Her i Costa Rica har elevane eksamen i alle fag på kvart trinn. Dei må bestå eksamen for å bli flytta opp til neste trinn. Viss dei stryk første gangen, så får dei ein ny sjanse i februar. Slik også i kroppsøving. På ein av dei skulane eg ha vore, så hadde eksamenen ein verdi på 30 %. I tillegg får dei praktiske oppgåver, som å lage noko sportsrelatert i t.d. plastilina. Dette har verdi 10 %. Dei resterande prosentane er deltaking i timane.
Eksamen var som følgjer – på 6.klassetrinn:
1. 1 minutt med tøyeøvingar + 1 min med rask løping på staden.
2. 1 minutt med hopp på staden +10 situps
3. 1 minutt med jogging på staden +10 pushups
4. 1 minutt med fri rørsle, som dei bestemmer sjølve.
Tidsramma varierer litt – alt etter nivå/trinn.
4 og 4 hadde eksamen i «slengen», og dei andre må sitte og sjå på, også dei som er ferdige.
Det er lett å sjå kva elevar som skal ha kroppsøving kvar dag, for dei har spesiell T-skjorte der det står «Educación física» (= kroppsøving) bakpå. Viss dei ikkje har på seg kroppsøvingsuniforma, så fekk dei ikkje ta eksamenen.
Kvaliteten på gjennomføringa var no så som så, og dei fleste jentene var mest opptekne av håret sitt……. Eg spurte nokre om det var lett, og det synst dei. Så det er tydelegvis ikkje noko avskrekkande, og dei er vane med at slik er det…..
Eg må seie at eg er veldig fornøgd med at ungane i Norge får leike bekymringslaust – utan tanke på karakterar i kroppsøving – før dei startar på Ungdomsskulen. Og at vi ikkje har eit system der dei må kvalifisere seg for å komme opp på neste nivå, og risikere å måtte gå eit år om att.








You must be logged in to post a comment.