2 månader i Costa Rica står for døra:) Nærare bestemt reiser eg til Liberia, i den nord-vestlege delen av landet. Her skal eg delta i eit prosjekt, knytta til Project abroad.
Eg skal arbeide som «volontør» – og jobben min blir – første månaden – å vere «gymlærar» på ein barneskule på 700 elevar mellom 6 og 13 år. Deretter blir det ein månad på skulebenken, det skal berre bli herleg å få vere elev igjen!
Bonusen for meg – i tillegg til mange opplevingar, vil vere å få skikkeleg dreisen på spansken.
Torsdag 3.oktober set eg meg på flyet vestover 🙂 GLER MEG!

You must be logged in to post a comment.