Camino Norte. Dag 27: Novellana – Luarca

Sundag 30.august

44414 steg

30,5 km

Lang dag i dag, framme i Luarca først kl 15. 

God natt på herberget i Novillana, god seng, med skikkeleg sengetøy og lett dyne. Luksus. 

God frukost, før eg starta å gå litt før halv åtte. Ville at det skulle vere litt lyst, for dei første to km var på bilveg utan skulder, til eg “møtte” Caminoen. Novellana ligg litt utanfor ruta. 

Det var meldt fare for regn. Men det kom aldri. Faktisk var det fin temp ved start, truleg ca 20 grader.

Sol og skyer vekselvis heile dagen.

I dag har det vore mykje grusveg og sti i skog og mark. I starten masse skog. 

Ruta gjennom skogen leia meg til ei fin strand. Det var eit lyspunkt på vegen, for det var mykje skog 😊

Nokre små landsbyar undervegs, m.a Cadavedo. Der kom eg fram litt før ein fest med tog/parade gjennom gatene. Festkledde folk i folkedrakter, både store og små. Så heldig eg var som tilfeldigvis kom fram til akkurat dette! 

Dei stilte villig opp til fotografering.

Dei kalla festen La Regalina, og den er ein årleg tradisjon, siste søndagen i august.

Eg “mista” ein time på dette, men det var verdt det. Åt lunsj i same slengen. 

Så møtte eg på ei eldre dame som var ute på tur med rullatoren sin. Ho stoppa meg, og ville gi meg drops! 

Så koseleg❤️

Det er jo slike møte som gjer at ein hugsar akkurat denne etappen. 

Luarca er ein fiskar-landsby. 4-5000 menneske som bur her.

Mange trapper for å komme ned i byen. 

Ei elv, Rio Negro, renn gjennom byen. 

Ser fint ut her. 

I morgon er det nok ei lang etappe, til Caridad, ca 30 km. 

…………………..

Kom over ein gammal gravplass, ute i ein skog, der dei gravla maurarar på 1930-talet.
Nokon som har sett ut fersken til passerande pilgrimar, og minner om at det er 223 km att.
Landskap eg gjekk forbi.
Luarca

Camino Norte. Dag 26: Muros de Nalón – Novellana

Laurdag 29.august

35689 steg

23 km

Det var veldig trist dag i går med Kong Harald sin død. Eg kjende meg veldig åleine. 

Då hjalp det veldig på å delta på felles middag på herberget i lag med flotte ungdomar. God stemning og prat. Veldig hyggeleg. 

Alle gutane rundt bordet gjekk siste etappen i dag. Medan vi andre har mål å nå Santiago. 

Flott morgon, med nesten fullmåne, han var full i går. 

Gode vermeldingar for dagen. 

Men i skrivande stund har dei visst ombestemt seg. Fare for regn i morgon. 

Hadde veldig god frukost på herberget, før eg starta å gå i halv 8-tida. 

Vegen går alltid forbi kyrkjene.

I dag har det vore meir grusveg enn asfalt, ein del sti gjennom skog. 

Har passert under ei gigantisk motorvegbru, og har sett vindmøller i det fjerne. 

Har gått forbi nok ei vakker strand, med same namn som Den i San Sebastián, La Concha (kamskjellet).

Playa La Concha
La Concha

Stoppa for kaffi og spansk tortilla i Soto de Luiña. Eg ankom herberget her i Novellana kl 14. 

Eit stykke å gå frå sentrum hit. Då blei det ekstra gledeleg å få tilbod om middag her, og frukost i morgon, når eg vil. Ja takk🙏🏻😊

Veldig fint herberge, som er ein del av ein jernbanestasjon. Nydeleg plass, og stille🙏🏻 Og skikkeleg sengetøy, og dyne❤️

Vi blir 3-4 som skal sove her i natt. 

I morgon skal eg gå til Luarca. Lang etappe, 29,7 km. 

Får verkeleg håpe at eg slepp å gå i full regnhabitt, då blir det laaaaaange kilometerar🫣

………………..

Tilbake ved havet igjen
Frodig
Det var ein gong eit hotell
Dette kan også syklar brukast til…
To ungdomar i løypa foran.
Novellana
Fekk besøk av han her, medan eg sit her og skriv❤️
Eit par tog om dagen
Jernbanestasjonen/herberget. Flott bygning
Utsikt frå herberget 🌺
God seng for natta
Fint bad
Kjøkken m.m.

Camino Norte. Dag 25: Avilés – Muros de Nalón

Fredag 28.august

29392 steg

21,2 km

Tidleg morgon, Avilés

I dag har eg vore litt nedstemt. Synst det var tungt å legge ut på vegen i dag, sjølv om eg var glad eg kunne forlate eit dormitorium med ørten sengar, og like mange overnattarar, og berre legge i veg. 

Eg har jo fått med meg at Kong Harald var alvorleg sjuk, men eg håpte jo det beste. Med dette bakteppet, og det faktum at det har vore så mange dødsfall i det siste, så tenkte eg på – kven blir den neste, det må jo berre ikkje vere kongen! 

Men det vart det. 

Når eg opna telefonen, framme ved herberget her i Muros de Nalón, så såg eg jo det😢

Eg synst det er frykteleg trist, han var slik ein fin fyr❤️

Då eg gjekk min første Camino i 2011, var eg nesten framme i Santiago, den 22.juli, då massakren m.a. på Utøya skjedde. 

Og no skal eg forbinde denne Caminoen med at Kong Harald døydde. 

Eg åt frukost på ein bar i Avilés i dag, før eg la i veg i halv 8-tida. Gjekk litt på, ville prøve å komme lengst mogeleg før det evt regnet kom. 

Men det kom aldri. Flaks igjen. 

Og i helga er det gode meldingar, det er eg lukkeleg for. 

Mykje landleg i dag.

Kom fram til herberget, La Naranja Peregrina, i 12-tida. 

“Den oransje pilgrimen”…. huset er oransje, og husverten går med oransje T-skjorte og oransje joggesko. Og huset er vel også nærast oransje. 

Albergue La Naranja Peregrina

Her stod vatn med sitron klart til oss som skal bu her i natt, og til dei som går forbi. Og det begynner å fylle seg opp her.

Veldig hyggeleg vertskap, og koseleg herberge. Ein av dei unge gutane som bur her i natt, spelar gitar, så det ligg an til ein koseleg fredags ettermiddag og kveld.

Eg skal ete middag her, og frukost i morgon kl 7. Herberget ligg litt utanfor sentrum, så då er det veldig greitt å få middag servert her. 

Dagens etappe har vore store delar gjennom skog. 

Eukalyptus skog

Vegen leia meg forbi ei borg, Castillo de San Martín, som ikkje er open for besøk. Ei middelalderborg, frå 600-talet, som ligg strategisk plassert på eit nes, ved utløpet til elva Nalón. 

Fint å sjå den på avstand også. 

Castillo de San Martín, Soto del Barco
Elva Nalón, med den fæle brua 🫣

Vegen vidare gjekk rundt elva, over ei bru, og det var ei grusom oppleving. Masse trafikk, og ei smal stripe å gå på for forgjengarane, og lågt rekkverk (tykte eg😩). Eg måtte stoppe fleire gongar og puste djupt, høgdeskrekken fekk bryne seg. 

Eit par eldre karar, som av – truleg- medisinske årsaker, får ryggsekkane transportert, kom fram ei stund etter meg. 

Herberget opna ikkje før kl 14, men eg håpte å få sette inn sekken. 

Husverten kom, ordna det, og tilbydde oss skyss til sentrum. 

Der åt eg lunsj før eg rusla tilbake. 

Har fått rom i lag med to italienske jenter, som begge går åleine. 

Den eine sov i nabosenga mi førre natt, og skal også gå heilt fram til Santiago.  María Klara heiter ho. Henne vil eg nok møte på med jamne mellomrom dei neste dagane. 

Eg er imponert over desse unge jentene som går åleine. 

I morgon går eg til Novellana. 

23 km. 

………………..

I denne lille byen, Castillo, ligg borga
Eit lite tjern i skogen
Sentrum med kyrkja, Muros de Nalón

Camino Norte. Dag 24: Oviedo – Avilés 

Torsdag 27.august

41259 steg

29 km

Tidleg i gang i dag, 6.15, ville prøve å komme lengst mogeleg før det evt regnet kom, som var meldt. 

Det var kaldt, ca 12-13 grader. 

Katedralen, tidleg morgon.
Inngangspartiet.

Heldigvis fann eg ein open bar på veg ut av byen, så eg fekk meg frukost. 

Ein liten kaffipause etter eit par timar, må stoppe opp litt innimellom. 

Eg gjekk fort i dag. Tenkte eg måtte få dessa nesten tre mila unna så fort eg klarte. Hadde ikkje gleda meg til denne etappen, visste det ville vere mykje asfalt, og litt kjedelege omgivnadar ut av ein by, og inn i ein ny når eg ankom Avilés. Siste mila gjekk langs ein trafikkert bilveg, heldigvis var der fortau.

Litt skogsområde med grusveg, det hjelpte på. Mykje fint landskap mellom byane.

Trefte på to eldre karar som var ute og gjekk. Dei stoppa og ville prate. Dei brukte å treffe på alle pilgrimane som gjekk her, fordi dei sjølve gjekk tur her kvar dag. 

Veldig hyggeleg avbrekk😊

Koseleg å prate med desse to🥰

I går hadde det vore mange som gjekk her, sa dei, men eg var den første i dag. 

Og eg trur eg var den einaste, følte meg åleine på vegen. 

Før Avilés. Velkommen til Las Vegas👍🏻

Ankom Avilés kl 13. 

Temperatur ca 23-24 midt på dagen. 

Perfekte temperaturar har det vore dei fleste dagane, for slikt eg held på med👍🏻

Har sjekka inn på herberget, der det er plass til over 50, alle på ein sovesal. 

Berre nye ansikt her i dag. Eg har jo “mista” alle dei som gjekk vidare til Gijón, då eg tok avstikkaren til Oviedo. Dei er nok eit par etappar føre meg, kanskje ser eg dei ikkje att. 

Standarden på herberga er veldig varierande. Eg får nesten lyst til å starte eit herberge, fordi eg ser og erfarer kva små ting som skal til for at det blir enormt mykje betre. 

T.d dusjane, mange stadar (som her) er der ikkje knaggar å henge ting på i dusjen. Og i dei store sovesalane kunne dei t.d sett opp nokre “veggar” mellom nokre av sengane. 

Eg treng å ta ei natt innimellom på eit eige rom på eit hostal, som er som luksus å rekne i dette livet her😃

Eg gjorde ferdig ei bok eg har lese på lesebrettet i går, “På ville vegar”, originaltittel “Wild”, av Cheryl Strayed. Filmatisert i 2014.

Cheryl gjekk, i 1995, 26 år gammal, PCT (Pacific Crest Trail) åleine, frå grensa til Mexico i sør, gjennom California og Oregon, til grensa mot Canada, 1800 km. Før GPS og mobil. Tenkte det var ei perfekt bok på denne vandreturen, og det var det. Anbefalar alle å lese den.

Eg har no vore ute og ete middag, hadde heldigvis med meg paraplyen. (Den skal eg bære med meg heilt fram)

Regnet kom medan eg sat inne og åt. Og det kom med eit brak. Her har lyna og tordna, og regnet har ausa ned. Store elvar i gatene, som samla seg som innsjøar. Måtte gå ein omveg for å komme meg “heim”. 

Det har vore regn over heile Spania i dag, kjem nok vél med lenger sør.  

I morgon går eg vidare til Muros de Nalón, 21,2 km. 

Eg har reservert ei seng på Albergue Naranja Peregrino. 

…………………….

Lukkeleg var eg for at desse gneldrebikkjene var bak gjerde. Eg kvepp kvar gong eg går forbi slike🫣
Godt “verna”, dette huset.

Camino Norte. Dag 23: Turist i Oviedo 

Onsdag 26.august

27659 steg

I dag har vore såkalla kviledag, men eg har gått like langt som i går…..🤩

Det var rart å kunne ligge litt frampå i dag, og ikkje liste meg tidleg ut, for ikkje å forstyrre dei andre på rommet. 

Vi var fire damer på rommet. To av dei var mor og datter, der mora var døv. 

Det verka som alle som budde på herberget, skulle vidare på Camino Primitivo. 

Berre eg som har teke ein liten avstikkar, for så å gå tilbake på kystvegen i morgon, til Avilés. 

Eg har likt å få sjå Oviedo. 

Ein kunstnar i aksjon på Rådhusplassen tidleg i dag.

Byen minner med om Salamanca, som eg besøkte på Vis de la Plata. Byen er hovudstaden i denne regionen, og har vél 221 000 innbyggjarar. Byen er eit av Asturias største industridistrikt. 

Det er ein gammal by, arkeologar har funne spor etter busetnad tilbake til første århundre. 

Byen ligg på 241 moh. 

I dag gjekk eg på fjellet, på Monte Naranco, 634 moh. 

Fin tur, men første del gjennom byen her. 

Etter kvart kom eg opp i natur, og til kyrkja San Miguel de Lillo. 

San Miguel de Lillo.

Ganske bratt oppover, omtrent som Hafstadkleiva på sitt brattaste. 

På toppen venta «Monumento al Sagrado Corazón de Jesús», ein Kristus skulptur på 34 meter, laga i stein. Minte meg om kristusstatua i Rio. 

På toppen fekk eg same kjensla som når eg kjem opp på Fløien i Bergen. 

Flott utsikt. 

Masse folk, der storparten tok det som ein trimtur, eller treningstur. 

På toppen var det også restar etter skyttergraver frå då borgarkrigen starta i 1936. 

Eg er fornøgd med at eg tok denne turen, sjølv om den tok lenger tid enn nødvendig. 

Måtte gå ned sekken på ryggen heile tida. Hostalet der eg bur i natt, opna ikkje for innsjekking før 15.30. Og eg blei for sein til å levere sekken tidleg på morgonen. Sløvt av meg å ikkje sjekke det, så då blei den “meg og sekken” i dag også. 

Etter at eg kom nedatt frå fjellet, og sat på ein restaurant og åt lunsj, kom regnet. Og ikkje berre litt regn, det ausa ned. Men eg hadde min paraply i beredskap☂️

På ettermiddagen var eg på kunstmuseum, “Las Bellas Artes”, som dei har i mange store byar, kanskje alle? Her i Spania er det gratis inngang på desse musea, så der var masse folk. 

Her var verk av ei mengd med kunstnarar eg aldri har høyrt om. 

Eg tok nokre få bilete der. 

Pablo Picasso
Joan Miró
Kiko Miyares: Eg bringer covid-vaksinene Astrazeneca og Janssen.

På rommet mitt her på Green hostel, har eg nesten “direktekontakt” med kyrkjeklokkene, ei kyrkje like ved. Kvar heile og halve time…… kan berre ane korleis natta blir, viss den ikkje tek pause om natta? 

I morgon, som sagt, går eg til Avilés. Mykje industriområde, og truleg berre asfalt. 

Ein del opp og ned, ser eg. 

29 km. 

Og det er fortsatt fare for regn😳

PS: 13 etappar att, om alt går etter planen.

Green hostel, i gamlebyen i Oviedo.

Camino Norte. Dag 22: Pola de Siero – Oviedo

Tysdag 25.august

26779 steg

17,3 km. 

Transportetappe i dag, alt på asfalt, på veg til Oviedo, hovudstaden i Asturias. 

Tidleg på’ an, sjølv om det var kort etappe. Eg ønska å komme fram før regnet kom. 

Frisk og litt kjøleg morgon.

Det klarte eg ikkje, fekk to regnbyger på meg. Men det var ikkje styrtregn, så det heldt godt berre å ta på seg ponchoen. 

Stoppa i El Berrón og åt frukost. 

Ein café con leche i Collato, 4 km frå Oviedo. 

Nokre glimt frå vegen i dag:

Her har dei eit system med levering av fersk brød på døra, slik også i Frankrike.
El Berrón
Hórreo
Bokhus

Framme i Oviedo 11.30. 

Temperaturane har lege på alt frå 17-18, til 22-23. 

Fann herberget, men det opnar ikkje før kl 16. Eg hadde eit håp om å få sette frå meg sekken, men nei, det var stengt. 

Litt rart at dei har så sein opningstid, når det er eit slikt stort herberge med over 50 sengar.

Eg har vore litt turist i byen med sekken på i dag. Det har gått fint. 

Eg har besøkt katedralen i byen, den heilage Catedral de San Salvador. Heilag fordi den har så mange relikviar. Den blei påbegynt på slutten av 800-talet. Den inneheld fleire stilartar, og det tok fleire århundre å gjere den ferdig, i 1551. 

La Cámara Santa, ein del av kyrkjebygget, og som innhold relikviane, står på UNESCO si verdsarvliste. 

Fekk inngangsbillett til pilgrimspris (visste ikkje at det fanst) og stempel i mitt credencial. 

Vakker katedral. 

Utanfor står La Regenta, eit «must» å ha bilete med henne. 

Skulpturen er ein hyllest til hovudfiguren i den første romanen til Leopoldo Arias Clarín, frå Oviedo, utgitt på slutten av 1800-talet. Romanen er rekna som eit av dei største meisterverka i spansk litteratur. 

Caminoen «El Primitivo» startar framfor katedralen i Oviedo. Vegen blei starta på 900-talet av kong Alfonso 2. el Casto for å besøke den då nyleg oppdaga grava til apostelen Jakob i Santiago. 

Denne Caminoen planlegg eg å gå neste gong. 

I morgon skal eg bu på eit hostal, og vere turist heile dagen. «Kviledag», utan at eg trur det blir mykje kvile. Skal på museum, Bellas Artes, der mange bilete av m.a El Greco, Goya, Picasso, Miró og Dalí heng. 

Eg har også tenkt meg opp på Monte Naranco, 634 moh, med flott natur og flott utsikt. 

Tippar eg skal klare å fylle dagen😊

Men, det er meldt regn også i morgon, og eg har kjøpt meg paraply (igjen). 

…………….

Heia Norge!
Oviedo
Eg og desse bruene……😃

Camino Norte. Dag 21: Villaviciosa – Pola de Siero

Måndag 24.august

41366 steg

26 km. 

I dag og i morgon tek eg ein liten «avstikkar» til Oviedo. Det betyr litt innover i Asturia, så går eg torsdag tilbake til kysten til Avilés. 

Hadde tidleg, og god frukost på herberget, kl 6.30. Fantastisk å kunne bestemme sjølv kor tid ein ville ha frukost😊

Begynte å gå ca kl 7. 

Stille morgon på vegen, litt kjøleg, men det kom seg fort. Så det låg an til ei nydeleg vandring i dag. 

Litt på veg, men mykje på stiar gjennom skog. Fann den første modne fikenen på eit tre i dag😋

Så, rett og slett ei veldig fin etappe i dag. 

Etter eit par timar tok eg att ein ung mann frå Bulgaria, Stanislav. Vi slo følge ein times tid, hadde ein hyggeleg prat om skule, skulesystem, skulestart for 6 eller 7-åringar og jobb. Han bur i Madrid, jobbar der. 

Han tok pause, og eg gjekk vidare. 

Vi møttest att på herberget. 

Slik er det.

Landskapet i dag har vore mykje likt Norge.

Mykje maisproduksjon her.

Mais.

Eg passerte mange små landsbyar i dag; Amandi, Casquita, San Pedro de Ambas, Arbazal, Figares, Vega…..  Mange namn ein aldri har høyrt før. 

Her er kyr overalt. Dei har gode liv, går ute og beitar.

Har merka meg at mange snakkar galisisk her. 

Eg blir litt andektig av å komme så nær på folk og husa deira, vegen passerer rett forbi, og å observere korleis dei lever og bur. Eg håpar dei har gode liv. 

Ein halvtime før eg var framme i Pola, møtte eg ein eldre mann, dvs han kom ut av huset sitt, og spurte om eg trengte vatn? Du må drikke nok vatn, sa han. Eg beroliga han og sa eg drakk vatn, og han ville fylle flaskene mine med kaldt vatn. Eg gav han ei tom flaske, og han kom tilbake med den og ei pære. Drikk opp alt, sa han. Så gjekk han inn att og fylte den på nytt, og hadde med seg ein fersken ut att. 

Gløymde diverre å spørje kva han heitte.

Utruleg hyggeleg å oppleve. Han lurte på kvar eg hadde starta Caminoen, og ønska meg «Buen camino», – «du har ein halvtime att Pola»❤️

Slik opplevingar er GULL, eg blir så inspirert og glad av slikt. 

Det har vore bra varmt i dag. Men det var så herleg å kjenne sola varme i dag. Og sidan eg gjekk sørover retning Oviedo, så hadde eg ikkje sola i ryggen👍🏻

Ca 30 grader ved ankomst herberget i Pola,13.45. 

Ingen hospitalero, han kjem først kl 20. Det er første gang eg opplever det på denne Caminoen. 

Mange ulike typar som overnatter på herberga. Når det er kun eit herberge i ein by, så får ein ei oversikt av kven som er på vegen. 

Regnet kom i 16-tida. Eg var ute og åt middag. Heldigvis var det nokon som hadde berga klevasken🙏🏻

Fekk teke bilete av korleis dei serverer cider her nede:

Eg går i morgon til Oviedo. Eigentleg er den byen startpunktet for Camino Primitivo. Men eg går dit fordi eg har lyst å sjå byen. Skal vere der to overnattingar, eg skal vere turist ein dag. 

17,3 km til Oviedo. 

Det ligg an til fare for regn. Kanskje blir det regn også når eg skal vere turist i Oviedo på onsdag 🫣

……………..

Eit lite kapell midt ute i skogen. Det er «kapellet for velkomst» (Ermita de bienvenida) og er beskyttar for Caminoen. Det seiest at ein prest i området hadde som vane å gå ut og ønske pilegrimane som passerte, velkommen, samtidig som han hadde med mat til dei. Dette gav då opphavet til namnet på dette kapellet.

Camino Norte. Dag 20: La Isla – Villaviciosa

Søndag 23.august

33604 steg

Ca 24 km. 

Uroleg kveld i går på herberget. Det blir slik med 22 personar på eit rom, og inn- og ut av rommet, i eitt køyr. Så det tok si tid før det blei roleg. 

Opp 5.30. 

Starta å gå 6.25, etter ein kjapp, ståande og meget enkel frukost. 

Gjekk fort. 

Flott temp, frisk og kjøleg. Berre vel 18 grader då eg nådde Colunga etter ca 6 km. 

Det var mørkt då eg starta kl 6.35, så valde å gå gangvegen ved sidan av bilvegen, framfor løypa gjennom skogen. 

Sola kom kvart på 8, stadig seinare for kvar dag. 

Etter å ha passert Colunga, gjekk ruta meir på småvegar, og det vart ein fredeleg vandringstur ein søndag morgon. 

Kom fram til Priesca 9.15. 

Der møtte eg Massi. Han hadde overnatta på herberget der, og det var av ein heilt anna standard enn der eg hadde sove. Veldig bra, veldig koseleg, og veldig hyggelege hospitaleras. Det er stor variasjon! 

Eg fekk til og med ein kopp kaffi før vi gjekk vidare.

Den preromantiske kyrkja i Priesca, Iglesia de San Salvador La Priesca, i 921. Restar av murmåleria inne i kyrkja frå den tida, er bevart. Den står på UNESCO si verdsarvliste. 

La Iglesia San Salvador de Priesca

Siste 9-10 km blei unnagjort i luffetempo. 

Det var i grunnen nydeleg å gå litt seint. 

Ankom Villaviciosa i 12-tida. 

Lunsj på ein restaurant i byen. 

Vi er no nstallert på Albergue Congreso. Seng på eit rom med tre andre damer, og bad på deling, til 20€, er ikkje dårleg. Til og med terrasse. Det er luksus for ein pilegrim😃

Rom med terrasse🌟🌟🌟

Massi skal lage middag av resten av spagettien han har dragsa på. 

Dette er siste etappen for han, han tek buss til Oviedo i morgon tidleg, og buss derfrå til Bilbao der bilen står parkert. Han skal tilbake til Torino til jobb. Han driv eit sportssenter, og arrangerer Campus for barn og unge, i sommarferien, (som er 3 mnd i Italia) med masse sport og aktivitet. 

Eg trur han meistrar det meste av diverse aktivitetar, han har bl.a svart belte i judo. 

Det har vore ei glede å bli kjent med han, og å ha selskap på vegen og på nokre av herberga. 

I morgon er det frukost her på herberget, før eg går til Pola de Siero, 26 km. 

…………………..

Fleire glimt frå etappen i dag:

Slik serverer dei cider her i Nord Spania.
Pasjonsblomsr
Colunga

Camino Norte, Dag 19: Ribadesella – La Isla

Laurdag 22.august

21254 steg

Ca 14 km

Regnet kom i går kveld, tromma godt på teltveggen. Artig oppleving å sove i seng i eit telt, med innlagt elektrisitet, og lys i taket. Litt anna enn norske telt i fjellet. 

Det var ei kald natt, og i dag tidleg var det skikkeleg kaldt, for her å vere. 

Pynt på Campingen😊

Men nydeleg dag i dag, sol frå klar himmel, og varmen kom etter kvart. 

Eg hadde planlagt kort etappe i dag, til La Isla, der det er herberge. 

Massi hadde booka i Pierca, ein god del lenger. 

Med kort etappe, så var det ingen stress. Frukost på campingen var ikkje før kl 8. 

Vi forlet campingen ca kl 9. 

Ingen dag er lik dei andre. 

Mykje forskjellig å sjå i dag, mellom anna:

Siéntate y agüeya (asturisk uttrykk: sett deg ned og sjå på folk!)
Klem meg i denne svingen!

Massi og eg gjekk i lag på vegen til eg tok av til La Isla.

Dvs, vi går sjeldan heilt i lag. Han likar å gå åleine, og det same gjer jo eg. Så møtest vi på innimellom, pratar litt, og går vidare. 

Slik er det. 

Det har vore heilt nydeleg å gå i dag. Fine vegar å gå på, og nydeleg landskap, og mange flotte strender. 

Her er det eit eldorado for turistar, m.a. surfarar. 

«Kongevegen»

Det verkar elles som folk lever godt her. Alt verkar velstelt. 

Så har eg oppdaga Asturia sin variant av hórreos, som eg tidlegare har sett i Galicia. Dei er til oppbevaring av mat, bygd på pælar, så ikkje mus og andre dyr skal komme seg inn. Det er same prinsippet som det norske stabburet. Dei vi finn i Galicia, er mykje mindre enn dei vi finn her. 

Artig. Eg synst dei er veldig fine.

Hórreo (stabbur)
Med kreativ pynt🤩 Foto: Massimo

Eg har aldri vore i Asturia før, så nesten alle namn er nye for meg. 

Eg bur på Albergue La Isla. Det er ganske bra standard, og frukost er inkludert, til 10,5€.

Men eg planlegg å stå tidleg opp, komme meg på vegen ca 6.30. Så tek frukost på ein bar på vegen.

Har booka seng i Villaviciosa, ca 24 km, 10 km lenger enn i dag. Eg satsar på at eg når att min italienske følgesvein, etter 12-14 km. 

Og eg satsar på nok ein regnfri dag🤞🏻

………………..

Lunsj på Playa Espasa 😊
Seng på herberget. Plass til 22, det er snart fullt, kl 18.30.

Camino Norte. Dag 18: Llanes – Ribadesella

Fredag 21. august

47024 steg

32 km

Snart tre veker på vegen, tida går fort. 

Livet her er enkelt liv. Det gjeld å finne rutiner som fungerer. T.d å komme seg ut av rommet ein søv på, så stille som mogeleg, kvar morgon, og å få med seg alt ut, lydlaust. Samtidig ta med seg eingangs-madrassdekket og putevaret, som skal kastast. 

Deretter ordne alt i sekken utanfor, eller ein annan eigneleg stad, så ingen blir forstyrra av morgonfuglar som skal tidleg avgarde. 

Så brukar vi app for å finne ruta på gps, vi brukar «Buen Camino», fungerer veldig bra. I tillegg har vi gule piler og skjell som står langs vegen. Det varierer kor godt fysisk merka vegen er. Nokre dagar treng vi nesten ikkje bruke appen, fordi merkinga er så god. 

Og, når vi kjem fram dit ein skal sove, er det klesvask, dusj, mat, uttøying, lesing, skriving, soving. 

Og slik går dagane. 

Så kjem ein jo til nye stadar kvar dag. Vi veit jo alle korleis det er å komme til ein ny stad når vi er på ferie. Ein må gjere seg litt kjent, før ein etter kvart finn seg til rette. 

Her er det ein slik ny situasjon kvar dag. Så blir ein van til det også😃

Tidleg morgon.

Dagen i dag, fredag, frå Llanes, var ei lang etappe som låg foran oss. Vi stod opp tidleg, klar til å gå litt over 6. 

Regnet møtte oss med det same vi forlot alberguet. Då var det berre å stoppe og ta på seg heile habitten. 

Faktisk regna det heilt til vi åt frukost i 8-tida på ein bar i ein liten landsby på vegen, Celorio, etter 5 km. 

Då klarna det opp og var fint resten av dagen på vegen. 

Veldig fin etappe i dag. 

Litt kjøleg i starten pga regnet, men etter kvart blei det ca 23. 

Veldig bra underlag, ikkje så masse asfalt. 

I starten i dag passerte vi mange fine strender; Palombina, Torimbia og San Antolín. 

Playa Torombia
Playa de San Antolin

Faktisk er det perfekte surfeforhold her, her er drøssevis av surfarar langs nordkysten av Spania. 

Vidare passerte vi gjennom meir dyrka land, beitande kyr, og små landsbyar. 

To gutar som selde sitrondrikke, med sitron frå puebloen Piñeres de Pria.
Kreative sjeler i den same landsbyen.

Mais blir det dyrka ein del av her i nord. 

Ved ankomst Ribadesella var det litt nedtur å oppdage at det gjenstod over 3 km til der vi hadde booka seng, på ein Camping. Her er mange finurlege måtar å overnatte på, som er inne i systemet som presenterer overnatting for pilegrimar. 

Denne gangen er det oppsette hustelt. Har sett det mange stadar vi har passert. Enkle telt med sengar i. Betre enn køyeseng.

Lang og fin strand i Ribadesella, som ligg ved elva Sella. Liten by, ca 5,6 tusen innbyggjarar 

Tenk så heldige dei er som har slik strand i byen. Minner om San Sebastián. 

Campingplassen ligg såpass langt unna at eg orkar ikkje tanken på å gå meir i dag. 

Kles- vask og -tørk, og mat hadde pri  1 ved ankomst. 

Kjenner det godt i beina etter 32 km. 

Etappen i morgon går til La Isla, ca 16 km, kanskje kortare fordi vi gjekk gjennom byen hit til Campingplassen. 

Håpar veret blir utan regn, kunne faktisk tenkt meg litt meir sol no. 

…………………

Fint med vindaugskarm ute👍🏻
Morosam vri🤩
Ein helgen på vegen. Innesperra, elles blir den vel stolen.