I etterpåklokskapens namn – kan eg vel sjå at eg nok ikkje var nok skjerpa i høve til myggolje og innsmurning – for å unngå å få denguefeberen. Eg smurte meg alltid inn, men – tydelegvis – ikkje godt nok.
Mitt råd til alle som reiser til «Dengue-land» – SLURVE ALDRI med dette!
Når ein får dengue, veit ein ikkje om det med det same, fordi ein merkar ikkje stikket. Og du er heilt prisgitt di eiga evne til å komme deg føre igjen, fordi det finst ikkje noko ein kan ta i mot det. Eg undrar meg – i den samanhengen – med alle dei kloke menneska som finst på denne jord, kvifor dei ikkje har klart å finne fram til ei vaksine mot denne dritten. Der er 4 ulike dengue-sortar. Når du har fått ein av dei, er det berre denne sorten du er «vaksinert» i mot. Det bør no vel kunne gå an å utvikle vaksiner mot desse vel?
Eller er ikkje dette interessant nok forskning?
I dag – ny dag og nye mulegheiter. Eg skal begynne på språkskulen, og gler meg over det 🙂
Berre vere «student» – det er rein luksus, det 🙂
Kva meir kan ein ynskje seg?