her, og prøve å finne nokre fornuftige gåver å ha med seg heim 🙂

Masse vindmøller undervegs.

Masse vindmøller undervegs.

Her var det ei familie som selde ferskt svinekjøt undervegs - i varmen.......

Her var det ei familie som selde ferskt svinekjøt undervegs – i varmen…….

På toppen over laguna til volcan Apoyo.

På toppen over laguna til volcan Apoyo.

Og skulle det vere ein skulptur av noko slag?

Og skulle det vere ein skulptur av noko slag?

Vidare drog vi inn i Parque Nacional del Volcán Masaya. Ca 2000 moh. Denne vulkanen er aktiv, hadde sitt siste utbrot i 1772, då eit enormt område blei dekka av lava. Det er forbode å vere på toppen meir enn 10 minutt, pga av gassane der, og – kor tid kjem neste utbrot? Området rundt var heilt spesielt, med berre gras som vaks der, og det var utruleg spennande og stå og kikke ned i krateret, og sjå røyken komme opp.

Volcan Masaya, siste utbrot 1772.

Volcan Masaya, siste utbrot 1772.

På veg til toppen, tydeleg med eit kors.

På veg til toppen, tydeleg med eit kors.

Fra krateret.

Fra krateret.

Spennande med vulkanar.... :)

Spennande med vulkanar…. 🙂

P1030570Deretter var det Granada by. Spanjolane tok med seg over namna på spanske byar, og dette er då søsterbyen til Granada i Spania. Her var det lunsj, før eg forlét gruppa og fann mitt hotell – Alhambra, også det eit namn som vi kjenner frå Granada i Spania. Midt på plaza´en i sentrum budde eg, det var perfekt.

Å få seg kaffi, var ikkje lett.....

Å få seg kaffi, var ikkje lett…..

Sette meg på plaza´en for å ta meg ein kopp «café con leche» – trudde det skulle vere enkelt. Men nei! Mjølk hadde dei ikkje, heller ikkje fløyte, så eg måtte ta den «negro» – svart kaffi, ½ $ / kr. 3,-, og det var greitt. Men det var omtrent som såpevatn, og teskeia var ei suppeskei. Eit synleg teikn på at her måtte dei klare seg med det dei hadde.

Her var òg tiggarar som følgde etter meg. Men folk verka vennlege.

Dagen etter tok eg hestedrosje rundt i gamledelen av Granada, det var artig. Etterpå gjekk eg opp i tårnet på kyrkja «La Merced», for å nyte utsikta over byen. Synst Granada var ein koseleg by, med smale gater, og hus i kolonistil, bygd rundt ein eigen plaza / hage inne i garden. Også den flotte plaza´en i sentrum var noko spanjolane «tok med seg».

Hestedrosjer var vanleg, og ei viktig næring.

Hestedrosjer var vanleg, og ei viktig næring.

Plazaen i sentrum av Granada.

Plazaen i sentrum av Granada.

Klar for tur i Gamlebyen.

Klar for tur i Gamlebyen.

Ein av dei eldste bygningane i byen, som ikkje gjekk med under ein brann, der mange gamle bygningar blei øydelagt.

Ein av dei eldste bygningane i byen, som ikkje gjekk med under ein brann, der mange gamle bygningar blei øydelagt.

Denne muren blei bygd for å skilje dei innfødde frå spanjolane....

Denne muren blei bygd for å skilje dei innfødde frå spanjolane….

Det gamle sjukehuset, som no skal restaurerast og byggast opp att i same stil.

Det gamle sjukehuset, som no skal restaurerast og byggast opp att i same stil.

Gutar som jobbar på ein hengekøye-fabrikk.

Gutar som jobbar på ein hengekøye-fabrikk.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced, mot den nye kyrkja på plaza-en.

Utsikt frå tårnet i kyrkja Merced, mot den nye kyrkja på plaza-en.

Avslutninga på turen var ein båttur på Nicaragua-innsjøen. Her er det mange små øyer, og her er det berre rikfolk som bur! Truleg har dei berre fått kjøpe opp desse øyane! Kvalmt! Her ver det eine huset finare enn hitt, og kontrasten var stor då vi kom tilbake og såg husa der vanlege folk budde!

Glimt frå båtturen rundt dei mange øyane i Nicaraguasjøen.

Glimt frå båtturen rundt dei mange øyane i Nicaraguasjøen.

Og her er dte berre rikingar som bur!

Og her er dte berre rikingar som bur!

Ikkje fullt så høg standard her.

Ikkje fullt så høg standard her.

I Nicaragua er det no planar om å bygge ein kanal, lik Panama-kanalen. Planane var der på starten av 1900-talet, men USA sette ein stoppar for dei planane den gangen, fordi dei hadde økonomiske interesser i Panamakanalen. Det kostar mykje for eit skip å passere her, og kinesarane har vunne rettigheitene til å bygge ein ny kanal i Nicaragua, og drive den i 50 år. Miljøvernarane er i harnisk, i flg media, fordi kanalen er planlagt lagt gjennom Nicaraguasjøen, og vil true dyre- og fuglelivet der. Så spørst det om det er pengemakta eller andre som skal få råde. Men tydelegvis, og i flg guiden vår, så skapar dette ny optimisme, og kanskje til auka velferd for folket i Nicaragua?

Juletreet i all sin prakt på grensa mellom Nicaragua og Costa Rica.

Juletreet i all sin prakt på grensa mellom Nicaragua og Costa Rica.

Eg er glad eg har fått sett ein liten del av Nicaragua – og fått nokre minne med meg derfrå.

Jul – og juleførebuingar i slippers og 30 grader :)

Her er det ikkje ekte gran :)

Her er det ikkje ekte gran 🙂

Også her i Costa Rica startar juleførebuingane tidleg i november. Heime har vel dette vore eit «akk og ve» – kor tidleg skal dei no begynne å pynte i butikkane……..?

Eg for min del – likar godt å pynte tidleg til jul heime! Det er før jul det er stas med eit julepynta hus, synst eg.  Kose seg med lys og forventning til jula, at ungane kjem heim, rolege dagar. Når jobben startar igjen i januar, for mitt vedkommande, så er det definitivt slutt på jula, og eg kan ikkje få rydda den vekk fort nok 🙂 Då er kvardagen i gang att!

Ja, vi er forskjellige……….. P1030495

Når eg går her og ruslar i gatene i Liberia, så minner denne byen meg litt om Førde, faktisk, i den forstand at det er stort sett handel som føregår, og som er å finne på……. Og her er allereie butikkvindauga fulle av meir eller mindre «jalla» julepynt, og det verkar rart – her eg går og sveittar i slippers i 30 graders varme, og sjå reinsdyr og julenissar også her 🙂

P1030496

P1030501

Alt slags...... i skjønn forening....

Alt slags…… i skjønn forening….

Laurdagen i Parque Nacional Rincón de la Vieja.

Vulkanen Rincon de la Vieja.

Vulkanen Rincón de la Vieja.

Eit merkeleg namn på ein nasjonalpark, det betyr eigentleg «Nasjonalparken den gamles hjørne/hyggeleg krok»…… og det er vulkanen «Rincón de la Vieja» som altså gir namn til parken. Costa Rica har mange vulkanar, meir eller mindre aktive, og denne vulkanen var aktiv sist gang i 1998.

Når eg er ute og reiser åleine, så må eg av og til klare meg på eiga hand.  Mitt tidlegare reiseselskap hadde andre planar for helga, og eg tenkte at – når eg no er pr. definisjon frisk att, så måtte eg på tur igjen i dette vakre landet. Så eg gjorde avtale for laurdagen med «Offi» – transport + guiding i parken – frå kl. 7 til 16. Bra å kunne støtte opp om det lokale næringslivet her, guidane har hatt magre tider no det er vinter.

Lille meg viser dimesnjonane, eit slikt "matapalos"-tre.

Lille meg viser dimensjonane, eit slikt «matapalos»-tre.

Offi er sjølvlært dyrekjennar, dette er hans favorittpark, og han veit kva han skal sjå etter. Men denne dagen var det masse folk i parken, – reine folkevandringa, som han sa, og mange som skravla høgt, så dyra tok «beina fatt»….… og det var lite å sjå av dei, diverre. Men mange flotte synsinntrykk sit eg att med. Dei mange spora etter vulkansk aktivitet gjorde det til ei heilt spesiell vandring. Eg har alltid vore fascinert av vulkanar, og dette «urgamle» gjorde det veldig spennande å gå her. I tillegg blir eg så begeistra over alle dei fantastiske trea i desse tropiske fuktige (nesten regn-) skogane. Nokre er heilt enorme, såkalla «matapalos» – og er tre som «drep» vertstreet ved å vekse ovanfrå og nedover.P1030384

Fantastiske røter (som eigentleg er "toppen".

Fantastiske røter (som eigentleg er «toppen».

Eg åt lunsj på eit koseleg hotell – på veg til siste etappe av turen: Rio negro. Her hadde dei laga til ulike basseng i elva, med ulike temperaturar, der vatnet var varma opp av vulkansk varme, og der ein kan bade og smørje seg inn med «Spa»-leire, og riktig nyte ei avslappande og velgjerande økt i elva. Det var berre prikken over i`en!

Fantastisk artig!

Vulkansk aktivitet.

Vulkansk aktivitet.

Vulkansk aktivitet, ca 120 grader.

Vulkansk aktivitet, ca 120 grader.

Putre, putre....

Putre, putre….

P1030441

Ein del var lys, resten gul.

Ein del var lys, resten gul.

Ein vulkansk innsjø.

Ein vulkansk innsjø.

Edderkopp.

Edderkopp.

Grøn-blå iguanbaby :)

Grøn-blå iguanbaby 🙂

P1030436

Lunsj her :)

Lunsj her 🙂

Rio negro. Litt av ein prestasjon for meg å gå over her :)

Rio negro. Litt av ein prestasjon for meg å gå over her 🙂

Gjørme-kledd :)

Gjørme-kledd 🙂

P1030482

Flott laga til med ulike basseng.

Flott laga til med ulike basseng.

Sett ovanfrå :)

Sett ovanfrå 🙂