Aktiv ferie i Spania

Mulhacen, 3482moh

Spania sitt nesthøgaste fjell, i Sierra Nevada.

I sommar hadde vi årets ferie framfor nokon: Aktiv ferie i Sierra Nevada, Sør Spania.  Vi tok fly til Málaga, og hadde leigebil derfrå. Køyrde opp i fjella til den lille byen Capileira, ca 1500 moh. Her låg vi ei veke på hotellet Finca Rural, eit koseleg lite hotell, som absolutt kan anbefalast. Vi køyrde opp til grensa til nasjonalparken, ca. 2400 moh, og gjekk dagsturar inn i  fjella. Ein dag var vi opp på Spania sitt nesthøgaste fjell, Mulhacen, 3482 moh.   !Fantástico!  Når vi kom tilbake til hotellet, kunne vi slappe av ved bassenget, og nyte både sol og eit glas kald pils. !Qué buena vida! Og når ein først er på desse trakter, og har bil, så er det obligatorisk med ein tur til Granada, og besøke La Alhambra! Eit «must»! Turopplegget kan anbefalast på det varmaste!

For den som skulle ha lyst å reise, så er dette adressa til hotellet:

http://www.hotelfincalosllanos.com/

God tur!