A Pobra de Parga – Boimil
Søndag 6.september
49193 steg
34 km
Det var rockefestival i Parga i går, 2-300 m i luftline frå herberget. Full guffe frå vi kom fram, og dei heldt på til kl 03.30 i natt.
Så eg trur det var fleire enn meg som ikkje fekk nok søvn i natt😳
Frukost på herberget, og matpakke, inkludert i prisen, fordi der er så lite mulegheit å kjøpe mat på vegen.
På veg til Parga, hadde eg to ruteval, enten dit eg gjekk, eller den tradisjonelle ruta som går litt lenger sør. Eg gjekk denne ruta berre fordi eg ville overnatte på Parga Natura Alojamiento. Fekk den anbefalt, som tidlegare nemnt, og det var verkeleg verdt opplevinga.
Eg kom meg avgarde 07.20. Hadde eit stykke veg framføre meg. Trur det var berre eg som planla å gå til Boimil og overnatte der, dei andre valde ei vanlegare, og meir populær rute, følgjeleg med meir folk.


Eg stoppa i A Cruces, etter ca 20 km, der det var ein open bar, og åt lunsj der. Hadde halvveges avtale å møte Margo og ei tysk dame der, men dei kom ikkje medan eg var der.
Eg bad ho som jobba i baren, å overbringe ei helsing frå meg, til to blonde damer som ville komme innom, og seie at “Vi sjåast i Santiago”.
Det har vore ei litt kjedeleg etappe i dag. Ikkje så mykje spennande å sjå.
Men ein del av vegen har vore gjennom skogholt, og det har vore heilt nydeleg og fredeleg. Stille.
Nokre stiar er det berre vidunderleg å gå på.



I tillegg er det søndag, og det har, jamt over, vore lite støy frå bilar i dag.
Eg ankom Boimil kl 15.
34 km gjekk i grunnen greitt, beina spelte på lag, lite murring i dag👍🏻
Her i Galicia set dei opp merkesteinar der det står kor langt det er att til Santiago. Alle rutene/vegane går jo inn i Galicia, så det er flott at dei gjer dette.
Det er veldig motiverande, og ein har kontroll på kor langt ein har gått.
Då kjennest det som det går raskare😊

Herberget her var nytt i 2012.
Det som er litt merkeleg med desse nye og fine kommunale herberga i Galicia, er at dei har m.a. kjempefine kjøkken. Men det er heilt utan utstyr, som panner, tallerkenar, bestikk.
Det er restaurant-næringa på dei ulike små plassane som ser at dei ikkje vil tene pengar på pilgrimane viss dei lagar sin eigen mat, og at dette er ein bevisst politikk for å støtte det lokale næringslivet.
I morgon går eg til Lavacolla. Denne staden ligg litt lenger vest enn der dei fleste går.
Med å gå hit, og vidare til Lavacolla i morgon, då styrer eg unna den franske ruta som er veldig “overbefolka”.
Eg er heilt åleine på dette store herberget i natt. Eigentleg er det veldig deileg.

Langt også i morgon, 32,9 km, og det er nest siste etappe.
Då har eg berre ei kort etappe på litt over 10 km siste dagen, på tysdag.
Gler meg skikkeleg til eg er framme!
………………..





You must be logged in to post a comment.