På jobb i dag, der eg skal jobbe saman med/og tidvis i staden for – Jessica. Her skal eg vere onsd. – fredag. Onsdagar frå 7 til 11.30, torsdagar og fredagar frå 7 til 17. Hjelpe meg, for nokre lange dagar! Måndagar og tysdagar på ein annan skule……
Eg avslutta heldigvis dagen i dag med denne gjengen. Der var det i alle fall ingen som plaga andre…….. Med den første klassen eg deltok i først dag, frå 8.25 – der var det store utfordringar i så måte! FOR ein kulturkollisjon, og for nokre disiplinære problem dei har her! Eg trur at eg kan seie at eg aldri har følt meg så mislykka som lærar nokon gang, som når eg skulle prøve å undervise den gjengen i dag! Heilt makteslaus følte eg meg, eigentleg………., grunnleggande kaos.
Læraren brukte elles halve tida inne i klasserommet, (for å prøve å disiplinere elevane? Eller for å «overleve»?) Ho brukte alltid å starte inne i klasserommet, sa ho….. PÅ timeplanen står det volleyball – heile oktober.
Og desse 11-12-åringane hadde hatt prøve i reglane i volleyball. Straffelekse for dei som ikkje gjorde det godt nok. Og når der ikkje blei ro, så heva berre læraren stemma slik at ho skulle overdøyve støyen…..
Eg må seie – at eg er temmeleg disillusjonert etter første dagen. Kva kan vesle meg gjere, når eg berre snakkar sånn halvveges bra spansk – i ein
slik samanheng…….? Jaja, vi får no sjå korleis det går, kanskje skal eg ikkje ha nokon illusjon? Hadde det ikkje vore for denne siste klassen, så hadde eg sett temmeleg mørkt på å vere 4 veker på denne skulen.
Håpar det går betre etter kvart!



You must be logged in to post a comment.