Skuledag på marknaden – La feria :)

Læraren min, Donald.

Læraren min, Donald, i samtale med ein selgar.

I dag har eg hatt min 2.dag på skulebenken. Det er slik 1 : 1-undervisning, og målet er å snakke mest mogeleg. Eg håpar at det skal skje store framsteg – i løpet av 4 veker, med 15 t pr. veke.

Læraren min heiter Donald, han er berre ungdomen. Han er flink, og har som mål at eg skal øve inn bruken av konjunktiv når eg snakkar. Det er ikkje lett, men det handlar mest om å tenke bevisst på det heile tida, til desse det går betre…. Forhåpentlegvis…………

I dag har vi vore på frukt- og grønsaksmarknaden her i Liberia. Kvar torsdag og fredag sel dei frukt og grønt her, og kun då.

Skulesaken klare, her skal det noterast frukt og grønt :)

Skulesakene klare, her skal det noterast frukt og grønt 🙂

Her kryr av ulike sortar som eg aldri har sett før, og dei costaricanske orda for desse fruktene eller grønsakene, er ukjende også for ordboka. Så då er eg nesten like langt 🙂

Eg fekk innmari lyst til å gå laus og lage frisk mat – etter å ha vore her i dag. Vi blir ikkje akkurat skjemt vekk med frukt og grønt i matvegen her i huset, må eg diverre seie.

P1030351

P1030354

P1030356

Squash

P1030353

P1030357

P1030359

P1030361

Også raud mais.....

Også raud mais…..

Lime criollo = dei beste, i flg. Donald

Lime criollo = dei beste, i flg. Donald

Nydeleg vakre chili :)

Nydeleg vakre chili 🙂

Litchi, m.a.

Litchi, m.a.

2 kommentarar på “Skuledag på marknaden – La feria :)

  1. Heia. Så nydeleg dette såg ut:) mange spennande frukter. Ja du får ta til deg når du har sjansen til det. Vi er tilbake i Bergen etter fantastiske dagar i sør. Vi har hatt det veldig Koseleg og har surra rundt og nytt sol og varme. I dag har vi hyggelig selskap i Bergen med å treffe små og store. Litt kaldere enn vi har brela oss til med i det siste,men fint og regnfritt til no! Ha det fortsatt fint og så har du vel frukt og grønsaklager til neste marked!
    Eg trur du fiksar fint spansken. Du er vel allerede flink, så proff er vel neste steg på stigen! Lykke til uansett!

Kommenter innlegget