Parque Nacional Manuel Antonio ligg litt sør for Quepos, i Manuel Antonio på Stillehavskysten, Costa RIca. Parken blei oppretta i 1972, og er med sine 16,24 km² landets minste nasjonalpark. I 2011, blei Manuel Antonio rangert blant dei 12 vakraste nasjonalparkane av businessmagasinet Forbes. Det er ein «tropisk fuktig skog», som det heiter, og den er omkransa av vakre strender, og mange holmar og skjer i havet utanfor.
Hit reiste eg i lag med Sabine, 23. – 27.oktober. Nokre dagar fri, fordi skulane var stengde pga ein kongress. Vi hadde høyrt at det skulle vere veldig vakkert her i Manuel Antonio også, som m.a. er kjent for det rike dyrelivet i parken. Her er så mange vakre stadar i Costa Rica, at det kan vere vanskeleg å velje – når ein ikkje har all verdens med tid på seg.
Her hadde vi tre dagar (utanom reisedagane = 6 timar med buss). Vi slappa av på stranda med soling og bading…….håplaust å symje, for også her var det surfebølger, og som vanleg kom – også her – regnet på ettermiddagen.
Vi såg også kval, som hoppa eit stykke utanfor stranda, stilig!
Siste dagen vandra vi rundt i nasjonalparken – med innleigd guide med kikkert, som viste oss alle dei rare dyra han såg. Han hadde eit utruleg blikk, visste kva han såg etter.
Hadde håpa å sjå slangar og papegøye, men dei glimra med sitt fråvær. Men brøleape, vaskebjørn, dovendyr, kvitansikts-ape, diverse øgler og iguanar fekk vi sjå, m.m. Veldig artig å oppleve dei tame vaskebjørnane, og kvitansiktsapane. Dei var utruleg sjarmerande 🙂
Flott at Costa Rica tek vare på skogane, både dei tropiske fuktige skogane, og regn- og tåkeskogane sine – med å gjere dei til nasjonalparkar, og slik verne om naturen frå inngrep! Det skulle fleire land også gjere!
Tilbake i Liberia med mange fine bilete på netthinna som flotte minne 🙂























You must be logged in to post a comment.