Det er tysdag ettermiddag her i Liberia, regnet har nett begynt for dagen……og heime gjer de dokke klare til å gå til sengs. Eg har etter kvart begynt å tilpasse meg tidsforskjelen.
Eg bur i det rosa huset, ved hotellet La Riviera, 75m meter mot nord, Liberia = adressa der eg bur. Her i Liberia har ikkje gatene namn, berre nr. 1 eller nr. 2 – i beste fall….. Og adressa til ulike hus blir knytta til spesielle bygningar i nærleiken 🙂
Her bur Hellen, og dattara Ashley. Vi er to voluntørar som bur hos henne, Sabina frå Holland, og eg. Her blir vi teke godt vare på, Hellen er ei strålande dame på 36 år, og alltid blid og hyggeleg – som alle costarikanarar.
Hellen elskar å lage mat. Det varierer mykje kva vi får til dei ulike måltida, til frukost i dag, t.d. fekk vi pannekaker. Uvant for meg som er van med den norske frukosten. Her er det også slik at det er «husmora» som legg på tallerkenen når vi får middag.
I morgon skal eg møte på den skulen der eg skal jobbe dei fleste dagane. Det blir spennande, for
her er det mykje disiplinproblem, og eg har ei kjensle av at eg blir ein slags aktivitetsleiar.
¡ Hasta pronto!



You must be logged in to post a comment.