Eksamen i kroppsøving…..

Her i Costa Rica har elevane eksamen i alle fag på kvart trinn. Dei må bestå eksamen for å bli flytta opp til neste trinn. Viss dei stryk første gangen, så får dei ein ny sjanse i februar. Slik også i kroppsøving. På ein av dei skulane eg ha vore, så hadde eksamenen ein verdi på 30 %. I tillegg får dei praktiske oppgåver, som å lage noko sportsrelatert i t.d. plastilina. Dette har verdi 10 %. Dei resterande prosentane er deltaking i timane.

Eksamen var som følgjer – på 6.klassetrinn:

Tøyingsøvingar.

Tøyingsøvingar.

1. 1 minutt med tøyeøvingar + 1 min med rask løping på staden.

2. 1 minutt med hopp på staden +10 situps

3. 1 minutt med jogging på staden +10 pushups

4. 1 minutt med fri rørsle, som dei bestemmer sjølve.

Tidsramma varierer litt –  alt etter nivå/trinn.

Jogging på staden...

Jogging på staden…

Situps.

Situps.

Pushups.

Pushups.

Fri rørsle.

Fri rørsle.

4 og 4 hadde eksamen i «slengen», og dei andre må sitte og sjå på, også dei som er ferdige.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står "kroppsøving" - og så namnet på skulen.

Alle som har gym, skal bruke T-skjorte der det står «kroppsøving» – og så namnet på skulen.

Det er lett å sjå kva elevar som skal ha kroppsøving kvar dag, for dei har spesiell T-skjorte der det står «Educación física» (= kroppsøving) bakpå. Viss dei ikkje har på seg kroppsøvingsuniforma, så fekk dei ikkje ta eksamenen.

Kvaliteten på gjennomføringa var no så som så, og dei fleste jentene var mest opptekne av håret sitt……. Eg spurte nokre om det var lett, og det synst dei. Så det er tydelegvis ikkje noko avskrekkande, og dei er vane med at slik er det…..

Eg må seie at eg er veldig fornøgd med at ungane i Norge får leike bekymringslaust – utan tanke på karakterar i kroppsøving – før dei startar på Ungdomsskulen. Og at vi ikkje har eit system der dei må kvalifisere seg for å komme opp på neste nivå, og risikere å måtte gå eit år om att.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Dei som ikkje var i aksjon, måtte pent vente.

Glade gutar som er fredig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

Glade gutar som er ferdig med eksamen. Han t.v. var verkeleg flink.

2 kommentarar på “Eksamen i kroppsøving…..

  1. Ja, det er jammen i mange emne ein kan prise seg lukkeleg for at ein har sleppt unna å gå opp til eksamen… Men det er nesten så at eg trur at eg skulle ha klart å stå på eksamen i 6 klassse i Costa Rica…. Lukke til med dagane dine der sør 🙂

Kommenter innlegget