Neste stopp – Italia

Italia

Det er lenge sidan eg har brukt bloggen min. Eg har ikkje skrive noko her sidan eg kom att frå Costa Rica i 2013. Sanneleg på tide å vekkje han til live att!

Neste stopp er Italia.

Eg er komt opp i ein alder der eg kan ta ut ei ekstra ferieveke, dersom eg har lyst til det. Og det har eg jo!

18.mai reiser eg til Italia, nærare bestemt til eit kloster, litt nord for Venezia: Casa di preghiera Gesu Maestro i Nord-Italia. Her skal eg delta på eit vekes kurs, eit «stillhetsretreat» – i regi av Kristin Flood og Merle Levin.

Eg både gler meg og gruar meg, trur det kan bli ei utfordring å «halde kjeft» i 4 dagar. Men den utfordringa skal eg ta, det blir veldig spennande!

Etter kurset skal eg besøke Venezia eit par dagar, og sjå byen, før eg vender nasa heim

Kloster

att.

Eg ynskjer meg sjølv ein spennande og god tur 🙂

Bilete: http://www.kristinflood.com/pdf/CAOS%20CALMO%20stillhetsretreat.pdf

 

 

4 kommentarar på “Neste stopp – Italia

  1. Hei,kjære Kari! Du er berre så tøff!! Du berre hoppar uti det, og taklar det prima etterkvart! Om du har lov å SKRIVE..om du må halde munn, vil eg gjerne høyre frå deg! Rundt neste sving er det kanskje DU som held slike kurs..Ha riktig god tur, nyt dagane, varm klem.😘👏

    Sendt fra min iPad

    > Den 11. mai 2019 kl. 17.29 skrev KaVi-ar : > > >

Kommenter innlegget