Camino Norte. Dag 31: Villanova de Lourenzá – Abadín 

Torsdag 3.september 

33298 steg

22,6 km

Fantastisk dag på vegen i dag. 

Dagen har gått som ein røyk, rask gange, framme i Abadín i halv 1-tida. 

Begynte å gå i 7-tida. Då var det mørkt, men der var mange frå herberget som starta samtidig, så ingen problem. 

Overskya ver i starten, og tåke. Men sola kom etter kvart. 

Men ingen vakker soloppgang i dag.

Men her var mange gardar, og hus, å gå forbi, og det er trist å sjå at fråflyttinga frå landsbygda gjeld også her. Det blir for “smått” for dei unge. Skjønar dei!

Var litt spent på gåinga i dag. Eine kneet er begynt å knirke litt, men håpar det held heilt fram. 

Merkar ingenting i motbakkane. 

Og motbakkar var eg mentalt førebudd på i dag. 

Gjekk åleine til Mondoñedo, etter nesten 10 km, der var første stopp med ein kaffi på ein bar. 

Alle på vegen stoppa der. Hyggeleg. 

Også den italienske søskenflokken, der Maria Klara (t, h. på biletet) starta å gå i Irún (som eg), og bror og søster har komme etter kvart, og dei skal gå i lag til Santiago. Kjekt å sjå 🤩

Margo slo følge med meg vidare frå Mondoñedo. Ho går veldig fort, men var begynt å kjenne det i knea, også ho. Etter Mondoñedo begynte motbakkane. 

Her hadde eg puls over det som blir rekna som makspuls i min alder🫣

I solsteiken karra vi oss oppover. Det var skikkeleg tungt, men fantastisk å komme opp på Serra de Xistral. Camino Norte kryssar dette fjellmassivet. 

Margo tek berre videoar, her er nokre glimt:

På toppen, fantastisk herleg.

Området ligg i den nordvestlege delen av Galicia, i provinsen Lugo. Fjellovergangen er kjent for sine mange vindmøller, og grøne dalsider.

Det som slår meg her, er at vindmøllene er berre halve storleiken av dei som dei vil sette opp heime, og der er ingen sår i naturen rundt. 

Kvifor er ikkje det mogeleg heime? 

Fantastisk grønt og frodig her oppe, og mange beitande kyr. 

Toppane i denne fjellkjeden er oppe i over 1000 moh, men på ca 500 m flata vegen seg ut, og vi gjekk i same høgde heilt fram til Abadín. 

(Ikkje heilt rett med 28 km då….)

Eg hadde booka seng på Albergue Xabarín.

19 € inkludert frukost, med skikkeleg sengetøy, dyne og kvitt handklede. Luksus❤️

På det rosa rommet, trur det blir ei god natt 😴

Det er mange som har stoppa her i dag. 

I morgon ventar Vilalba, 20, 8 km. 

Og det ser ut som vi skal bevege oss i nesten same høgde på vegen i morgon, berre nokre få, og små, motbakkar. 

Gode vermeldingar også for morgondagen. 

5 etappar att. 

………………….

På toppen av dagens etappe.
Eg synst desse steinhusa med hórreos er så vakre.