Tysdag 18. august
40293 steg
27 km
Eg har i allefall i dag oppdaga at eg ikkje skal reise til dette området i august, når «alle» spanjolar m.fl. har ferie.
Ingen plass å oppdrive som hadde ei ledig seng i Comillas eller området rundt.
Har i alle fall fått banka inn i knollen kva «fullt» er på spansk, «completo».
Til slutt fekk vi rom på apartamentos Villa Sofia i Oyambre. Hotellet ligg i eit naturpark- område. For ei lette!
Så dette ser ut til å bli ei utfordring framover, resten av august, truleg.
Veit ikkje kor mange telefonar eg har teke i dag. Brukte ein del tid på dette, så kom ikkje fram hit før halv fire.
Eg må bruke ein del tid i kveld på å sjekke seng på ulike plassar i løypa framover.
Eg er så glad for at eg valde å gå til Santillana del Mar i går, så eg fekk oppleve å sjå den plassen.
Nydeleg middag fekk vi på alberguet, som altså er eit nonnekloster. 11 € for tre rettars middag er ikkje verst.

Fekk selskap på rommet av ei ung kinesisk jente, dette var hennar første camino.
Frukost kl 7, og så var det berre å gå.

Fantastisk flott etappe i dag. Eg trekker tilbake det eg skreiv om Cantabria i går, truleg var det fordi det var omgivnadane til ein stor by vi gjekk gjennom då.
I dag har det vore idyllar vi har passert, vegen leia oss gjennom mange små, koselege byar.



Temperaturen har vore ideell, starta ca på 20, og 26 grader då vi kom til Comillas.
I morgon går eg til Colombres, ca 24 km. Der er det eit herberge med 130 sengar, så det tek eg sjansen på går bra😊
Eg nærmar meg ein ny region, Asturia. Der har eg aldri vore, det blir spennande.
No middag, snart, så arbeid med booking nokre stadar.
¡Hasta mañana!
…………………











You must be logged in to post a comment.