Strekninga Leon – Santiago de Compostela.Leon –
Santiago de
Compostela…………
Eg skal onsdag 13. juli starte på mi vandring frå Leon til Santiago de Compostela.
Ein del av den berømte Pilgrimsvegen.
No er eg i full gang med planlegginga, ikkje minst pakking av sekken eg skal bære med meg heile vegen. Det er om å gjere at den ikkje blir for tung…..kan eg klare å få den mellom 7 og 8 kg, er eg nøgd!
Dette er noko eg i lang tid har tenkt at eg har hatt lyst til å gjere, og no skal det endeleg realiserast.
Eg er spent på korleis det blir. Blir det masse folk? Blir det vanskeleg å finne «husrom» for soving på kvar plass på vegen? – er berre litt av det eg lurer på.
Men eg kastar meg ut i det, det får bli som det blir, og uansett – så blir eg nokre erfaringar rikare etter at dette er fullført.
You must be logged in to post a comment.