Torsdag 27.august
41259 steg
29 km
Tidleg i gang i dag, 6.15, ville prøve å komme lengst mogeleg før det evt regnet kom, som var meldt.
Det var kaldt, ca 12-13 grader.


Heldigvis fann eg ein open bar på veg ut av byen, så eg fekk meg frukost.
Ein liten kaffipause etter eit par timar, må stoppe opp litt innimellom.

Eg gjekk fort i dag. Tenkte eg måtte få dessa nesten tre mila unna så fort eg klarte. Hadde ikkje gleda meg til denne etappen, visste det ville vere mykje asfalt, og litt kjedelege omgivnadar ut av ein by, og inn i ein ny når eg ankom Avilés. Siste mila gjekk langs ein trafikkert bilveg, heldigvis var der fortau.
Litt skogsområde med grusveg, det hjelpte på. Mykje fint landskap mellom byane.



Trefte på to eldre karar som var ute og gjekk. Dei stoppa og ville prate. Dei brukte å treffe på alle pilgrimane som gjekk her, fordi dei sjølve gjekk tur her kvar dag.
Veldig hyggeleg avbrekk😊

I går hadde det vore mange som gjekk her, sa dei, men eg var den første i dag.
Og eg trur eg var den einaste, følte meg åleine på vegen.

Ankom Avilés kl 13.
Temperatur ca 23-24 midt på dagen.
Perfekte temperaturar har det vore dei fleste dagane, for slikt eg held på med👍🏻
Har sjekka inn på herberget, der det er plass til over 50, alle på ein sovesal.
Berre nye ansikt her i dag. Eg har jo “mista” alle dei som gjekk vidare til Gijón, då eg tok avstikkaren til Oviedo. Dei er nok eit par etappar føre meg, kanskje ser eg dei ikkje att.
Standarden på herberga er veldig varierande. Eg får nesten lyst til å starte eit herberge, fordi eg ser og erfarer kva små ting som skal til for at det blir enormt mykje betre.
T.d dusjane, mange stadar (som her) er der ikkje knaggar å henge ting på i dusjen. Og i dei store sovesalane kunne dei t.d sett opp nokre “veggar” mellom nokre av sengane.
Eg treng å ta ei natt innimellom på eit eige rom på eit hostal, som er som luksus å rekne i dette livet her😃
Eg gjorde ferdig ei bok eg har lese på lesebrettet i går, “På ville vegar”, originaltittel “Wild”, av Cheryl Strayed. Filmatisert i 2014.
Cheryl gjekk, i 1995, 26 år gammal, PCT (Pacific Crest Trail) åleine, frå grensa til Mexico i sør, gjennom California og Oregon, til grensa mot Canada, 1800 km. Før GPS og mobil. Tenkte det var ei perfekt bok på denne vandreturen, og det var det. Anbefalar alle å lese den.

Eg har no vore ute og ete middag, hadde heldigvis med meg paraplyen. (Den skal eg bære med meg heilt fram)
Regnet kom medan eg sat inne og åt. Og det kom med eit brak. Her har lyna og tordna, og regnet har ausa ned. Store elvar i gatene, som samla seg som innsjøar. Måtte gå ein omveg for å komme meg “heim”.

Det har vore regn over heile Spania i dag, kjem nok vél med lenger sør.
I morgon går eg vidare til Muros de Nalón, 21,2 km.
Eg har reservert ei seng på Albergue Naranja Peregrino.
…………………….



You must be logged in to post a comment.