Uventa fridag :)

I dag fekk eg ein uventa dag fri, men skal jobbe lørdag, så då går det vel opp i opp 🙂 Ønska å verkeleg «ha ferie», og drog til eit hotell her i Liberia, der ein kan nyte dagen ved bassengområdet for 6 dollar.

Bassenget for meg sjølv :)
Bassenget for meg sjølv 🙂

Hadde heile området for meg sjølv, herleg avslappande i selskap med Ken Follett og «Vinter over verden».

Eg har elles jobba med meg sjølv, og mine frustrasjonar frå i går, og prøver å skru ned forventningane mine. Det trur eg (?) at eg skal klare……. Eg er spent på morgondagen, med 6 grupper og 6 dobbelttimar på rappen. 10 timars arbeidsdag, ikkje rart det blir kaos!

Iguan

Iguan

På veg til bassenget, såg eg denne karen: Ein iguan. Ganske flott, synst eg. Nyttedyr, heilt ufarlege, men bit viss dei ikkje kjem seg unna. Dei kjem t.d. inn i huset til Hellen, og et insekt, maur og andre dyr som måtte befinne seg der. Mindre artar – firfisle – kryp oppover veggane. Det kan ikkje iguanen.

Også passerte eg parken i byen, kyrkja og plassen framfor. Har begynt å like parken, og synst at den er fin, med sine originale benkar 🙂

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Parken i Liberia.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Ei av kyrkjene, ein moderne variant.

Avslutta dagen med ei god suppe til middag, med Hellen som kokk, og i selskap med Sabina, frå Holland, som også er volontør, og bur på naborommet 🙂

Take care i heimlandet, ser at det er meldt «Indian summer» heime, det gjer nok godt, tenkjer eg 🙂

6 kommentarar på “Uventa fridag :)

  1. Hallo Kari. —Alltid kjekt med fridagar, men er no kjekkast å vite om det……Vi er vel gjennomstrukturerte her i området, mot korleis det er mange stader,- sikkert god trening på «hakuna matata». Her gledar vi oss til «indian summer»,:p — 13-14 grader er bra det i oktober, om Yr får rett, men sommar? Vel, vel. Betre enn minusgrader, i alle fall.
    Her står det bra til, både med «dyrehagen» og folk flest. Lurer på om det er like før pinnsvina går i dvale, det er i alle fall mindre mattinntak og aktivitet. Lurer på om eg skal henge meg på, ein vinterdvale hadde ikkje vore å forakte…. Lisjepusen derimot ser ikkje ut til å ha slike planer, ho lever herrens glade dagar som Smisokatt og midtpunkt kvar ho er… Signala frå A og EM er at det kan vere klokt å halde av helga kring 20. september 2014…
    Sjølv ha eg levert arbeidskrav 1 i dag, omsider. Etter at alt av teknologi som kunne svikte, gjorde det… Og der teknologien heldt mål, så mangla mine ferdigheiter på å bruke den…. Misste office’n undervegs og fekk ikkje opna dokumenta mine, og måtte begynne på nytt to gongar… Så rekna eg meg stort sett som ferdig onsdag kveld, innstallerte ny office og lagra NØYE! Torsdag morgon: Ingen ting på mi maskin som var lagra onsdag etter klokka 19.— Stadiet før sjølvmord!!!! Heldigvis fann Asgeir det att for meg torsdag ettermiddag, — så skulle eg levere det i dag, og fekk ikkje til å sette sidetal… Det enda med at etter to timars strev på overtid, så tenkte eg f… og, og sende det utan….Så no skal eg ha eit par dagar fri før eg begynner på nr 2…
    Likte benkane i parken. Du får ta deg tid til å sitje litt på dei….Ha det bra, og lukke til. Er det skule på lørdagar der nede???
    Ha ei fortreffeleg helg. Er det sommar eller vinter der du er???? STOR klem.

  2. Heisann!
    Takk for lang og koseleg og morsom helsing, om både eitt og hitt 🙂
    Ja, når teknikken klikkar, er det jag.. lett å klikke med. Rett og slett adrenalinsprut! Huff, eg fekk sveittebye av å lese om PC-stresset, hehe 🙂 i tillegg til dei eg allereie har. Her går eg konstant sveitt……
    Her er vinter = regntid. Dvs at det e veldig varmt, ca 30, og regn – helst på ettermiddagen. Her i Guanacaste reknar dei at denne regntida sluttar tidlegare enn andre stadar i CR. Så det pleier å lette litt ut i november.
    I morgon når eg reiser ut til kysten, så er det finare ver enn her, så forhåpenlegvis litt strandliv, med solfaktor 30.
    Høgsesongen her begynner visst i des.
    Artig å høyre om piggsvin og smisokatt 🙂 Dei er i gode hender, skjønar eg.
    Ser på PCen min kva klokka er heime, så du er eit godt nattedyr, men det er deileg å rangle litt på ein fredagskveld.
    Her er den fredagskjensla ikkje den same.
    Nei, det er ikkje skule lørdagane, men 12.okt. er ein slags Kulturdag, og det er arrangement på skulen «min». Og eg skal møte kl. 7.30 der, vere der ei stund.
    Deretter tek eg bussen til Corrilla.
    Tilbake måndag. Pga at denne dagen i morgon, 12.okt, kom på ein lørdag, får dei den neste arbeidsdagen fri. Slik er det her.
    Og det passa jo fint, sidan eg ikkje kunne reise i dag, men måtte vente til i morgon 🙂
    Gler meg til å komme dit, det skal visst vere aldeles nydeleg der, og utruleg solnedgang. Hei helg med total avslapping.
    Ja, eg sat på benkane i parken seinast i dag, til det begynte å regne. Og e øver meg på å gå seint, hehe 🙂
    God helg til dokke alle, skal halde av helga ;D
    STOOOOOR klem, Kari.

  3. Halloen. Ja, litt rangling må til. Har vorte mykje av det denne helga, så i kveld trur eg at eg skal ta ein tidlegare kveld. Hadde besøk av ho eine eg skreiv prosjekt med i vår, vi knekte nokre flasker vin og feira at vi er komne så langt som vi er. Trur i alle fall det var det vi feira :P…
    Varm vinter, med høgsesong i desember… høyrest ganske fantastisk ut. Men vi har faktisk hatt varme denne helga. Skarpt når sola er vekke, men T-skjortever når den er framme. Men skulle fint ha takla eit krav om solfaktor 30, men det vert nok ei stund til 😛
    Bryllaupet til Asgeir og Ellen Marie vert på Kolbotn, dei skal gifte seg i kyrkja som er «nabohuset» der Ellen Marie har vakse opp. Det er mykje planlegging alt. Trur dette kan bli veldig kjekt 🙂
    Ha ei strålande veke. Skulle helse frå Asgeir, Ingvild og co. Hakuna matata. 🙂 Klem.

    • Høyrest perfekt ut 😀
      Hadde vore kjekt med bryllaup, men det er jo ikkje sikkert dei skal ha så stort at alle vi gamletantene blir bedde. Men det ser vi no, vi held no av datoen 🙂
      Ja, ikkje alltid så nøye med kva ein feirar, hehe 🙂
      Flotte bilete av ungane på FB, artig å sjå!
      Stoooor klem, Kari

Kommenter innlegget