På plass i Liberia :)

Så er eg på plass i den lille byen Liberia, i nord-vest i Costa Rica, ca 45 min med buss frå kysten 🙂    60 000 innbyggarar, så det er ein liten by.Utsikt frå rommet mitt - gjennom myggnettet.

Turen i går gjekk overraskande bra, var veldig spent på flyreisa over Atlanteren frå Franfurt til Houston, Texas, sidan den skulle vare 10 t 45 min. Men servicen og måltida på Lufthansa var fortreffeleg, så alt gjekk knirkefritt.

Eg hadde problem med å førestille meg kva eg gjekk til, det gjorde det jo ekstra spennande – kva «galskap» hadde eg gitt meg ut på? Ikkje «berre» vere turist – som er så sytalaust, men arbeide – få kjenneksp til der «verkelege» livet her……. Det gjorde spenninga ekstra stor framfor turen.

Men no er eg her…….. Her er livet totalt annleis enn det eg er van med. Her er det tydeleg stor fattigdom, folk lever enkelt, men alle verkar så hyggelege og blide, og hjelpsame.

Har i dag hatt meg ein tur rundt i byen, i lag med mi vertinne, Hellen og dattera Ashley. Tenk at eg kunne gløyme å kjøpe med meg ein elektrisk adaptor på flyplassen i Houston…. Men heldigvis fekk eg tak det i her, så eg klarar meg.

Eg bur i det «rosa huset» ved hotel Riviera, – og utsikta frå rommet mitt i eine retninga er som biletet viser – gjennom myggnettingen. Tidsforskjellen er 8 timar etter Norge – men eg klarte å sove til 8 i dag, dvs til klokka 16 heime i Norge. Har ikkje gjort det sidan eg var ungdom, ha 😀 Dette trass iat ein hane i nabohuset gjorde iherdige forsøk på å få meg opp kl 4 i natt!

Hellen vil så gjerne at eg har det bra, og spør kva mat eg likar, og eg trur ho hadde laga kva det var – for at eg skulle få ha det bra. Men eg er altetande, og vil ete den maten ho serverer, costarikensk mat 😀

Her er kjeeeeeeempevarmt (eg klagar ikkje!) – og regntid, så det er lummert og skya, og regn på ettermiddagen. Eg tek det som det kjem 🙂

Ha det godt heime!  KLem.