I dag har eg hatt min 2.dag på skulebenken. Det er slik 1 : 1-undervisning, og målet er å snakke mest mogeleg. Eg håpar at det skal skje store framsteg – i løpet av 4 veker, med 15 t pr. veke.
Læraren min heiter Donald, han er berre ungdomen. Han er flink, og har som mål at eg skal øve inn bruken av konjunktiv når eg snakkar. Det er ikkje lett, men det handlar mest om å tenke bevisst på det heile tida, til desse det går betre…. Forhåpentlegvis…………
I dag har vi vore på frukt- og grønsaksmarknaden her i Liberia. Kvar torsdag og fredag sel dei frukt og grønt her, og kun då.
Her kryr av ulike sortar som eg aldri har sett før, og dei costaricanske orda for desse fruktene eller grønsakene, er ukjende også for ordboka. Så då er eg nesten like langt 🙂
Eg fekk innmari lyst til å gå laus og lage frisk mat – etter å ha vore her i dag. Vi blir ikkje akkurat skjemt vekk med frukt og grønt i matvegen her i huset, må eg diverre seie.













You must be logged in to post a comment.