Fredag 28.august
29392 steg
21,2 km

I dag har eg vore litt nedstemt. Synst det var tungt å legge ut på vegen i dag, sjølv om eg var glad eg kunne forlate eit dormitorium med ørten sengar, og like mange overnattarar, og berre legge i veg.
Eg har jo fått med meg at Kong Harald var alvorleg sjuk, men eg håpte jo det beste. Med dette bakteppet, og det faktum at det har vore så mange dødsfall i det siste, så tenkte eg på – kven blir den neste, det må jo berre ikkje vere kongen!
Men det vart det.
Når eg opna telefonen, framme ved herberget her i Muros de Nalón, så såg eg jo det😢
Eg synst det er frykteleg trist, han var slik ein fin fyr❤️
Då eg gjekk min første Camino i 2011, var eg nesten framme i Santiago, den 22.juli, då massakren m.a. på Utøya skjedde.
Og no skal eg forbinde denne Caminoen med at Kong Harald døydde.

Eg åt frukost på ein bar i Avilés i dag, før eg la i veg i halv 8-tida. Gjekk litt på, ville prøve å komme lengst mogeleg før det evt regnet kom.
Men det kom aldri. Flaks igjen.
Og i helga er det gode meldingar, det er eg lukkeleg for.


Kom fram til herberget, La Naranja Peregrina, i 12-tida.
“Den oransje pilgrimen”…. huset er oransje, og husverten går med oransje T-skjorte og oransje joggesko. Og huset er vel også nærast oransje.


Her stod vatn med sitron klart til oss som skal bu her i natt, og til dei som går forbi. Og det begynner å fylle seg opp her.
Veldig hyggeleg vertskap, og koseleg herberge. Ein av dei unge gutane som bur her i natt, spelar gitar, så det ligg an til ein koseleg fredags ettermiddag og kveld.
Eg skal ete middag her, og frukost i morgon kl 7. Herberget ligg litt utanfor sentrum, så då er det veldig greitt å få middag servert her.
Dagens etappe har vore store delar gjennom skog.

Vegen leia meg forbi ei borg, Castillo de San Martín, som ikkje er open for besøk. Ei middelalderborg, frå 600-talet, som ligg strategisk plassert på eit nes, ved utløpet til elva Nalón.
Fint å sjå den på avstand også.



Vegen vidare gjekk rundt elva, over ei bru, og det var ei grusom oppleving. Masse trafikk, og ei smal stripe å gå på for forgjengarane, og lågt rekkverk (tykte eg😩). Eg måtte stoppe fleire gongar og puste djupt, høgdeskrekken fekk bryne seg.
Eit par eldre karar, som av – truleg- medisinske årsaker, får ryggsekkane transportert, kom fram ei stund etter meg.
Herberget opna ikkje før kl 14, men eg håpte å få sette inn sekken.
Husverten kom, ordna det, og tilbydde oss skyss til sentrum.
Der åt eg lunsj før eg rusla tilbake.
Har fått rom i lag med to italienske jenter, som begge går åleine.
Den eine sov i nabosenga mi førre natt, og skal også gå heilt fram til Santiago. María Klara heiter ho. Henne vil eg nok møte på med jamne mellomrom dei neste dagane.
Eg er imponert over desse unge jentene som går åleine.
I morgon går eg til Novellana.
23 km.
………………..



You must be logged in to post a comment.