Camino Norte. Dag 11: Islares – Laredo

Fredag 14.august

34780 steg

Ca 22 km

Etter ei god natt søvn i kvite laken, på 2 stjerners hotell, starta eg å gå kvart på 7. Hadde avtalt møtestad kl 7 med Pablo. 

Herleg å starte dagen med å vite at vi gjorde unna 8 km av etappen i går. 

Farvel til Islares

Planen var å ete frukost i Rioseco, etter 6 km. Men sjølvsagt var den ikkje open då vi kom litt over 8. 

Alternativet var å gå 1 km ut av Caminoen for å finne ein open bar, same distanse tilbake. Nei takk, då tek eg heller ein energibar som eg har i sekken til nødstilfelle. 

Så vi stoppa på ein mur i vegkanten, og hadde ein fin frukost der🤩

I dag har det vore éin skikkeleg hard og lang motbakke, og eit par mindre. 

Men stor variasjon i type veg og i landskap. Mange dyr å sjå, spesielt er her mange hestar. Trur dette er eit område for hesteavl. 

Min compañero på vegen eit par-tre dagar, Pablo, frå Extremadura/Sevilla

God temp for vandring i morgentimane, men etter kvart blei det varmare. Men då vi nærma oss kysten att, fekk vi ein herleg vind som gjorde underverk. 

Utruleg mange vakre stadar vi har gått forbi, og mange gamle kyrkjer. Skal ikkje store plassen til for at dei har ei kyrkje her i Spania.

I Hazas fann vi ein restaurant, endeleg ein kaffi! Og tortilla española, som eg aldri blir lei av. 

Hazas

Fantastisk utsikt på toppen over Laredo. 

Laredo med stranda La Salvé

Vi bur på herberget Recidencia Casa de la Trinidad, som ligg i klosteret San Francisco. Det ligg i gamlebyen av Laredo, veldig koseleg område. 

Her har eg “kjøpt” enkeltrom. 

Kyrkja i klosteret

Prisane her på Camino Norte er mykje høgare enn eg har opplevd på Caminoane lenger sør. 

Der kunne eg faktisk ha dagar der eg brukte berre 20 € dagen. 

Her er alt dyrare; herberga, t.d. og “Menú del día” (middag tidleg på dagen) kostar her mellom 18 og 20 €, eller meir, mot 12-15 lenger sør.   

Så på denne turen tenkjer eg at eg skal vere nøgd om eg klarar å halde meg på 50 € dagen. 

Spanjolane et middag i 21-tida. Det er håplaust for meg, så eg gjer mykje for å rekke den dagens meny-middagen, som dei sluttar å servere i halv fire – fire tida. 

I morgon skal vi gå til Güemes, ca 28 km. Vi må starte morgondagen med å gå stranda på langs, og deretter ta båt over til Santoña, før vi kjem oss vidare.

Vi skal overnatte på Albergue La Cabaña del Abuelo Peuto, som visstnok er å rekne som eit legendarisk landemerke på kystvegen. 100 sengeplassar, så ingen stress.