Encuentro de culturas – «kulturdag» – 12.okt.

Laurdag 12.oktober er ein offentleg kulturdag/festdag her i Costa Rica. Og eg var

Møte med kulturar.
Møte med kulturar.

på «jobb», festen starta kl. 07.30 om morgonen. Her startar skule- og arbeidsdagen kl. 7, det er heilt vanleg. Og merkeleg at det er så lett å venje seg til det. Men dethar vel med at det blir lyst kl. 5 om morgonen. Det er mørkt kl. 18, og i 21-tida er eg stuptrøtt……

Festen på skulen var veldig høgtidleg. Starta med flaggparade. Først kom to elevar med byen Liberia sitt flagg, deretter flagget til Guanacaste-provinsen, og til slutt Costa Rica

Det costarikanske flagget.
Det costarikanske flagget.

sitt flagg. Alt gjennomført med stor høgtid, og etterpå sang alle nasjonalsangen – med handa på hjartet. Veldig fint og høgtidleg!

Merengue-dans

Merengue-dans

Elevane hadde nydeleg underhaldning, som starta med dei små – som presenterte/var kledde som – dei ulike folkegruppene som bur i Costa Rica: Costarikanarane sjølve, nordamerikanarane, bolivianarar, innfødde / indigenas, kinesarar og spanjolar. Og kva som var typisk mat for desse gruppene.

Marimba

Marimba

Vidare var det ei jentegruppe som dansa merengue, så fekk vi høyre musikk på «marimba», og til slutt vakker dans, i spanske flamenkokjolar.

Dans - inspirert frå Spania
Dans – inspirert frå Spania

Sjølvsagt også tale – ved rektor. Ei kjekk økt på jobben – før eg tok helg 🙂

P1020669P1020666

2 kommentarar på “Encuentro de culturas – «kulturdag» – 12.okt.

  1. Hallo ! Du verda for fargesprakande opptog !! Eg trur at våre kulturkveldar i norske skular ville bleikne !! Flott at du får med deg alt dette ! Her har den første snøkruna lagt seg på fjelltoppane, men sist måndag sat eg i «berre BH» på støylen,16 grader !! Godt å kjenne på varmen !! Elles gler eg meg over å tenkje tilbake på 3 herlege dagar ilag med Aurora og Brage !!Gler meg til å følgje med deg vidare, klem.

    • Ja, tenkjer du hadde det fint på Møre, kjekt å følgje slike små som endrar seg frå gang til gang når ein ser dei. Huff, snø allereie….. Men bra de hadde den fine helga sist i ferien, så de fekk ei vitaminkule 🙂 Lukke til med hausten jobbing, Anny, stor klem, Kari 🙂

Kommenter innlegget