Parque Nacional Manuel Antonio ligg litt sør for Quepos, i Manuel Antonio på Stillehavskysten, Costa RIca. Parken blei oppretta i 1972, og er med sine 16,24 km² landets minste nasjonalpark. I 2011, blei Manuel Antonio rangert blant dei 12 vakraste nasjonalparkane av businessmagasinet Forbes. Det er ein «tropisk fuktig skog», som det heiter, og den er omkransa av vakre strender, og mange holmar og skjer i havet utanfor.
Hit reiste eg i lag med Sabine, 23. – 27.oktober. Nokre dagar fri, fordi skulane var stengde pga ein kongress. Vi hadde høyrt at det skulle vere veldig vakkert her i Manuel Antonio også, som m.a. er kjent for det rike dyrelivet i parken. Her er så mange vakre stadar i Costa Rica, at det kan vere vanskeleg å velje – når ein ikkje har all verdens med tid på seg.
Her hadde vi tre dagar (utanom reisedagane = 6 timar med buss). Vi slappa av på stranda med soling og bading…….håplaust å symje, for også her var det surfebølger, og som vanleg kom – også her – regnet på ettermiddagen.
Vi såg også kval, som hoppa eit stykke utanfor stranda, stilig!
Siste dagen vandra vi rundt i nasjonalparken – med innleigd guide med kikkert, som viste oss alle dei rare dyra han såg. Han hadde eit utruleg blikk, visste kva han såg etter.
Hadde håpa å sjå slangar og papegøye, men dei glimra med sitt fråvær. Men brøleape, vaskebjørn, dovendyr, kvitansikts-ape, diverse øgler og iguanar fekk vi sjå, m.m. Veldig artig å oppleve dei tame vaskebjørnane, og kvitansiktsapane. Dei var utruleg sjarmerande 🙂
Flott at Costa Rica tek vare på skogane, både dei tropiske fuktige skogane, og regn- og tåkeskogane sine – med å gjere dei til nasjonalparkar, og slik verne om naturen frå inngrep! Det skulle fleire land også gjere!
Tilbake i Liberia med mange fine bilete på netthinna som flotte minne 🙂























Hallo Kari ! Det var nesten slik at eg var byrja å andøge på deg…Er inne og les innlegga dine kvar dag, og her gjekk det fleire dagar utan noko nytt !! Forventar sjølvsagt ikkje at du skal vere PÅ kvar dag…! Og så fekk vi delta i denne fantastiske reisa di til parken , med eit vell av vakre bilete !! Ååå alt du får oppleve, og eg unner deg det så vel !! Ha gode dagar der langt vekke, nyt varmen, her er det minusgrader og vi ser fram til haustens første Rakfiskmåltid !!Klem.
Hehe 🙂 Hadde ikkje med PC-en på den turen. Difor. Eg brukar ein del tid på desse innlegga, oplasting av bilete tek tid. Så ikkje bekymre dokke om det går npkre dagar. Og no er eg ikkje i form, har feber, og kjenner meg slett ikkje bra. Men håpar det går over….. 🙂
Takk for at du sender melding og kommenterer, det er veldig kjekt for meg 🙂
Stor klem.
Guri kor mykje spennande du får sjå og oppleve!!!! Eg er når sant skal seiast aldri så lite misunneleg…. Men i alle fall bra at du dokumenterer og deler…. Ha det fint der sør, så får no vi gå her og hutre i mørkna og kulden…. 🙂
Takk for kommentar, alltid veldig kjekt å høyre frå dokke. Costa Rica er verkeleg eit vakkert land, det er det i alle fall ikkje noko tvil om 🙂 Klem.