Laurdag 29.august
35689 steg
23 km
Det var veldig trist dag i går med Kong Harald sin død. Eg kjende meg veldig åleine.
Då hjalp det veldig på å delta på felles middag på herberget i lag med flotte ungdomar. God stemning og prat. Veldig hyggeleg.

Alle gutane rundt bordet gjekk siste etappen i dag. Medan vi andre har mål å nå Santiago.
Flott morgon, med nesten fullmåne, han var full i går.

Gode vermeldingar for dagen.
Men i skrivande stund har dei visst ombestemt seg. Fare for regn i morgon.
Hadde veldig god frukost på herberget, før eg starta å gå i halv 8-tida.


I dag har det vore meir grusveg enn asfalt, ein del sti gjennom skog.
Har passert under ei gigantisk motorvegbru, og har sett vindmøller i det fjerne.


Har gått forbi nok ei vakker strand, med same namn som Den i San Sebastián, La Concha (kamskjellet).


Stoppa for kaffi og spansk tortilla i Soto de Luiña. Eg ankom herberget her i Novellana kl 14.
Eit stykke å gå frå sentrum hit. Då blei det ekstra gledeleg å få tilbod om middag her, og frukost i morgon, når eg vil. Ja takk🙏🏻😊
Veldig fint herberge, som er ein del av ein jernbanestasjon. Nydeleg plass, og stille🙏🏻 Og skikkeleg sengetøy, og dyne❤️
Vi blir 3-4 som skal sove her i natt.
I morgon skal eg gå til Luarca. Lang etappe, 29,7 km.
Får verkeleg håpe at eg slepp å gå i full regnhabitt, då blir det laaaaaange kilometerar🫣
………………..















Kjære Kari!❤️❤️
Du skriv so fint om tapet av Kong Harald!🥰
Skjønar godt at du kjenner deg aleine i slike stunder i det store utland.
Men eg tenkjer at fleire vender seg til deg, og veit.
Det har vore lite skriving her..Synnøve hadde komb.ferieveke/ jobbveke, og fullt hus i helga👏👏🩷
Nyt fotoa, landskap, tankar..
Stå på! Klem 🥰
Takk, Anny🙏🏻 Akkurat det eg trengte no, nokre gode ord frå deg🙏🏻❤️