Kva tek ein med i sekken når ein skal ut på pilgrimsvandring?

Leon – Santiago de Compostela,

2 siste vekene i juli, 2011.

Eg brukte lang tid til å førebu pakking av sekken til turen.

Målet var å få så lett sekk som mogeleg, helst rundt 7 kg…..Var det muleg….?  Difor prioriterte eg å bruke litt pengar på ein god, solid og lett sekk og sovepose.

Eg kjøpte ein sekk av typen

  • Arcteryx Women’s Axios. Den var eg kjempefornøgd med!
  • I tillegg kjøpte eg den lettaste soveposen eg fann – ein dunpose, ca. 600gr.
  • Lakenpose i silke, nesten vektlaus, og god å ha når det var varmare netter, og det blei for varmt med soveposen.
  • Sko: Kva sko skulle eg velje, det var vanskeleg! Skulle eg ta mine vanlege løpe-joggesko og sandalar, eller skulle eg ta mine Gore-Tex fjelljoggesko og sandalar? Eg testa det ut på lengre turar før eg reiste nedover, og valde til slutt mine gode løpe-joggesko. Men – skulle eg ha gått på ei anna tid, hadde kanskje vasstette joggesko vore lurt! Men – i alle fall er det lurt at dei er «inngått» før turen!
  • Sandalar: her «landa» eg på Keen-sandalar, fantastisk gode å gå i, og lette.

Eg var svært fornøgd med vala eg gjorde av sko, og kunne variere mellom desse to para. Hadde berre eit par gnagsår i løpet av 14 dagar.

I tillegg hadde eg med eit par gode støytdempande slippersar til å bruke om kveldane – når såre føter trengde å kvile, og ingenting måtte presse på ev. gnagsår.

Klede:

  • Fleecegensar, ikkje av den tjukke, tunge sorten, men ein lett sportsfleece, gjerne med slike armar som kan trekkast ned over hendene, og der det er mulegheit for litt høg hals.
  • Tynn ulltrøye med lang arm.
  • Ytterjakke tok eg ikkje med. Men dersom eg skulle gå på nytt, ville eg ha teke med ein superlett/supertynn ytterjakke, for det kan blåse temmeleg friskt på fjellet i grytidlege morgontimar.
  • Regnjakke – tok eg ikkje med. Og dette treng ein ikkje – etter mi meining. I staden for hadde eg med ein 2-3 slike tynne regncapar som ein kan kjøpe på sportsforretning, tek lite plass, og veg lite.

Eg kjøpte regntrekk til sekken, men det angra eg på at eg tok med. Det brukte eg ikkje, for regncapen dekka sekken ved regn.

  • 1 stk lett, romsleg, behageleg shorts med lommar – til å gå i, lett å vaske, tørkar fort.
  • T-skjorter: 2 til å gå i, av den lette sports-sorten som er lette å vaske, og som tørkar fort. 2 stk til å ha om kveldane, etter framkomst.
  • Eit skjørt + lett sommarkjole, var gode plagg etter endt gange om dagane.
  • Lang bukse (superlett) hadde eg med, slik eg kunne ta av beina på. Denne brukte eg berre ein kveld……
  • Labbar: 2-3 par gode, litt mjuke hurtigtørkande sportslabbar, og 2 par tynne – som transporterer lett sveitte. Dei tynne kan brukast innerst, viss ein har 2 par i skoa.
  • Undertøy, truser, BH, soltopp……
  • Nattkjole i silke (lett og varmande/kjølande).

Toalettsaker:

  • 2stk handklede, slike lette av microfiber. Lurt å ha eitt av desse litt større.
  • Toalettveske – i gjennomsiktig plast! Det gir god oversikt over innhaldet – krem, deo, shampo, såpe, kam, tannbørste/-krem, personleg medisin,……
  • Gnagsårplaster, diverse saker her…
  • Solkrem, sollipsyl…
  • Lita saks/liten kniv kan vere lurt.

Andre ting:

  • Solbriller.
  • Kamera: Her kjem ein langt med mobil-kamera!
  • Skrivesaker, ei lita bok å skrive daglege notatar.
  • Ei god bok (lett).
  • Lita lykt / leselys – til kveldsbruk – når andre vil ha det mørkt på sovesalen…..
  • Klesvaskemiddel. (Sveitte, illeluktande klede på sovesalen er ei lite hyggeleg oppleving!)
  • Ei lita lett veske – til kveldsbruk…..
  • «Lomme» til pass, pengar, kort og pilgrimspass.
  • Reiseguide-bok – med oversikt over rutene.

Sminkesakene let eg ligge att heime. Eg måtte gå nokre runder med meg sjølv på dette, men kom til at – her kjende ingen meg, og eg skulle klare meg utan dette…… Eg sparte ein del gram på det.

Elles er det massevis av apotek langs vegen, og dei som arbeider der, er ekspertar på gnagsår!

Når eg starta dagens vandring, og hadde med meg ca ein liter vatn, så vog nok sekken mellom 8 og 9kg. Tyngre enn det bør sekken ikkje vere! Etter kvart blei sekken ein god ven, og eg merka den nesten ikkje!

Anbefalast!

GOD TUR!