Frisk igjen – og klar for mine siste 4 veker her i Liberia :)

I etterpåklokskapens namn – kan eg vel sjå at eg nok ikkje var nok skjerpa i høve til myggolje og innsmurning – for å unngå å få denguefeberen. Eg smurte meg alltid inn, men – tydelegvis – ikkje godt nok.

Mitt råd til alle som reiser til «Dengue-land» – SLURVE ALDRI med dette!

Når ein får dengue, veit ein ikkje om det med det same, fordi ein merkar ikkje stikket. Og du er heilt prisgitt di eiga evne til å komme deg føre igjen, fordi det finst ikkje noko ein kan ta i mot det. Eg undrar meg – i den samanhengen – med alle dei kloke menneska som finst på denne jord, kvifor dei ikkje har klart å finne fram til ei vaksine mot denne dritten. Der er 4 ulike dengue-sortar. Når du har fått ein av dei, er det berre denne sorten du er «vaksinert» i mot. Det bør no vel kunne gå an å utvikle vaksiner mot desse vel?

Eller er ikkje dette interessant nok forskning?

I dag – ny dag og nye mulegheiter. Eg skal begynne på språkskulen, og gler meg over det 🙂

Berre vere «student» – det er rein luksus, det 🙂

Kva meir kan ein ynskje seg?

6 kommentarar på “Frisk igjen – og klar for mine siste 4 veker her i Liberia :)

  1. Hei! Godt at du er på føtene att ! No håpar eg at du får gode dagar som student, og at helgane kan by på nye utflukter ! Du har»stoff » til mange undervisningstimar i spansk når du kjem tilbake ! Håpar også at veret der nede kan bli litt mindre ustabilt slik. at du kan slappe av i varmen(Godt innsmurt mot myggangrep ). Eg ynskjer deg ei fin tid framover og gler meg til å følgje med !! Klem.

    • Takk Anny 🙂 Så kjekt å høyre frå deg:) Ja, håpar det blir litt soling etter kvart, vore lite med det i det siste, og huda mi fekk seg ein trøkk under den der dengue-saken…. Men tåler det vel igjen etter kvart. Har enno ikkje helgaturen på plass, men har inne førespørsel. Dagstur i tilfelle. Gler meg over å vere i gang på språkskulen, hadde mine første timar i dag. I morgon er det «frukt g grønnsaker» – vokabular på marked som står på planen. Gler meg! Helse alle, og stor klem.

  2. Heia. Godt å høyre at du er frisk igjen. Du får bruke myggoljen som bodylotion framover. Lykke til med skulen vidare. Du blir nok ein supergod spansklærar med denne erfaringa. Her vi sit i bakgården vil vi fraråder jogging og ekstreme fysiske utfordringar første tida:). Vi anbefaler fred, ro og rødvin. Ei behandling/rekonvalisent vi har god erfaring med:).
    Dei siste vekene vil nok fyke avgårde og så er du heime igjen til vinterlandet, så nyt dette og få mest mogeleg med deg, men ta det no litt piano. Vi trur du kan mykje frå før. Alle i bakgården helsar og skåler og er glade for din gode helbred! Stor klem frå oss fire!

    • Hehe 🙂 Eg ser bakgårdsgjengen føre meg 🙂 Skulle gjerne vore der og delt både vin og mat med dokke, og ikkje minst den gode stemninga som eg er trygg på er på plass 🙂 Får ha det til gode til nokre veker fram i tid. No har eg 4 veker på skulebenken føre meg, starta i dag, det blir superbra! Gler meg til i morgon. Reiser de heim no i helga? Tida har gått så fort! Helse alle, stor klem.

  3. Støttar dei medisinske råda frå bakgårdsgjengen… Og må vel til forsvar for forskingsmiljøa seie at dei har ikkje greidd å lage vaksine mot HIV eller kreft eller andre alvorlege sjukdommar heller,- men reknar no med at du gledar deg med meg til meir midlar til forsking i statsbudsjetta framover 😀 😀 😀 — sjølv om sjølv EG truleg må erkjenne at Denguevaksine sikkert ikkje vert det som vert hovudsatsinga til forskingsmiljøa i Norge heller….
    Lukke til med å unngå dei tre andre sortane resten av tida .

    • Hehe 🙂 Takk Turid 🙂 Ja, eg skal pinadø unnga dei tre andre sortane, ver du trygg! Bank i bordet! Ja, du har rett, men dei jobbar no med saka når det gjeld diverse vaksine, men eg ser jo at eg har dårlege kort på hand i høve tildelingar 🙂

Kommenter innlegget