Vennlege og flotte skuleungar :)

Velkommen!

Velkommen!

Eg sluttar ikkje å la meg imponere over skuleungane her i Liberia. Eg blir så imponert over deira tålmod, deira rausheit, deira varme og vennlegheit.

Denne veka er eg – 4 dagar – på Escuela Ascension Esquivel Ibarra, 5 min å gå frå der eg bur. Her er skulen bygd med ein plass i midten, som ein spansk «patio» – der all kroppsøving skjer (utan tak – i sol (les: 30 – 40 grader) og regn….) – og all aktivitet i friminutta. Her er det eit yrande liv i friminutta, der er ikkje øyrens lyd! Og fleire aktivitetar skjer på same tid og same plass – fotball og basketball, og mange «kampar» og mange ballar. Og ingen lar seg affisere av at dei blir forstyrra av andre «kampar». Eg blir

Friminutt.
Friminutt.

så fascinert av å sjå på! Og det er ikkje krav om flotte ballar! Her spelar dei fotball med plastballar, og ballar utan luft. Berre det kan sparkast, så er det ikkje så nøye! Dei har det moro lell. Og skuleplassen er av betong! (Har ikkje høyrt noko om beinhinnebetennelse her…….. 🙂

Full aktivitet, og fleire kampar samtidig.....
Full aktivitet, og fleire kampar samtidig…..

Og er der nokon som hoppar tau, t.d. og andre går i vegen, så ventar dei tålmodig til dei har gått vekk.

Populær plass i skyggen under treet.
Populær plass i skyggen under treet.
Viktig inventar i skulegarden!

Viktig inventar i skulegarden!

I dag, torsdag, har eg vore på Escuela John F. Kennedy, grunnlagd 1962, sikkert ei gåve frå USA. Også her skjer det same – fleire aktivitetar samtidig, men her er ungane litt heldigare stillt – kroppsøvingsplassen er under tak! Ein spesiell episode i dag, illustrerer deira vennlegheit og omsorg: Eg spelte basket med ein gjeng, og parallelt er der ein fotballkamp med forholdsvis små ungar. Ei av jentene som spelte basket, fekk ein susar ev ein ball i ansiktet/auget, og eg følgde henne på toalettet for å ha på «kaldt» vatn. Ho kvikna fort til att, og då vi kom ut frå toalettet, stod ein liten gut der og så «Perdoname»! Han bad om unnskyldning, og ingen hadde bedd han om det, det var berre heilt naturleg for han å gjere det! Eg måtte jo berre skryte av han, og seie kor bra det var at han sa unnskyld. Og når nokon scorar i kamp – eller nesten scorar – så er det «da me cinco» (give me five) med spelarane på laget med ein gong, og full jubel for «helten».

Merengue-øving.

Merengue-øving.

I Kantina observerte eg òg ein tilsett på kjøkkenet/bak serveringsdisken som mista eit lokk i golvet. Og då var det ein gut i «mi» gruppe som berre sprang bort og tok opp lokket til henne. Heilt naturleg! Og eg står der og lurer på om dette hadde skjedd i Norge?

Har i dag også vore innom ein dansetime, trur det

Både store og små var med.
Både store og små var med.

Merengue-øving.

Merengue-øving.

var «merengue» dei skulle øve inn. Ein stor gut/elev var instruktør. Ingen av dansarane  blei flaue over at der var andre som såg på dei, verka som dei berre synst det var stas. Og ingen gutar som var flaue for å danse!

Utruleg artig å sjå kor frie og upåverka dei er.

Til slutt eit par bilete med  basket-elskande Isabela, som spelte på mini-basketlag, og hennar store lidenskap var basket. Ho sa til meg: «A mi familia yo digo que naci para el baloncesto» (Til familien min seier eg at eg blei født til å spele basket 🙂 Ho var verkeleg flink!

Isabela er ho bak som er høgast.

Isabela er ho bak

som er høgast.

Isabela og tvillingbroren hennar :)

Isabela og tvillingbroren hennar 🙂

4 kommentarar på “Vennlege og flotte skuleungar :)

  1. Kjære Kari! So kjekt å lese bloggen din! Og so godt det må vere å oppleve at go`heita framleis finns mellom menneske i rikt monn, vi har noko å ta att! Kjekt å oppleve at ungane er nøgde og flinke. Du må ha utrulege opplevingar på reisa di! Bileta er fantastisk flotte! Her er det utruleg flott høstver med sol kvar dag, Minusgrader i dag, og eg har fridag og er klar for ein liten tur til flells (sjølv om ein ikkje kjem så veldig høgt i Bergensområdet). Ha gode dagar, og eg gledar meg til det som kjem!
    Eg har også teke fram atlasen for å fylgje deg! Vibeke

    • Kjekt at du følgjer, og at det har inspirert til å ta fram atlasen 🙂 Flott at veret er bra heime. I dag er ein grå dag her, har regna mykje i natt. Kanskje kjem sola utpå føremiddagen? Ha fin dag på fjellet, her er dagen nett begynt 🙂

Kommenter innlegget