Rart å vere med på seremonien – å tenne julegrana – i 25 graders varme. Stappfullt av folk på Kyrkjeplassen ved parken i Liberia, og julegrana var ikkje gran frå Norge, men kunstig juletre. Dekorert med lys og reklamelogoar for mobiltelefonselskapet Kölbi………. D.v.s. sponsa juletre-seremoni! Ja ja, ein ven seg vel til alt, kanskje?Taler, underhaldning av ulikt slag – mellom anna fin song, akkompagnert av orkester med nisseluer.
Her var det sommarkledde folk, og ungar som åt is – som om det skulle vere
17.mai heime. Full aktivitet i parken, av underhaldning med klovnar for ungane, eller frie syslar – som skateboard, i paviljongen. Folk kosa seg. Dei som ønska det, kunne kjøpe seg grillmat, eller sukkerspinn, is eller andre søtsaker, om det var det ein hadde lyst på.
Kjekt å oppleve ein annleis 1.søndag i advent 🙂







Bra at du snart får oppleve ei julegran som står i surt og kaldt vestlandsver 🙂 Her er ikkje så kaldt etter årstida, men T-skjortever er her no ikkje…. Elles vart det laga julepølser i går,- lettelse syns eg. Alt anna finst det ein plan B for, men julepølsene er det berre ein måte ein kan få tak i på. Du må vere velkomen heim att til førjulstid og juletid, vi snakkast 🙂
Takk Turid! Ja, eg er veldig gald for at de har fått laga pølsene, supert! Enig, eg har ein plan B for det meste i år 🙂 Jula kjem likevel…… Eg kjem nok ut i Erdalen lørdag når det er røyking 🙂 Gler meg til å komme heim, håpar berre at alt går som smurt på reisa 🙂 Klem.