Onsdag 26.august
27659 steg
I dag har vore såkalla kviledag, men eg har gått like langt som i går…..🤩
Det var rart å kunne ligge litt frampå i dag, og ikkje liste meg tidleg ut, for ikkje å forstyrre dei andre på rommet.
Vi var fire damer på rommet. To av dei var mor og datter, der mora var døv.
Det verka som alle som budde på herberget, skulle vidare på Camino Primitivo.
Berre eg som har teke ein liten avstikkar, for så å gå tilbake på kystvegen i morgon, til Avilés.
Eg har likt å få sjå Oviedo.

Byen minner med om Salamanca, som eg besøkte på Vis de la Plata. Byen er hovudstaden i denne regionen, og har vél 221 000 innbyggjarar. Byen er eit av Asturias største industridistrikt.
Det er ein gammal by, arkeologar har funne spor etter busetnad tilbake til første århundre.
Byen ligg på 241 moh.
I dag gjekk eg på fjellet, på Monte Naranco, 634 moh.
Fin tur, men første del gjennom byen her.
Etter kvart kom eg opp i natur, og til kyrkja San Miguel de Lillo.


Ganske bratt oppover, omtrent som Hafstadkleiva på sitt brattaste.
På toppen venta «Monumento al Sagrado Corazón de Jesús», ein Kristus skulptur på 34 meter, laga i stein. Minte meg om kristusstatua i Rio.


På toppen fekk eg same kjensla som når eg kjem opp på Fløien i Bergen.
Flott utsikt.


Masse folk, der storparten tok det som ein trimtur, eller treningstur.
På toppen var det også restar etter skyttergraver frå då borgarkrigen starta i 1936.
Eg er fornøgd med at eg tok denne turen, sjølv om den tok lenger tid enn nødvendig.
Måtte gå ned sekken på ryggen heile tida. Hostalet der eg bur i natt, opna ikkje for innsjekking før 15.30. Og eg blei for sein til å levere sekken tidleg på morgonen. Sløvt av meg å ikkje sjekke det, så då blei den “meg og sekken” i dag også.

Etter at eg kom nedatt frå fjellet, og sat på ein restaurant og åt lunsj, kom regnet. Og ikkje berre litt regn, det ausa ned. Men eg hadde min paraply i beredskap☂️

På ettermiddagen var eg på kunstmuseum, “Las Bellas Artes”, som dei har i mange store byar, kanskje alle? Her i Spania er det gratis inngang på desse musea, så der var masse folk.
Her var verk av ei mengd med kunstnarar eg aldri har høyrt om.
Eg tok nokre få bilete der.



På rommet mitt her på Green hostel, har eg nesten “direktekontakt” med kyrkjeklokkene, ei kyrkje like ved. Kvar heile og halve time…… kan berre ane korleis natta blir, viss den ikkje tek pause om natta?
I morgon, som sagt, går eg til Avilés. Mykje industriområde, og truleg berre asfalt.

Ein del opp og ned, ser eg.
29 km.
Og det er fortsatt fare for regn😳
PS: 13 etappar att, om alt går etter planen.

You must be logged in to post a comment.