Fredagane er ikkje det same her som heime i Norge, etter ei full arbeidsveke – å kunne sette seg ned og nyte kvelden. Men vi nyt tida her og 🙂 T.d. så har eg begynt å gjere det til ein vane å sette meg ned på ein plass og drikke ein kopp «cafe con leche» etter jobb om dagane, slik også fredag 🙂 Sjå på folk, nyte varmen i skuggen, og kjenne påå at her er det godt å vere.
Sabine var i full gang med å planlegge dessertlaging då eg kom «heim», ho ville lage tiramisu, som overaskelse til Hellen når ho kom heim frå ein lang dagstur med dattera og skulen hennar til Volcan Arenal.
Og eg tok meg ein joggetur, det gjorde godt både for kroppen og sjela, og temperaturen varfaksisk overkommeleg – litt «kald» vind……. 🙂
I dag, lørdag, går turen til kysten igjen, med buss til stranda. Håpar regnet ventar lenge før det kjem i dag 🙂
FLOTT HELG til dokke alle!







You must be logged in to post a comment.