Blomar på min veg, frå Sevilla til Santiago de Compostela.

“Å reise er å leve”, sa diktaren H.C.Andersen. For meg er det også slik. Ei planlagt reise står som ei lysande stjerne på himmelen, noko som eg kan glede meg til.

Same diktaren sa også dette:

“Leve

Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha”.

Eg har alltid vore svak for blomar, spesielt dei ville. Og eg greidde jo ikkje gå forbi alle dei vakre bukettane langs vegen, utan å prøve å forevige dei.

Sidan eg gjekk i mai-juni, var det framleis ein del blomstrar, og regnet undervegs bidrog til lengre liv for dei.

Her er eit utval…..

Muxía og Finisterre (verdens ende)

Måndag 3.juli.

Heldige er vi som hadde ein lokalkjend galiser på laget vårt. Vi leigde bil, og brukte den ekstra dagen i Santiago til å besøke Muxía og Finisterre.

Dette er plassar der mange pilgrimar vel å gå vidare til etter Santiago. Dei brukar oftast 3 dagar på den turen. Vi “juksa” og køyrde bil, etter mi meining heilt greitt. Det er jo berre eit tillegg til sjølve Caminoen. 😅

Så skjedde altså det utrulege! På vegen, like før Muxía, ser vi Isabella gå! Lett å kjenne på si blå jakke. Snakk om “the chocolate of the day”😀 Eg har aldri gått i lag med henne, ho hadde andre ho gjekk med, men eg har treft henne med jamne mellomrom på ulike stoppestadar. Ho kjende også Jian og Jaeik. Det var berre så kjekt å sjå henne, og ho blei så glad for å sjå oss. Ho blei med oss i bilen siste stykket, og også på vår runde i Muxía.

Besøk på fyret, kyrkja, og minnesmerket “A Ferida” (såret), som er sett opp for å heidre dei som var med og rydde opp etter havariet av ein oljetankar i 2002. Ein 400 tonn monolitt i granitt, 11 meter høg, delt i to, skapt av skulptøren Alberto Bañuelos-Fournier. Delinga har form som eit brot som skal representere eit blødande sår. Tusenvis av tonn med olje forårsaka ei økologisk katastrofe med si ureining av kystlina her. Tusenar av frivillige frå overalt kom for å hjelpe til med å vaske rein strandlina.

Muxía

I Muxía er det også eit 00,00km-punkt for Caminoen.

Etter Muxía køyrde vi vidare til Finisterre. Lunsj på fiskerestaurant der. “Smake på- menyen” var prima, vi åt “barberhøvel-skjell”, grilla blekksprut, skorpionfisk, dessert og kaffi. Nydeleg😋

Finisterre

Besøk på fyrhuset på Verdens ende, med flott utsikt ut mot havet, og nok eit null-punkt for Caminoen, før vi køyrde tilbake til Santiago.

00,00 km at the Lighthouse at the end of the world.

Ein flott dag som gav meg indre bilete av desse to stadane som “alle” snakkar om.

I skrivande stund, er det tysdag 4.juli, og eg sit på flyplassen i Barcelona, på veg heim. Det blir også veldig bra❤️

Å skrive på denne bloggen i løpet av desse 7 vekene, har vore gøy. Det har vore ein koseleg syssel på ettermiddag- eller kveldstid. Kjekt at mange har følgt meg på turen, det har vore motiverande👍🏻

Siste stopp: Santiago de Compostela.

Dag 48, etappe 43. 10,5 km.

Opp tidleg, gjekk fort dei siste km til Santiago. Ankom byen og katedralen kl 9.

På veg, siste etappe🍀
Santiago og katedralen i sikte.
På veg inn i byen.

Veldig emosjonelt å komme fram, hadde ikkje forventa at eg skulle reagere slik. Sikkert ein reaksjon på at det har vore ei så lang vandring. Mange opp- og nedturar, med blemmer og gnagsår. Og spenninga rundt det å kjøpe nye sko etter 1,5 veke. Og dagar då eg har lengta heim og kjent meg litt åleine, og lurt på om ikkje det snart kom nokre hyggelege folk som eg kunne slå følge med. Og dei har dukka opp undervegs. Eg føler meg så heldig som har fått møte alle desse fine folka; Hugh, Gert, Bert, Jeol, Georg, Isabella, Jian, Jaeik og Laureano. Pluss dei fire italienarane på dei første etappane.

I dag møtte eg att Hugh, som eg gjekk i lag med ei veke, frå 3. etappe (Guillena) til Mérida. Det var veldig hyggeleg.

Å gå slik dag etter dag, har vore ein flott måte å sjå landet på. Tett på folk og levd liv. Flott og variert natur. Kvar dag – heile tida mot noko ukjent. Spennande. Å gå gjennom dei ulike regionane, Andalucía, Extremadura, Castilla y León og Galicia, har vore interessant. Så ulike på mange måtar. Men høgdepunktet har definitivt vore å gå her i Galicia.

Eg har gått alle dei 1006 km hit til Santiago de Compostela. Og eg fekk i dag min Compostela. Eg er veldig stolt over den, at eg klarte det🙏🏻 Etter kvart som blemmene gav seg, opplevde eg meir og meir meistring og glede med å gå.

Å gå ein Camino er avstressande. Kvar dag lever sitt eige liv. Du har berre med deg det du ber på ryggen, på veg mot ukjend mark og neste stopp, oppleve gleda ved å sette seg ned på ein open bar, der du kan kjøpe kaffi og litt mat, møte og bli kjend med andre vandrarar. Litt som å vandre i fjellet heime. Å gå, spesielt tidleg om morgonen, er god meditasjon, ein “mindwash”. Anbefalar det verkeleg. Trur absolutt at eg kjem til å gjere fleire Caminoar👍🏻

Godt team som har komt i mål.
Eg har fått min Compostela.
Papir på mine mange km.
Churros con chocolate, blei vår seine frukost i dag😅
Litt av utvalet👍🏻
Visdomsord frå Korea, m/ Jians fine handskrift.
Messe i katedralen kl 12.
El botofumeiro. Høgdepunkt.

Bandeira – Deseiro, nest siste etappe. I morgon ventar Santiago de Compostela.

Dag 47, etappe 42. 24 km, 34945 steg.

Det er ein nytelse å gå her i Galicia. Ingen endelause sletter med åkrar så langt auget rekk. Her er det opp og ned, fjell og dalar, og flott utsikt. Mange små pueblos som ligg tett i tett. Nokre stadar har ein ikkje gått ut av ein før ein entrar ein ny. Og vi kan legge i veg om morgonen i nokolunde trygg forvissing om at der vil vere ein bar open rin stad, der ein kan kjøpe kaffi og litt mat. Her er så grønt og frodig, masse å ta bilete av, og 2 mil på vegen går som ein leik.

Godt team på vegen. For ei glede for meg det har vore å gå i lag med Jian og Jaeik frå Sør-Korea, og dei siste dagane også med Laureano. Han er galiser, og vi har nytt godt av at han kan galisisk, samt at han har fortalt mykje om landet sitt. Vi har vore fæle til å knabbe frukt i vegkanten, frå kirsebær, til eple og pærer, sjølv om dei har vore sure. Vi er litt gor tidleg ute, druene langs vegen treng nokre veker til, diverre.

No er vi i Deseiro, og det gjenstår berre 10,5 km, som skal gjerast unna i ein fei i morgon.

Eg gler meg til å gå inn i Santiago. Det blir ei oppleving. Hugh frå Australia, som eg gjekk i lag med i ei veke, til Mérida, har sendt melding om at vi må møtast der i morgon for ein drink. Veldig hyggeleg. Gler meg til å treffe han igjen.

Det har vore lite kvinner på denne Caminoen. Har møtt nokre få, og dei har som regel gått saman med nokon. Så skulle eg ha selskap på vegen, så har det vore å slå følge med menn. Dei har vore hyggeleg følge, og eg har fått vener for livet! Ofte, som einaste kvinne på mange Albergue, så har eg fått ha toalett og dusj for meg sjølv, og det har jo vore herleg. Kvaliteten på Albergua har også gått opp sidan sist, då eg gjekk 1/3 av Camino Francés i 2011.

Her i Deseiro bur vi på Albergue Reina Lupa. Veldig bra plass. Vi har gjort unna siste klevask, og ete ein veldig god middag, saman med ein ire som også bur her.

Santiago neste, og siste❤️

Tulip-tre langs vegen
Hortensia, typisk her i Galicia.
Bilete teke av Jian
Svoltne karar, 500 gr med Tbone-steak…
Teikna av Jian. Det er dei kinesiske teikna for vind og vår. Og blomsten er kirsebærblomsten. Denne blomsten er eit symbol for Japan. Sør-Korea har ein festival ei veke kvar vår under kirsebærblomstringa.

Botos – Bandeira

Dag 46, etappe 41, 23km. Steg: 34406.

Nærmar oss mål!

Vakker dag, men veldig kaldt dei første timane. Kald vind, men klart og fint.

Nydeleg landskap, og flott underlag, det meste. Gjennom skog, og over ei gammal bru, frå 950 e.Kr. Brua har “overlevd” både jordskjelv og krigar, den var viktig for samferdsla i Galicia.

Hadde planlagt frukost undervegs ganske kjapt, men når barane ikkje opnar før kl 9, må vi berre gå vidare. Fann til slutt ein som var open.

Ankomst Albergue i Bandeira kl 13. Flott kjøken, m.a., men utan noko utstyr! Dette fordi vi skal heller gå ut og ete middag, i staden for å lage middag sjølv…….

I morgon ventar Deseiro. Nest siste etappe👍🏻

Galicia er hortensia! Overalt 😊
Xunta Albergue.

Cea – Botos

Dag 45, etappe 40. 29 km. Steg: 41013

Tidleg opp i dag, 5.30. Lang vandring i dag.

Utanfor Xunta Alberguet i Cea
Plaza Mayor i Cea

Verendring til kjølegare ver, perfekt for vandring.

Variert landskap frå tett, nesten urskog, til opnare landskap. Ei bra stigning i starten, og litt opp og ned heile vegen.

Stoppa etter 4-5 km for frukost.

Ein stopp seinare i Dozón, for café con leche, før vi gjorde unna siste del til Botos. Merkeleg kva det betyr å kunne dele opp vandringa med ein stopp eller to undervegs. Det kjennest så mykje kortare å gå.

Innsjekking på Hostal, med luksus av eit nydeleg, vanleg handklede til dusjen. Lunsj på hostalet = tre rettar inkl. drikke (12€)= middag for meg👍🏻😊 Vårt gode «team» på fire inviterte med ein ire som vi traff undervegs. Han var lukkeleg, første personane han hadde snakka med sidan han forlot Ourense.

I morgon ventar Bandeira, 23k.

Bilete tatt fordi Sunna elskar kyr❤️
Den glade vandrar😊

Ourense – Cea

Dag 44, etappe 39. 24 km. 35614 steg.

Frukost i byen før start. No er det blitt litt luksus. Her i Galicia er det mange små byar undervegs, med mulegheit for å stoppe for mat og kaffi. Vi treng ikkje ha ned nødrasjonar, eller frukt. Det lettar sekken litt😊

Forlet byen Ourense over den vakre romerske brua over elva Miño. Ganske bratt stigning opp i ca 900 m høgde, litt som å gå på Hafstadfjellet. Heldigvis var dette før det blei veldig varmt.

Romerske brua.

Stopp undervegs, til kaffi og brød med kvitost og det typiske spanske syltetøyet, membrillo.

Ankomst Cea og Alberguet her i 15-tida.

Blei invitert på koreansk middag med mine vener derfrå, saman med vår galisiske camino-ven. Utruleg hyggeleg, og nydeleg mat. Kor heldig eg er som får møte slike flotte folk! Vener for livet🙏🏻

I morgon – Botos. Lang vandring, 29 km. Tidleg opp😮‍💨

Xunqueira – Ourense

Dag 43, etappe 38. 22,1 km, 32679 steg.

Start i overskya ver /litt skodde, noko som er vanleg her. Blei etterkvart sol og varmt. Ein god del på asfalt, noko som ofte er slik når ein nærmar seg ein storby.

Herleg å vandre forbi små pueblos, der det er opne barar, og høve til å kjøpe ein café con leche, eller frukost med tostada. Vi blir så lette å glede😂

Mange stopp på vegen for å ete plommer, epler og pærer. Også pasjonsfrukt smakte vi på😋

Quince- frukt.
Pasjonsblomst og frukt

Ankom Ourense kl 14. Flott Albergue, nytt og fint, Xunta-Albergue.

Dagens sjokolade var å møte Sunna igjen. Lang og god ettermiddag i lag med henne, etter at ho var med oss camino-vener å ete middag. Ho har bestemt seg for at ho ikkje blir med på dei siste fem etappane, av helsemessige grunnar. Veldig synd, synst eg, men helsa først. Og vi kan gjere ein annan Camino i lag seinare.

Veldig varmt i dag. 30 grader.

5 etappar att. I morgon ventar Cea.

Varm kjelde, 67 grader.
Innhald i vatnet. Mange har kome/ kjem hit for å ta vatn for å drikke etter nedkjøling. Trur det har lækjande verknad.
Alberguet

Alberguería – Xunqueira

Dag 42, etappe 37. 21,7 km, steg: 30261

Vakna til skodde i dag, og overskya det meste av dagen sjølv om meldingane var sol. Men deileg vandrever.

Vi var 4 på vegen, ein galisier, dei to sør- koreanarane og meg, og vi hadde stor nytte av kunnskapen til vår nye ven frå Galicia.

Eit særmerke med Galicia er alle hórreos, små hus som har blitt, og framleis blir, brukt til å lagre/oppbevare korn og mat i løpet av vinteren. Dei er typiske her, desse små husa. Veggane har sprinkler, som sørger for god ventilasjon. Nokre slike «hus» har ein kors på taket. Kvifor? Kanskje for å sørge for velsigning av grøda? Liknar litt på våre stabbur, og står på ein slags pælar for å hindre mus å komme inn (slik våre stabbur gjorde).

Vi har også sett mange gamle «vaskestasjonar», som var viktige møteplasser for kvinnene – å komme saman, vaske klede, og utveksle siste nytt av diverse sladder😊

«Vaskeri»

Frukostpause undervegs i Vilar de Barrio. Slike kjekke avbrekk gjer til at etappen verkar kortare.

Flott natur, nedstigning frå Albergueria, gjennom veldig gammal eikeskog på siste del.

Vi merkar at vi er i Galicia. Dei syner stor omsorg for pilgrimane. Dei har benkar undervegs, mange vannpostar med frisk, kaldt vatn, og merkinga er fantastisk.

I tillegg har dei offentlege Alberguer av ypperste klasse, til berre 8€ for ei seng.

Jian og Jaeik inviterte på «middag» på kvelden. Triveleg selskap. Dette måtte berre bli «the chocolate of the day»👍🏻

I morgon, Ourense, 22,1 km.

«Vaskeri» og vasskjelde undervegs.
«Til Santiago går eg»
Gammal vasskjelde. Bygd slik for å beskytte mot skitt.
Klem eit tre. Denne eika må vere vanvittig gammal.

Campobecerros – Albergueria, og under 15 mil att.

Dag 41, etappe 36. 26,6 km. Steg: 39007. Søndag 25.juni.

For ein dag! Forlot Alberguet kl 7. Nydeleg ver, gode Caminovener på vegen, låg an til å bli ei perfekt etappe. Fortsatt er vi i fjella søraust i Galicia. Og i dag har det vore ei slik ned og opp- etappe.

Etter 6 km passerte vi As Eiras, og der venta litt av ei overrasking: dekka opp i ein koseleg krok i vegkanten, med kaker, kaffi, nøtter, honning, juice,…. Dette var verkeleg «the chocolate of the day». Utruleg kjekt, og rørande omsorgsfullt av dei som gjer dette som honnør til pilgrimar. Gratis, men dei tek mot gåver for å kunne halde fram med dette. Vi gav raust.

As Eiras
Laureano frå Spania, meg, Jaeik og Jian frå Sør-Korea.

Vidare på vegen – kaffi og tostada i Laza, før vegen vidare til Albergueria.

Skikkeleg stigning opp frå ca 450 moh til over 900.

Nydeleg natur, men skikkeleg varmt på slutten.

Ankom Albergueria på ettermiddagen. Koseleg fjellandsby. Her bur 17 fastbuande. Ein bar som blir styrt av den same personen som driv herberget her: Albergue El Rincón del Peregrino. Kjent for sine skjell som folk har hengt opp sidan 2004. Litt weird, men får trøyste meg med at det er mange gode ønsker formidla på desse skjella😊 Så vil tru eg vil sove godt.

I morgon Xunqueira, 21,7 km.

Vassjukts 😊 Rennande vatn her i Galicia👍🏻
Pust i bakken etter harde stigningar
Seng og ikkje bunk bed, herleg👍🏻 Omringa av skjell…