Eg som hadde sett fram til å ha 10 timar på jobb i dag, blei snytt for den erfaringa! Det er slikt som skjer her i Costa Rica. Først hadde min superwiser gløymt å fortelje meg at dei første 2 timane – frå kl. 7, var kansellert pga av «eksamen»…… Så fekk eg etter kvart vite at dei siste 3 klassane «gjekk ut»- også det pga av eksamen.
Her veit vi i grunnen ofte ikkje kva som kjem til å skje eller om der blir endringar. Det er kanskje dette som ligg i uttrykket «Pura Vida»?
Har i dag møtt to skjønne grupper med 8-9åringar. Litt ville og galne, dei òg, men ingen som øydela for kvarandre. Og utruleg nysgjerrige på korleis det er i Norge. Så vennlege og hyggelege!
Volleyball også i dag, og eg fekk att litt av sjølvtilliten med denne gjengen. Eit par gutar kom bort til meg etter timen og sa at «du er ein god lærar». Og det må eg jo berre gøyme i mitt hjarte, må vite 🙂 Kom vel av at eg prøvde å instruere dei, og gi feedback, viktig!
Her i Costa Rica står snart «langferien» for døra, skuleåret er slutt om ikkje lenge. Og her har altså elevane eksamen på kvart klassetrinn, før skuleslutt, for å sjå om dei kan flytte opp til neste trinn. Dersom dei stryk no, får dei ein ny sjanse i februar. Stryk dei då òg, må dei gå omatt!
Skulen har også mange plakatar hengande rundt omkring, om kva som er viktige verdiar å ha, som respekt, ærlegheit og rettskaffenheit. Og dei har ein «verdi» kvar månad. Denne månaden er det SUKSESS som er valt, heng vel kanskje saman med at det er eksamenstid?
Elles så kan ungane her kjøpe is og chips og sukkerhaldig drikke i kiosken på skulen, og dei et i timen, går rundt slik det passar dei, og læraren truar med melding heim. MEN: Det er ikkje ungane sin feil! Det er grunnleggande ting som mangel på struktur og konsekvente reglar, som ikkje blir drilla inn frå starten av. Utgangspunktet dei har for å få det til – er utruleg flotte ungar!
Sjå berre her:







Ja,der ser du. Nett som heime,det går betre med det meste enn ein skulle tru:) . litt fleksitid er jo flott :). Ser no ut som du har godt taket på desse ungane, eg tenker nok dei er godt fornøgd med «nylæraren» sin. Sikker spennande for dei og med langveisfrå framandfolk…Synes det er veldig artig å tenke på forskjellane ungar veks opp under, både når det gjeld kultur og tilgang på «det nødvendige»som er temmeleg variert. I og med at dette ikkje er eit krigsland, kan ein jo rekne med at dei ikkje er frarøva all tryggleik. Dei ser faktisk veldig herlige ut : )
Vi har besøk av Katrine og ungane. Kristian har arb helg. No skal heile bushen lage Taco hos Daniel så litt liv og røre er det her og. alle har vore med i dyreparken til Turid og vege pinnsvin. Stor stas! Ha god helg og alle helsar! Klem
Hehe 🙂
Ikkje akkurat nett so heime, men….
Ja, har sett flotte bilete på FB av dyrehagen i Erdalen. Veldig koseleg å sjå.
De har nok hatt ei kjekk og livleg helg, tenkjer eg.
Ungane her i Costa Rica, ja, ikkje akkurat velståande alle, men veldig opne og trygge, og tillitsfulle.
Her snakkar folk med kvarandre om ein ikkje kjenner dei, på bussen t.d. Når nokon set seg i lag med nokon, så pratar dei med kvarandre. Og ungar som gret, blir gjerne trøsta av framande.
Lørdag då eg gjekk til bussen til Carrillo, så var det ein på gata som sa «adjø» til meg, fordi eg hadde ein sekk på ryggen.
Og mange folk helsar og seier god dag på gata.
Ikkje akkurat Ola Nordmann-fakter 😀
Hels alle masse, klem.