Å vere student hos lærar Donald :)

1:1-undervisning med lærar Donald :) 1:1-undervisning med lærar Donald 🙂

 

 

Herleg å vere på skulebenken igjen! Eg elskar det!

Eg har 15 timar i veka, 3 timar kvar dag, med lærar Donald. Det er «aktive» timar, 1:1-undervisning, og det er lite pusterom. Donald er flink, og han varierer undervisinga si, slik at tida går veldig fort. Eg snakkar masse, må førebu tema, og vi trekker uførebudde tema, eller spørsmål eg må svare på, eg ser video – og må forstå innhaldet, eg ser film – og må forstå innhaldet, vi spelar spel, øver vokabular, osv……

Eg blir drilla i bruk av dei ulike verbtidene i munnleg tale, og bruk av konjunktiv i ulike tider. I all hovudsak er det desse grammatiske momenta som har fokus. Det går reint i ball innimellom, merkeleg kor mykje lettare det er når ein kan skrive det i staden for – mens ein rekk å tenkje. Å snakke – då skal det skje fort, og tenkjeevna forsvinn litt i «stressfaktoren» som kjem inn når du skal uttrykke deg – medan læraren ventar på svaret ditt 🙂  Men vi får håpe og tru at uttrykket «øving gjer meister» også gjeld her…..

Stort sett begynner eg kl. 11 om dagane, men mot slutten av denne veka skal eg starte kl. 8. Då sluttar den eleven som har hatt undervisning frå morgonen av, og eg får overta den tida, heldigvis. Når eg er ferdig kl. 11, eller 12, kan eg få mykje anna ut av dagen også, og det likar eg.

Eg har ein spasertur på 20 minutt for å komme til skulen, det passar meg fint! Akkurat som distansen frå Liavegen til Hafstad vgs. Men her slepp eg å skli på isete veg – ned bakken ved Førde hotell, t.d.

Veldig greitt slik…..