La madre de casa :)

Det er tysdag ettermiddag her i Liberia, regnet har nett begynt for dagen……og heime gjer de dokke klare til å gå til sengs. Eg har etter kvart begynt å tilpasse meg tidsforskjelen.

La mamá de casa - Hellen :)

La mamá de casa – Hellen 🙂

Eg bur i det rosa huset, ved hotellet La Riviera, 75m meter mot nord, Liberia = adressa der eg bur. Her i Liberia har ikkje gatene namn, berre nr. 1 eller nr. 2 – i beste fall….. Og adressa til ulike hus blir knytta til spesielle bygningar i nærleiken 🙂

Her bur Hellen, og dattara Ashley. Vi er to voluntørar som bur hos henne, Sabina frå Holland, og eg. Her blir vi teke godt vare på, Hellen er ei strålande dame på 36 år, og alltid blid og hyggeleg – som alle costarikanarar.

Eg kunne ha vore mora :)

Eg kunne ha vore mora 🙂

Hellen elskar å lage mat. Det varierer mykje kva vi får til dei ulike måltida, til frukost i dag, t.d. fekk vi pannekaker. Uvant for meg som er van med den norske frukosten. Her er det også slik at det er «husmora» som legg på tallerkenen når vi får middag.

I morgon skal eg møte på den skulen der eg skal jobbe dei fleste dagane. Det blir spennande, for

Utsikt frå rommet mitt, første solnedgang, dei andra dagane har det regna....
Utsikt frå rommet mitt, første solnedgang, dei andra dagane har det regna….

her er det mykje disiplinproblem, og eg har ei kjensle av at eg blir ein slags aktivitetsleiar.

¡ Hasta pronto!

2 kommentarar på “La madre de casa :)

  1. Hei Kari !! Så du kunne ha vore MORA ?? Det er DU som ser ut som ei ungjente..lys, slank og fin !!Men det er betryggande å høyre at du har det fint og blir teken godt vare på .Skal bli kjekt å lese om korleis du opplever elevane og skulesystemet. Her heime har vi hatt normal start på haustferien,3 dagar med regn, men slett ikkje 32 grader !! No gler eg meg til å reise til Møre og vere saman med våre skjønne små !!. Følgjer med deg dagleg på Ka Vi-ar , og tenkjer mykje på deg. Lukke til vidare, klem.

    • Tusen takk Anny! Og så bra at du sikkert no er på veg til Møre, det blir nok veldig kjekt! Haha 🙂 Ja, du kan spøke, men takk for kompliment 😀 Klem.

Kommenter innlegget