Camino Norte. Dag 32: Abadín – Vilalba

Fredag 4.september 

30897 steg

20,8 km

Margo ville lage egg og tomat-mix til frukost i dag, så vi kjøpte inn det vi trengte i går. 

Frukost var inkludert på dette herberget, men ho ville gjere litt meir ut av det. 

Så vi hadde godt team-work, og mat kl 7.30, i lag med søskenflokken frå Italia. Veldig hyggeleg, ein god start på dagen. 

Starta å gå kvart over 8. 

Eg gjekk åleine, og det var veldig avslappande og godt. 

Nydeleg landskap, gjennom område med velstelte gardar. Og vegen var for det meste i skogkanten, men også noko på asfalt.

Her var det fredeleg, eit godt stykke unna biltrafikken. Tippar veggen eg gjekk på i dag, var bra i “fotspora” til romarane, på Via Agrippa. 

Etter Abadín, gjekk eg inn i det store flatlandet som blir kalla Terra Chá. Her var vegen omkransa av steingjerder, flate steinar på høgkant, tradisjonelt bygd av lokale bønder, for å halde kveget på beitemarka, og for å markere eigedomsgrenser.

Her var også døme på gardstun med nye slike gjerder. Fint at dei held tradisjonar ved like.

Steingjerder
Moderne variant av steingjerde

Nesten halvveges kom eg til ei vakker, gamal bru frå middelalderen, Ponte Vella de Martiñán, over elva Batán. 

Her sat ein “gateselgar” med namn Jesús, og prøvde å selge sjølvlaga smykke. 

“Gateselgar”

Eg var framme i Vilalba litt over 12. 

Fekk sette frå meg sekken der eg skulle bu, så eg slapp å drasse på den når eg skulle finne ein plass å ete lunsj. 

Når eg har valt litt luksus i dag, med einerom på eit hostal, mister eg litt kontakten med “familien” på herberget. 

Men eg reknar med å treffe dei att. 

Vilalba er berre ein liten by på ca 13000 innbyggarar. 

Julepynten er på plass
Slik pyntar dei i mange byar i Spania.

Koseleg hovudgate, som allereie var ferdig julepynta. Også andre gater var pynta. 

I morgon går eg til A Pobra de Parga, 

26,2 km. 

Seng er booka. 

Helsing frå Vilalba, 34 grader.

………………….