Playa Hermosa = vakker strand.

Playa Hermosa - i regnbyge :)

Playa Hermosa – i regnbyge 🙂

Playa Hermosa ligg på Stiillehavskysten, litt nord for Playa El Coco. Søndagen tok eg her, i lag med Sabine. 1 time med buss er greitt 🙂 Eg var solhungrig, blir ikkje mykje sol dei vanlege dagane.

Liberia ligg 1 time m/buss frå kysten. Vi kan rett nok gå til bassenget på Best Westernhotellet i byen, men då må ein ha litt meir tid enn berre ein time, eller to. Når eg er ferdig på skulen, kl. 14 – 15, så er det ikkje mykje att av dagen, når det begynner å mørkne kl. 17.
Men neste veke blir det «betre» – då får eg begynne på skulen kl. 8, ferdig kl. 11, og eg kan rusle til bassenget etter lunsj – 20 minutt å gå.
Det blir bra!
 
Sola begynner å farge himmelen, vakre skyer.

Sola begynner å farge himmelen, vakre skyer.

På Playa Hermosa nytte vi dagen i fulle drag. Rett nok hadde vi ei kraftig regnbyge midt på dagen, men det klarna oppatt (- slik vi ikkje er vane med at det gjer heime!) og vi var på stranda til vi aldeles mørkna ute. Men vi fekk med oss ein flott solnedgang 🙂
Så var det bussen heim att, og vi tok like godt middagen på PizzaHut 🙂
Det smakte utruleg godt med pizza!
 
 
Der er Venus, altså!

Der er Venus, altså!

P1030745
 

2 kommentarar på “Playa Hermosa = vakker strand.

  1. Hei Kari !! No ventar eg berre på å få sjå deg i bastskjørt !! Flott nordisk dame under palmesus ! Du er flink som brukar så mykje tid på å dele opplevingar med oss i form av ord og bilete ! Eg skal IKKJE vere misunneleg, for eg veit at ei så lang reise hadde eg aldri greidd . Men eg unner deg det inderleg. Er sikker på at det endå er mykje kjekt som ventar deg der nede, og eg ser føre meg at du no plukkar oppskrifter til nye spennande matrettar som vert servert i Liavegen smått om senn !Kos deg framleis,gler meg til å følgje med. Ha ei riktig god frihelg med nye eventyr ! Klem.

    • Takk Anny! Hehe, ingen fare, blir nok ikkje noko bastskjørt 🙂 Og veit heller ikkje om eg har lært så mange spennande matrettar heller, her i huset, diverre. Men eg kan finne rettar på nettet herfrå når eg kjem heim 🙂 Fin helg til deg og 🙂 Klem.

Kommenter innlegget