Då har eg altså endeleg fått sett krokodiller som lever i fridom – i elva Río Tempisque i Parque Nacional Palo Verde, Costa Rica! Det var kjempespennande og ei stor oppleving for meg! Berre 1 meter frå meg, stirra meg inn i auga – kjendest det ut som……. Utrulege dyr, og det dyret som – saman med hai – tek livet av flest menneske…………. (Skrekk og gru!)
Eg har altså vore på tur igjen. Leigde «Offi» som sjåfør og guide også denne gangen, lett å ty til dei ein kjenner. På vegen til Palo Verde, stoppa vi og såg på brøleapar, to familiar som budde på same staden. Artig å sjå dei på så nært hald.
Vi blei med ein elvebåt på elva Tempisque inne i nasjonalparken, og vi fekk sjå ulike dyr. Mellom anna utruleg flotte og fascinerande iguanar. Fleire digre hannar, som var i paringsmodus og «brusa» seg for hoa. Hannane skiftar farge frå oransje til grå i denne tida, hoa er grøn.
Vidare såg vi diverse fuglar. 300 ulike artar finst det her, vi såg berre nokre, sjølvsagt. M.a. white heron.
Hadde også stor underhaldning av kvitansiktsapane. Dei var så sjarmerande, hoppa om bord i båten, og klatra opp på hauet til folk. Dei bevegde seg med stor smidigheit og spenst, og halen brukte dei som sikring, viss dei var redde for å falle i elva – til krokodillene….
På vegen tilbake, var vi innom søskenbarnet til «Offi», Roberto, og rause som dei er, costaricensarane, blei vi invitert på lunsj! Roberto eigde ein diger gard, og var begynt med bøffeldrift. Planen var å starte med riding på bøffel, for turistar. Sjølve bøffeldrifta var leda av Carlo. Han var frå Guatemala, hadde jobba med bøffel i over 20 år, og var tilsett på den farmen der Roberto kjøpte kveg i Guatemala. Han blei hyra av Roberto til jobb i Costa Rica – for å bygge opp drifta på denne garden. Kone og to barn var att i Guatemala, og no jobba han med å ordne alle papir, for å kunne få familien sin også hit. Planen var å bygge hus når opplegget med turistane var i gang. No gledde han seg til ein månad fri i samband med jula, til å reise til familien. Han var ein kunnskapsrik og svært positiv person, og svært glad i dyr.
Vi blei med han for å sjå på bøflane, og på vegen fekk vi sjå papegøye – rød macaw (bilete frå google). Den var diger, og flott og fargerik. Hoa låg på egga i reiret, inne i ein trestamme. Ho var den einaste eg klarte å zoome inn, hannen stakk av! Carlos fortalde at han passa på dette paret, for at folk ikkje skulle kunne stele – for å selje – ungane når dei kom ut.
Nok ein fantastisk tur og dag i Costa Rica 🙂



















You must be logged in to post a comment.