Playa Carrillo v/ Stillehavet :)

Playa Carrillo - med eit palme-belte rundt.
Playa Carrillo – med eit palme-belte rundt.

Denne helga har eg vore i Carrillo. Eg hadde måndagen fri, fordi skulane var stengt. Når ein «fridag» (lørdagens kulturdag) fell på ein helgedag, får elvane fri den påfølgande skuledagen, difor altså……

Carrillo er ein bitteliten plass ved Stillehavet – her i Guanacasteprovinsen, – og har ei vidunderleg vakker strand. Ikkje mykje strand her i Liberia, så det var deileg å komme ut til kysten. Litt mindre regn om ettermiddagen der.

Playa Carrillo
Playa Carrillo

Tok 2 bussar, via Santa Cruz og Nicoya, før eg var framme etter ca 3 timar. Ikkje akkurat same busskvaliteten som er godkjent heime i Norge, men eg overlevde utan sikkerheitsbelte og komfortable sete…….

Mot kveld
Mot kveld

Hadde bestilt rom på El Colibri. Koseleg liten plass eigd av eit argentisk par, som i høgsesonger lagar fantastisk mat frå det argentinske kjøkken. Diverre var det lågsesong no, difor var ikkje vertsskapet der – dei var på ferie i Argentina, men eg fekk i alle fall frukost der. Einaste aberet var at der ikkje var havutsikt. Det hadde eg innbilt meg, så der blei eg litt snytt gitt……. Men eg fekk sjå den flotte solnedgangen som «alle» snakkar om :)Eg slappa av, åt middag «ute» på eit nabohotell, las Ken Follett, og sveitta på stranda sundagen og litt av måndag – før eg reiste tilbake til Liberia.

Ei herleg og avkoblande helg 🙂

Playa Carrillo

Playa Carrillo

Surfebølger

Surfebølger

Eldorado for surfarar

Eldorado for surfarar

Solnedgangen er berømt

Solnedgangen er berømt

Solnedgang

Solnedgang

Og blomster eg alltid må ta bilete av :)

Og blomster eg alltid må ta bilete av 🙂

Sommarfugl-delikatesse

Sommarfugl-delikatesse

El Colibri

El Colibri

Encuentro de culturas – «kulturdag» – 12.okt.

Laurdag 12.oktober er ein offentleg kulturdag/festdag her i Costa Rica. Og eg var

Møte med kulturar.
Møte med kulturar.

på «jobb», festen starta kl. 07.30 om morgonen. Her startar skule- og arbeidsdagen kl. 7, det er heilt vanleg. Og merkeleg at det er så lett å venje seg til det. Men dethar vel med at det blir lyst kl. 5 om morgonen. Det er mørkt kl. 18, og i 21-tida er eg stuptrøtt……

Festen på skulen var veldig høgtidleg. Starta med flaggparade. Først kom to elevar med byen Liberia sitt flagg, deretter flagget til Guanacaste-provinsen, og til slutt Costa Rica

Det costarikanske flagget.
Det costarikanske flagget.

sitt flagg. Alt gjennomført med stor høgtid, og etterpå sang alle nasjonalsangen – med handa på hjartet. Veldig fint og høgtidleg!

Merengue-dans

Merengue-dans

Elevane hadde nydeleg underhaldning, som starta med dei små – som presenterte/var kledde som – dei ulike folkegruppene som bur i Costa Rica: Costarikanarane sjølve, nordamerikanarane, bolivianarar, innfødde / indigenas, kinesarar og spanjolar. Og kva som var typisk mat for desse gruppene.

Marimba

Marimba

Vidare var det ei jentegruppe som dansa merengue, så fekk vi høyre musikk på «marimba», og til slutt vakker dans, i spanske flamenkokjolar.

Dans - inspirert frå Spania
Dans – inspirert frå Spania

Sjølvsagt også tale – ved rektor. Ei kjekk økt på jobben – før eg tok helg 🙂

P1020669P1020666

Ein flittig gjest :)

Iguan-besøk hos Hellen :)

Iguan-besøk hos Hellen 🙂

I huset til Hellen har vi siste tida hatt ein flittig gjest, ein ganske stor iguan. Han et skadedyr, og er heilt ufarleg. Men ein kvepp jo litt når han dukkar opp, og det er jo ikkje akkurat veeeeeeldig triveleg å vite at han er ein plass i rommet. Hunden Lola gir beskjed, og likar dårleg denne gjesten, og ho seier veldig tydeleg ifrå om det 🙂

Eg synst han er ganske søt – i alle fall på litt avstand 🙂