Ei stille veke i Nord-Italia – å vere meir til stades i eige liv.

Eg har hatt ei uforgløymeleg veke, som har gjort godt for både sjela og kroppen, med mange høgdepunkt:

  • Det vakre klosteret
  • Klosterhagen
  • Rosene
  • Dei nydelege nonnene
  • Syngande morgonmesse
  • Kristin med all sin kunnskap og klokskap
  • Merle – med sine fantastiske historier og «Listenbear»
  • Dei flotte deltakarane
  • Roa og tida til ettertanke og refleksjon

p1050809-e1559228225677.jpg

 

Så har eg altså fått oppleve det eg har tenkt på i fleire år – men ikkje hatt moglegheit til tidlegare – å få delta på Stillheits-retreat i Nord-Italia.

På klosteret Casa di Preghiera Gesù Maestro, i provinsen Vicenza, ved foten av Alpane, Dolomittene arrangerer forfattarane Kristin Flood og Merle Levin to gongar årleg ei veke med stillheits-retreat. Kurset kombinerer stillheit, sjølvutforsking og oppmerksamt nærvær/mindfulness – for å lære å vere meir «til stades i eige liv».

Eg brukte mi ekstra ferieveke på dette, og eg kjenner meg heldig og privilegert som hadde mogelegheita å få vere der denne veka i mai, å få møte og oppleve dei dyktige kurshaldarane, og få bli kjent med 10 andre deltakarar, flotte personar.

Klosteret – eit vakkert bygg, med høge klostermurar rundt den store eigedomen, ligg på ei høgde med utsikt over byen Thiene, og mot Dolomittene. Opphaveleg var klosteret eit herskapshus / slott, der det budde ei prinsesse. Sidan ho var utan arvingar, blei slottet etter hennar død, testamentert til denne nonneordenen, som har spesialisert seg på kontemplasjon, åndeleg fordjuping og bøn, der dei ber i turnus, natt og dag.

Å oppleve desse skjønne nonnene var eitt høgdepunkt. Kvar morgon hadde dei syngande messe kl 7 i kapellet på klosteret, vakkert å oppleve.

Vi var innlosjert på eit anneks, i tilknyting til klosteret, men alle måltida hadde vi på klosteret, der nonnene laga maten. Kokka, 81 år gammal, laga nydeleg mat, med økologiske råvarer frå eigen kjøkkenhage.

Vakkert klosterområde, med store, flotte tre og vakre blomster. Søster Piera, med lidenskap for blomster, hadde ansvaret for at alle blomsterdekorasjonar til i kvar tid var friske og fine.

Å vere i stillheit.

Eg skal ikkje skrive noko særleg om kva som var innhaldet i kurset, og kva eg opplevde der. Men det er klart at dette var fullstendig avkopling frå alt stress som ein lever med i kvardagen, og ein får høve til å lande litt, og roe ned både den fysiske pulsen og den mentale. Fire av dagane på kurset var vi i stillheit.

Eg var ganske spent på korleis det ville vere, men vi blei godt førebudde av dei erfarne kurshaldarane.

Det var heilt greitt å legge frå seg mobilen, og klare seg utan å vere på nett. Å halde stilt, og ikkje snakke – faktisk var det befriande å ikkje skulle meine noko, og sleppe å kommentere det andre seier til ei kvar tid, og å innta alle måltid i tausheit var berre godt.

I løpet av desse dagane fekk vi lære oss sjølve betre å kjenne, om nærvær, å gå i djupna i oss sjølve, noko som kunne vere både godt og vondt.

I etterkant kjenner ein på ein slags sårbarheit, som ein må takle å leve med, og som det kan vere vanskeleg å snakke om. Men mest av alt kjenner ein på utfordringa å gå tilbake til ein stressande jobbkvardag,

P1050799P1050806P1050824P1050838

 

Neste stopp – Italia

Italia

Det er lenge sidan eg har brukt bloggen min. Eg har ikkje skrive noko her sidan eg kom att frå Costa Rica i 2013. Sanneleg på tide å vekkje han til live att!

Neste stopp er Italia.

Eg er komt opp i ein alder der eg kan ta ut ei ekstra ferieveke, dersom eg har lyst til det. Og det har eg jo!

18.mai reiser eg til Italia, nærare bestemt til eit kloster, litt nord for Venezia: Casa di preghiera Gesu Maestro i Nord-Italia. Her skal eg delta på eit vekes kurs, eit «stillhetsretreat» – i regi av Kristin Flood og Merle Levin.

Eg både gler meg og gruar meg, trur det kan bli ei utfordring å «halde kjeft» i 4 dagar. Men den utfordringa skal eg ta, det blir veldig spennande!

Etter kurset skal eg besøke Venezia eit par dagar, og sjå byen, før eg vender nasa heim

Kloster

att.

Eg ynskjer meg sjølv ein spennande og god tur 🙂

Bilete: http://www.kristinflood.com/pdf/CAOS%20CALMO%20stillhetsretreat.pdf