Den lange fredagen som blei kort, kort…..

Eg som hadde sett fram til å ha 10 timar på jobb i dag, blei snytt for den erfaringa! Det er slikt som skjer her i Costa Rica. Først hadde min superwiser gløymt å fortelje meg at dei første 2 timane – frå kl. 7, var kansellert pga av «eksamen»…… Så fekk eg etter kvart vite at dei siste 3 klassane «gjekk ut»- også det pga av eksamen.

Her veit vi i grunnen ofte ikkje kva som kjem til å skje eller om der blir endringar. Det er kanskje dette som ligg i uttrykket «Pura Vida»?

Har i dag møtt to skjønne grupper med 8-9åringar. Litt ville og galne, dei òg, men ingen som øydela for kvarandre. Og utruleg nysgjerrige på korleis det er i Norge. Så vennlege og hyggelege!

Klasse 3:3. Ikkje akkurat moderne pultar, og behagelege stolar.

Klasse 3:3. Ikkje akkurat moderne pultar, og behagelege stolar.

Einaste som hadde gjort leksa, å lage ei volleybane.

Einaste som hadde gjort leksa, å lage ei volleybane.

Læraren Jessica framfor klassen 3:3.

Læraren Jessica framfor klassen 3:3.

Volleyball også i dag, og eg fekk att litt av sjølvtilliten med denne gjengen. Eit par gutar kom bort til meg etter timen og sa at «du er ein god lærar». Og det må eg jo berre gøyme i mitt hjarte, må vite 🙂 Kom vel av at eg prøvde å instruere dei, og gi feedback, viktig!

Her i Costa Rica står snart «langferien» for døra, skuleåret er slutt om ikkje lenge. Og her har altså elevane eksamen på kvart klassetrinn, før skuleslutt, for å sjå om dei kan flytte opp til neste trinn. Dersom dei stryk no, får dei ein ny sjanse i februar. Stryk dei då òg, må dei gå omatt!

Skulen har også mange plakatar hengande rundt omkring, om kva som er viktige verdiar å ha, som respekt, ærlegheit og rettskaffenheit. Og dei har ein «verdi» kvar månad. Denne månaden er det  SUKSESS som er valt, heng vel kanskje saman med at det er eksamenstid?

Månadens verdi: Suksess!

Månadens verdi: Suksess!

Elles så kan ungane her kjøpe is og chips og sukkerhaldig drikke i kiosken på skulen, og dei et i timen, går rundt slik det passar dei, og læraren truar med melding heim. MEN: Det er ikkje ungane sin feil! Det er grunnleggande ting som mangel på struktur og konsekvente reglar, som ikkje blir drilla inn frå starten av. Utgangspunktet dei har for å få det til – er utruleg flotte ungar!

Sjå berre her:

Skønne jenter, 8-9 år :)

Skønne jenter + ein gut, 8-9 år 🙂

Fleire kom til og ville vere med :)

Fleire kom til og ville vere med 🙂

Flotte ungar i 3.klasse.

Flotte ungar i 3.klasse.

Uventa fridag :)

I dag fekk eg ein uventa dag fri, men skal jobbe lørdag, så då går det vel opp i opp 🙂 Ønska å verkeleg «ha ferie», og drog til eit hotell her i Liberia, der ein kan nyte dagen ved bassengområdet for 6 dollar.

Bassenget for meg sjølv :)
Bassenget for meg sjølv 🙂

Hadde heile området for meg sjølv, herleg avslappande i selskap med Ken Follett og «Vinter over verden».

Eg har elles jobba med meg sjølv, og mine frustrasjonar frå i går, og prøver å skru ned forventningane mine. Det trur eg (?) at eg skal klare……. Eg er spent på morgondagen, med 6 grupper og 6 dobbelttimar på rappen. 10 timars arbeidsdag, ikkje rart det blir kaos!

Iguan

Iguan

På veg til bassenget, såg eg denne karen: Ein iguan. Ganske flott, synst eg. Nyttedyr, heilt ufarlege, men bit viss dei ikkje kjem seg unna. Dei kjem t.d. inn i huset til Hellen, og et insekt, maur og andre dyr som måtte befinne seg der. Mindre artar – firfisle – kryp oppover veggane. Det kan ikkje iguanen.

Også passerte eg parken i byen, kyrkja og plassen framfor. Har begynt å like parken, og synst at den er fin, med sine originale benkar 🙂

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Avslutta dagen med ei god suppe til middag, med Hellen som kokk, og i selskap med Sabina, frå Holland, som også er volontør, og bur på naborommet 🙂

Take care i heimlandet, ser at det er meldt «Indian summer» heime, det gjer nok godt, tenkjer eg 🙂