Det kan vere eit problem – ofte – at ein gjer seg nokre førestillingar om korleis
ting og stadar ser ut – før ein kjem dit. Eg skal vere ærleg å seie at eg faktisk hadde sett føre meg Liberia som ein liten og vakker by i Guanacaste i nord-øst Costa Rica. At han er liten, er korrekt, men eg vil ikkje akkurat kalle han vakker. Men han gjenspeglar at det er mykje fattigdom her, og vedlikehald er eit framandord, diverre.
Men eg tippar at eg etter kvart vil sjå at han kan også vere vakker, når eg får litt meir tid på meg 🙂 Dessutan så finst det veldig mange fine stadar her i Costa Rica!
I tillegg så er folka her – fantastiske! Utruleg vennlege, rolege og tålmodige.
Trur dette skal gå bra 🙂


You must be logged in to post a comment.