Kjem ikkje under 8 kg, gitt…….

…..men eg trur no eg skal klare å bere det med meg, lell………

Vegen er godt merka, nesten like bra som Turistforeninga.....

Eg har bestemt meg – og ombestemt meg, spesielt med tanke på sko, men no er det deadline, og eg får ta det som det kjem.

I morgon skal eg kjøpe kart i Madrid, og planlegge endeleg rute for vandringa på toget til León, i lag med mine to vandrevener.

Uansett – dette blir spennande, veit ikkje heilt kva eg går til, så eg både gruar meg og gler meg;-)

El camino………

Strekninga Leon – Santiago de Compostela.

Leon –

Santiago de

Compostela…………

Eg skal onsdag 13. juli starte på mi vandring frå Leon til Santiago de Compostela.

Ein del av den berømte Pilgrimsvegen.

No er eg i full gang med planlegginga, ikkje minst pakking av sekken eg skal bære med meg heile vegen. Det er om å gjere at den ikkje blir for tung…..kan eg klare å få den mellom 7 og 8 kg, er eg nøgd!

Dette er noko eg i lang tid har tenkt at eg har hatt lyst til å gjere, og no skal det endeleg realiserast.

Eg er spent på korleis det blir. Blir det masse folk? Blir det vanskeleg å finne «husrom» for soving på kvar plass på vegen? – er berre litt av det eg lurer på.

Men eg kastar meg ut i det, det får bli som det blir, og uansett – så blir eg nokre erfaringar rikare etter at dette er fullført.