Fredag 7.august
36421 skritt
21 km
Opp kl 6, men jammen blei den 6.45 før start. Alt styret med å prøve å unngå blemmer og gnagsår tek si tid😩
22 grader


Nydeleg soloppgang litt over 7.
Gjekk langs strandpromenaden 3-4 km til Getaria, og hadde frukost der.
Det er eit problem når ein står tidleg opp, å finne ein kafeteria eller bar som er open då. Ingen i Zarautz, men det gjekk fint å ete i Getaria.


To gangar har eg, i mine eigne tankar, prestert å gå feil i dag. Begge gangane var det ein gammal mann (ikkje same mannen😊) som stoppa meg og fekk meg på rett kjøl igjen. Eg blir så glad og rørt kvar gong.
Det er flott landskap her i nord, fint å gå og sjå alle grøne marker, grøne og friske vinstokkar, friske og grøne maisplanter. Her er det meir regn enn i sør, klima er litt likt Norge.
Flotte bondegardar, beitande sauer og kyr, hestar og esel, er dyra eg har sett i dag.




Og to flashback- opplevingar med hund, ein der ein bordercollie passa på ein saueflokk. Same slags hund som beit med i ankelen i -24.
Ein annan episode var med ein mann med laus hund, og hunden gjødde på meg og verka så aggressiv. Eg blei rasande, og banka gåstaven i asfalten. “Han bit ikkje”, sa eigaren! Kven søren kan vite det???

Vegen i dag har vore opp og ned, opp og ned……. Tre stjerner i “vanskegrad” på Gronze.com.
I morgon er det visst fire stjerner.
Det er verst for beina, til no har det gått bra, men eg har klart å få mi første blemme, trass tiltaka.
Eg er håplaus, men van med det. Det går nok bra denne gangen også.
Varierande type sti i dag, alt frå smal sti gjennom busker og kratt, til gammal, steinlagt veg, til betongveg og asfalt.

Det røyner på beina, før ein ven seg til det.
Fleire mogelege stadar å stoppe i dag. Eg hadde eit kafé von leche-stopp i Zumaia. Der var det fest, det var visst ein baskisk fest fordi det var første fredag i august. Her hadde dei musikk, og boder der dei selde alt mogeleg, både etande og anna. Og alle som deltok var kledde i vakre drakter. Tilsvarande bunadane heime, nesten.
Det var eit kjekt avbrekk.





Var framme i Deba i kvart over 13-tida. Måtte på turistinfoen for å få tildelt seng på herberget. 8 € for ei seng.
Her er 56 plassar og tippar det nærmar seg fullt, så her er mange som går.
Eg ser mange går utan bagasje, som får den frakta. Mange bookar også overnatting på hotell el. likn.
Det er ulike motiv for å gå, like mange motiv som der er pilgrimar.
Men ein tapar litt av “sjela” til Caminoen viss ein ikkje overnattar på herberga der ein møter alle dei andre, der ein må dele rom med fleire og vente i kø på dusj og klevask. Også det å bere med seg det du treng er ein del av den opprinnelege «pakken” å gå ein Camino.
Herberget, Albergue Geltoki, er i 2. og 3.etasje på jernbanestasjonsbygningen.

Mange variantar herberge, det er jo litt artig og spennande.
I morgon går eg til Markina-Xemein, vel 23 km.
🌟🌟🌟🌟🌟
Fleire bilete frå dagens etappe:







You must be logged in to post a comment.