Santiponce – Guillena

Dag 2, etappe2.

Slow start, må venje kroppen og – ikkje minst – knea mine til å tåle at eg går med sekk, og altså plutseleg har «lagt på meg» over 10 kg.

Kryssar fingrane for at dei ven seg til det🤞🏻

Flott vandring i dag, på sjølvaste nasjonaldagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Har gjort mi plikt og sunge «Ja, vi elsker» fleire gangar der eg har vandra på grusveg gjennom område med store solsikke- og kornåkrar. Mange syklistar har dradd forbi, alle ønskjer «Buen camino», det er ein veldig hyggeleg gest🙏🏻 No ankomme Albergue Luz, og fått meg ei seng for natta, i eit dormirorio for damer (som eg hadde åleine, sidan eg var einaste dama der). Verten på herberget, Peter, er tysk, og ein sprek 83-åring! Utruleg hyggeleg og full av energi😊 Anbefalar!

Her er til og med frukost inkl i prisen av 14€👍🏻

Eksamen i kroppsøving…..

Her i Costa Rica har elevane eksamen i alle fag på kvart trinn. Dei må bestå eksamen for å bli flytta opp til neste trinn. Viss dei stryk første gangen, så får dei ein ny sjanse i februar. Slik også i kroppsøving. På ein av dei skulane eg ha vore, så hadde eksamenen ein verdi på 30 %. I tillegg får dei praktiske oppgåver, som å lage noko sportsrelatert i t.d. plastilina. Dette har verdi 10 %. Dei resterande prosentane er deltaking i timane.

Eksamen var som følgjer – på 6.klassetrinn:

Tøyingsøvingar.

Tøyingsøvingar.

1. 1 minutt med tøyeøvingar + 1 min med rask løping på staden.

2. 1 minutt med hopp på staden +10 situps

3. 1 minutt med jogging på staden +10 pushups

4. 1 minutt med fri rørsle, som dei bestemmer sjølve.

Tidsramma varierer litt –  alt etter nivå/trinn.

Jogging på staden...

Jogging på staden…

Situps.

Situps.

Pushups.

Pushups.

Fri rørsle.

Fri rørsle.

4 og 4 hadde eksamen i «slengen», og dei andre må sitte og sjå på, også dei som er ferdige.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står "kroppsøving" - og så namnet på skulen.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står «kroppsøving» – og så namnet på skulen.

Det er lett å sjå kva elevar som skal ha kroppsøving kvar dag, for dei har spesiell T-skjorte der det står «Educación física» (= kroppsøving) bakpå. Viss dei ikkje har på seg kroppsøvingsuniforma, så fekk dei ikkje ta eksamenen.

Kvaliteten på gjennomføringa var no så som så, og dei fleste jentene var mest opptekne av håret sitt……. Eg spurte nokre om det var lett, og det synst dei. Så det er tydelegvis ikkje noko avskrekkande, og dei er vane med at slik er det…..

Eg må seie at eg er veldig fornøgd med at ungane i Norge får leike bekymringslaust – utan tanke på karakterar i kroppsøving – før dei startar på Ungdomsskulen. Og at vi ikkje har eit system der dei må kvalifisere seg for å komme opp på neste nivå, og risikere å måtte gå eit år om att.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Glade gutar som er fredig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

Glade gutar som er ferdig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

Vennlege og flotte skuleungar :)

Velkommen!

Velkommen!

Eg sluttar ikkje å la meg imponere over skuleungane her i Liberia. Eg blir så imponert over deira tålmod, deira rausheit, deira varme og vennlegheit.

Denne veka er eg – 4 dagar – på Escuela Ascension Esquivel Ibarra, 5 min å gå frå der eg bur. Her er skulen bygd med ein plass i midten, som ein spansk «patio» – der all kroppsøving skjer (utan tak – i sol (les: 30 – 40 grader) og regn….) – og all aktivitet i friminutta. Her er det eit yrande liv i friminutta, der er ikkje øyrens lyd! Og fleire aktivitetar skjer på same tid og same plass – fotball og basketball, og mange «kampar» og mange ballar. Og ingen lar seg affisere av at dei blir forstyrra av andre «kampar». Eg blir

Friminutt.
Friminutt.

så fascinert av å sjå på! Og det er ikkje krav om flotte ballar! Her spelar dei fotball med plastballar, og ballar utan luft. Berre det kan sparkast, så er det ikkje så nøye! Dei har det moro lell. Og skuleplassen er av betong! (Har ikkje høyrt noko om beinhinnebetennelse her…….. 🙂

Full aktivitet, og fleire kampar samtidig.....
Full aktivitet, og fleire kampar samtidig…..

Og er der nokon som hoppar tau, t.d. og andre går i vegen, så ventar dei tålmodig til dei har gått vekk.

Populær plass i skyggen under treet.
Populær plass i skyggen under treet.

Viktig inventar i skulegarden!

Viktig inventar i skulegarden!

I dag, torsdag, har eg vore på Escuela John F. Kennedy, grunnlagd 1962, sikkert ei gåve frå USA. Også her skjer det same – fleire aktivitetar samtidig, men her er ungane litt heldigare stillt – kroppsøvingsplassen er under tak! Ein spesiell episode i dag, illustrerer deira vennlegheit og omsorg: Eg spelte basket med ein gjeng, og parallelt er der ein fotballkamp med forholdsvis små ungar. Ei av jentene som spelte basket, fekk ein susar ev ein ball i ansiktet/auget, og eg følgde henne på toalettet for å ha på «kaldt» vatn. Ho kvikna fort til att, og då vi kom ut frå toalettet, stod ein liten gut der og så «Perdoname»! Han bad om unnskyldning, og ingen hadde bedd han om det, det var berre heilt naturleg for han å gjere det! Eg måtte jo berre skryte av han, og seie kor bra det var at han sa unnskyld. Og når nokon scorar i kamp – eller nesten scorar – så er det «da me cinco» (give me five) med spelarane på laget med ein gong, og full jubel for «helten».

Merengue-øving.

Merengue-øving.

I Kantina observerte eg òg ein tilsett på kjøkkenet/bak serveringsdisken som mista eit lokk i golvet. Og då var det ein gut i «mi» gruppe som berre sprang bort og tok opp lokket til henne. Heilt naturleg! Og eg står der og lurer på om dette hadde skjedd i Norge?

Har i dag også vore innom ein dansetime, trur det

Både store og små var med.
Både store og små var med.

Merengue-øving.

Merengue-øving.

var «merengue» dei skulle øve inn. Ein stor gut/elev var instruktør. Ingen av dansarane  blei flaue over at der var andre som såg på dei, verka som dei berre synst det var stas. Og ingen gutar som var flaue for å danse!

Utruleg artig å sjå kor frie og upåverka dei er.

Til slutt eit par bilete med  basket-elskande Isabela, som spelte på mini-basketlag, og hennar store lidenskap var basket. Ho sa til meg: «A mi familia yo digo que naci para el baloncesto» (Til familien min seier eg at eg blei født til å spele basket 🙂 Ho var verkeleg flink!

Isabela er ho bak som er høgast.

Isabela er ho bak

som er høgast.

Isabela og tvillingbroren hennar :)

Isabela og tvillingbroren hennar 🙂

Neste stopp: Costa Rica

http://www.projects-abroad.no/_photos/_global/photo-galleries/en-uk/costa-rica/_global/large/stretching-on-sports-project.jpg

Sports-prosjekt

2 månader i Costa Rica står for døra:) Nærare bestemt reiser eg til Liberia, i den  nord-vestlege delen av landet. Her skal eg delta i eit prosjekt, knytta til Project abroad.

Project abroad – Costa Rica

Eg skal arbeide som «volontør» – og jobben min blir – første månaden – å vere «gymlærar» på ein barneskule på 700 elevar mellom 6 og 13 år. Deretter blir det ein månad på skulebenken, det skal berre bli herleg å få vere elev igjen!

Bonusen for meg – i tillegg til mange opplevingar, vil vere å få skikkeleg dreisen på spansken.

Torsdag 3.oktober set eg meg på flyet vestover 🙂 GLER MEG!

Kva tek ein med i sekken når ein skal ut på pilgrimsvandring?

Leon – Santiago de Compostela,

2 siste vekene i juli, 2011.

Eg brukte lang tid til å førebu pakking av sekken til turen.

Målet var å få så lett sekk som mogeleg, helst rundt 7 kg…..Var det muleg….?  Difor prioriterte eg å bruke litt pengar på ein god, solid og lett sekk og sovepose.

Eg kjøpte ein sekk av typen

  • Arcteryx Women’s Axios. Den var eg kjempefornøgd med!
  • I tillegg kjøpte eg den lettaste soveposen eg fann – ein dunpose, ca. 600gr.
  • Lakenpose i silke, nesten vektlaus, og god å ha når det var varmare netter, oSekken vart ein god "ven" etter kvart:-)g det blei for varmt med soveposen.
  • Sko: Kva sko skulle eg velje, det var vanskeleg! Skulle eg ta mine vanlege løpe-joggesko og sandalar, eller skulle eg ta mine Gore-Tex fjelljoggesko og sandalar? Eg testa det ut på lengre turar før eg reiste nedover, og valde til slutt mine gode løpe-joggesko. Men – skulle eg ha gått på ei anna tid, hadde kanskje vasstette joggesko vore lurt! Men – i alle fall er det lurt at dei er «inngått» før turen!
  • Sandalar: her «landa» eg på Keen-sandalar, fantastisk gode å gå i, og lette.

Eg var svært fornøgd med vala eg gjorde av sko, og kunne variere mellom desse to para. Hadde berre eit par gnagsår i løpet av 14 dagar.

I tillegg hadde eg med eit par gode støytdempande slippersar til å bruke om kveldane – når såre føter trengde å kvile, og ingenting måtte presse på ev. gnagsår.

Klede:

  • Fleecegensar, ikkje av den tjukke, tunge sorten, men ein lett sportsfleece, gjerne med slike armar som kan trekkast ned over hendene, og der det er mulegheit for litt høg hals.
  • Tynn ulltrøye med lang arm.
  • Ytterjakke tok eg ikkje med. Men dersom eg skulle gå på nytt, ville eg ha teke med ein superlett/supertynn ytterjakke, for det kan blåse temmeleg friskt på fjellet i grytidlege morgontimar.
  • Regnjakke – tok eg ikkje med. Og dette treng ein ikkje – etter mi meining. I staden for hadde eg med ein 2-3 slike tynne regncapar som ein kan kjøpe på sportsforretning, tek lite plass, og veg lite.

Eg kjøpte regntrekk til sekken, men det angra eg på at eg tok med. Det brukte eg ikkje, for regncapen dekka sekken ved regn.

  • 1 stk lett, romsleg, behageleg shorts med lommar – til å gå i, lett å vaske, tørkar fort.
  • T-skjorter: 2 til å gå i, av den lette sports-sorten som er lette å vaske, og som tørkar fort. 2 stk til å ha om kveldane, etter framkomst.
  • Eit skjørt + lett sommarkjole, var gode plagg etter endt gange om dagane.
  • Lang bukse (superlett) hadde eg med, slik eg kunne ta av beina på. Denne brukte eg berre ein kveld……
  • Labbar: 2-3 par gode, litt mjuke hurtigtørkande sportslabbar, og 2 par tynne – som transporterer lett sveitte. Dei tynne kan brukast innerst, viss ein har 2 par i skoa.
  • Undertøy, truser, BH, soltopp……
  • Nattkjole i silke (lett og varmande/kjølande).

Toalettsaker:

  • 2stk handklede, slike lette av microfiber. Lurt å ha eitt av desse litt større.
  • Toalettveske – i gjennomsiktig plast! Det gir god oversikt over innhaldet – krem, deo, shampo, såpe, kam, tannbørste/-krem, personleg medisin,……
  • Gnagsårplaster, diverse saker her…
  • Solkrem, sollipsyl…
  • Lita saks/liten kniv kan vere lurt.

Andre ting:

  • Solbriller.
  • Kamera: Her kjem ein langt med mobil-kamera!
  • Skrivesaker, ei lita bok å skrive daglege notatar.
  • Ei god bok (lett).
  • Lita lykt / leselys – til kveldsbruk – når andre vil ha det mørkt på sovesalen…..
  • Klesvaskemiddel. (Sveitte, illeluktande klede på sovesalen er ei lite hyggeleg oppleving!)
  • Ei lita lett veske – til kveldsbruk…..
  • «Lomme» til pass, pengar, kort og pilgrimspass.
  • Reiseguide-bok – med oversikt over rutene.

Sminkesakene let eg ligge att heime. Eg måtte gå nokre runder med meg sjølv på dette, men kom til at – her kjende ingen meg, og eg skulle klare meg utan dette…… Eg sparte ein del gram på det.

Elles er det massevis av apotek langs vegen, og dei som arbeider der, er ekspertar på gnagsår!

Når eg starta dagens vandring, og hadde med meg ca ein liter vatn, så vog nok sekken mellom 8 og 9kg. Tyngre enn det bør sekken ikkje vere! Etter kvart blei sekken ein god ven, og eg merka den nesten ikkje!

Anbefalast!

GOD TUR!