Her i Costa Rica seiest det at då Gud fullførde å måle himmelen blå, vaska han målepenslane i Río Celeste. Den himmelblå elva (= rio celeste), fossen og lagunene i denne nasjonalparken, er blant dei mest spektakulære naturfenomena i Costa Rica. I går, sundag 20.oktober var eg – saman med Sabine – til denne elva i Parque Nacional Volcán Tenorio. Vi leigde sjåfør/guide, Ofi, og reiste av garde tidleg om morgonen.
Eg hadde store forventningar, fordi eg hadde høyrt at dette var verkeleg eit paradis på jord. Og eg gleda meg til å vere i ein regnskog for første gang i mitt liv. Og det var verkeleg verdt turen!
Det var spennande å gå gjennom regnskog, fuktig luft, og sjå alle dei høge, «rare» trea, og alle røtene, og lianane som hang ned frå – eller mellom trea. Og så stille, stille…. unntatt litt fuglelydar og eitt og anna apebrøl…… Etter å ha gått ca ein km, så kom vi til fossen, første høgdepunkt! Fantastisk å komme ned trappene og sjå det turkise vatnet mellom trea! Magisk flott! Her berre måtte vi knipse bilete i eitt. Det var berre så utruleg vakkert med det turkisblå vatnet! Vidare oppover elva kom vi til ei blå lagune. Forbode å bade her, men akk – så fristande! Også denne heilt magisk flott!
Vidare gjekk vi opp langs elva til dess vi kom til det punktet der dette fargeskiftet skjer: To elvar som møtest, og vi ser ei linje i elva, og etter denne linja – blir vatnet turkis.Der er ulike teoriar om kva det er som gjer dette, men – viss eg forsto dei rett – så har dei har kome til at det er ein kombinasjon av mineral, m.a. kopar og acid (+ andre) og krystallar i grunnen – som i lag med sollyset gir denne fargen. Når det ikkje er sol, er det ikkje same fargen, og dersom ein tek vatnet opp i eit glas, er det som blå mjølk, visst nok…….
Det var magisk å vere der! Vakre blomar såg vi, og nokre få dyr: ei vakker og fargerik øgle/firfisleliknande – Central american whiptail, ein cappuccino-ape (kvit-ansiktsape), ein diger maur, og ein blue morpho-sommarfugl.
På heimvegen, stansa vi og åt sukkerrør, dvs vi togg på det og saug ut safta, og spytta ut treverket…… Nydeleg 🙂
Ofi var sjølvlærd fuglekjennar, det var tydelegvis han store hobby, og han visste kvar vi kunne finne tucán-fuglar. Og vi fann dei – ein heil flokk. Utruleg flotte! Eit kjennemerke for Costa Rica. Vi såg òg ein flokk med apar, Mantled howler monkey, eit stykke unna, som Ofi «brølte» til – og dei svara!
Det var berre eit eventyr av ein tur!




































You must be logged in to post a comment.