Skulle det vere litt heimelaga appelsinmarmelade?

Oppskrift frå kokka på klosteret.App.marmelade

Heimelaga appelsinmarmelade var mellom det pålegget vi fekk til frukost kvar dag i klosteret. Aldri har eg smakt så god appelsinmarmelade, og eg nytta sjansen å få med meg oppskrifta:

 

 

1kg økologiske appelsinar
½ kg sukker
(evt. litt vatn, ca 1 dl. – avhengig av mengde saft i appelsinane)

 

App.marmelade2
Børste appelsinane godt. Stikke små hol i dei, rundt heile, men berre i det gule, ikkje stikke gjennom det kvite under. La ligge i vatn 2 – 3 døgn, byte vatn 3 – 4 g. La dei deretter ligge og lufttørke, ikkje tørke med handklede.
Dele appelsinane opp i tynne, små bitar. Ta vare på all saft.
La koke på svak varme – utan lokk – i 1 time (evt. tilsett litt vatn, viss det er lite saft i appelsinane). Tilsett sukker, og la koke i 1 time til.

Ha på glas – og nyt!

Venezia – ein by med særpreg.

Venezia er ein gammal italiensk handels- og marknadsby, som ligg nordaust i Italia, inst i Adriaterhavet. Det historiske senteret ligg på 118 små øyar, med eit nettverk av store og små kanalar, og over 400 bruer. Frå 1400-talet og utover var Venezia den mektigaste handelsbyen i Middelhavets, med monopol på handelen austover, og byen var midtpunktet for kunst, kultur og gledesliv. Venezia5

For meg har Venezia «berre» vore byen med dei mange kanalane, som eg har tenkt at eg må besøke ein eller annan gang….
Eigentleg visste eg lite om Venezia før eg drog, og framleis er det mykje eg ikkje veit.
Då eg var turist i to dagar, hadde eg bestemt meg for å oppleve byen i «slow motion». Eg kom dit etter mi veke på stillheitsretreat på klosteret Casa di Preghiera Gesù. Overgangen til eit pulserande byliv var eit sjokk, og eg bestemte meg for å ta meg roleg tid…..som Phil Bosman seier i diktet sitt –

Ta deg rolig tid
til å være lykkelig.
Tiden er ingen motorvei
mellom vuggen og graven,
men plass
til å parkere i solen.

Av denne grunn hadde eg tenkt å sjå byen etter impulsmetoden, pluss god hjelp av kart og google maps. Eg gjekk meg vill stadig vekk. Det var ikkje berre å «ta neste gate» eller runde eit hjørne. Her var det kanalar og stengde moglegheiter overalt, og det blei mykje vandring fram og tilbake, og mange flotte inntrykk som bonus.
Eg besøkte ikkje Markusplassen….. Men eg såg så mykje anna vakkert, her var vakre motiv overalt.
Eg besøkte Rialtobrua, ja, med flott utsyn over Canal Grande, og fullt av turistar….

Venezia25

 

Og eg snubla over museet til Leonardo da Vinci, universalgeniet framfor nokon.

Eit Venezia37høgdepunkt.
Det var perfekt å få med seg eit besøk på museet til denne kloke mannen, som Kristin Flood viste til fleire gangar på retreaten.

Eitt av hans råd, var følgjande: “Fix your course to a star and you can navigate through any storm”.
Han måtte sjølv kjempe for å få anerkjenning, og i dagens travelheit er det også lett å miste perspektivet, og trua på oss sjølve og kvar vi er i livet.
2.mai 2019 var det 500 år sidan Leonardo da Vinci døydde.
Mest kjend var han som målar, men han var også arkitekt, bilethoggar, ingeniør, vitskapsmann og oppfinnar. Han gjorde mange studiar av mennesket sin anatomi, og deltok i obduksjonar, mellom anna på foster. Draumen hans var å konstruere ei flymaskin, som han også gjorde, – ikkje heilt vellukka. Han har skrive ei mengd med bøker/notat, mykje av dette er ei blanding av kunst og vitskap. Det meste av dette var ukjent heilt fram til 1800-talet, diverre. Han var venstrehendt. Å lese det han skreiv, kan vere utfordrande, for han skreiv baklengs, frå høgre mot venstre, og han brukte ikkje komma eller punktum.
Leonardo då Vinci var den som sa at «visdom er erfaringas dotter».

Skal tru kvifor han omtala visdommen i hokjønn? 😊

Banksy (pseudonym, ukjent namn, fødd 1974) – er ein engelsk grafittikunstnar med

Banksy:


Banksy: «Migrant child with flare»

satiriske motiv om politikk, kultur og etikk.

Han dukkar opp i byar verda over, denne gangen i Venezia, med motivet «Migrant child with flare»

 

 

 

 

 

 

 

Venezia17Byen er også kjent for sitt årlege karneval, og maskebutikkane låg tett. Eit besøk verdt å sjå alle dei vakre, handmåla maskene. Ein koseleg suvenir, viss ein vil ha noko med seg heim att.

 

 

Det er ikkje uproblematisk for byen at så mange som opp mot 25 millionar turistar besøker byen kvart år. Pga av slitasjen som dette medfører, har det no blitt innført ein turistskatt for besøkande.

I tillegg kjem all bekymring med at byen sig, med tre – fire cm kvart hundreår. Andre ekspertar meiner endå meir, så mykje som 20 cm.

Uansett er jo dette nedslåande prognosar for ein av dei mest særprega byane i verda.

 

 

Venezia30

Nydelege nonner og dyktige kurshaldarar

 

Å vere på klosteret Casa di Preghiera Gesù Maestro var perfekt for føremålet – stillheit. Det einaste som braut stilla, var all fuglesongen, morgon, dag og kveld, og spesielt svarttrasta. Aldri har eg høyrt så mange svarttraster på ein stad!

Alle rosene i hagen. Klatreroser, klase- og buskroser, – så vakre.

Dei nydelege nonnene, som jobba saman om alle gjeremål, i tillegg til å be på skift.

Den nydelege maten dei laga – med kjærleik. Rørande å oppleve, og tenkje tilbake på. Middag2 – KopiVelsmakande og velkomponerte lunsj- og middagsrettar med biodynamiske grønsaker frå eigen hage, men god, lokal rød vin til, kvar dag. Vinen var gåve til klosteret frå lokale vinbønder. Det same var all dugnadsjobbing på klosterområdet og hagen; frivillige frå området rundt, ofte pensjonistar, som kom og bidrog.

På avslutningsmiddagen siste kvelden blei vi servert sverdfisk med tilbehøyr, og tiramisu til dessert, saman med musserande vin. Nonnene spretta korken, og serverte.

Vi fekk vi intervjue nonnene etterpå, spørje dei om alt vi måtte lure på, og det var jo mykje.
Vi hadde ei varm, morosam og livleg stund, med mykje humor, og latteren sat laust. Dei skøya med valet dei hadde gjort – å bli nonne, men ingen hadde angra på det valet. To veker sommarferie har dei, og t.d. abbedissa, på 75, som har master i – var det adm. og økonomi? – brukte ofte sommarferien til å farte rundt med bilen sin i Europa.

Kvelden blei avslutta med djupfrosen sitronlikør, som dei hadde laga sjølv, og abbedissa serverte 🙂

Så vil eg også her nemne dei flinke kurshaldarane Kristin Flood og Merle Levin. Kristin bur og arbeider i Venezia, Merle i Sør Afrika. Med desse to var det mykje kunnskap og erfaring samla på området nærverstrening og meditasjon. Kristin Flood har skrive fleire bøker som går på stillheit, merksemd og personleg utvikling, og ho skreiv i 2009 boka «I Frans frå Assisis fotspor». Her leiter ho i kjelder om livet til denne fattigmunken som levde på 11-1200-talet, og kombinerer det med eiga vandring i hans fotspor, og resultatet blei ei nydeleg bok, også den til ettertanke.

Snart to veker etter at denne stillheits-retreaten var over, tek eg meg i å vere tilbake på dette vakre klosteret i Nord-Italia. Den vakre hagen og eigedomen dukkar stadig opp i mitt indre bilete, og eg tek meg i å lengte tilbake til det saktegåande livet der.
Det er brutalt å komme tilbake til normalt gjenge, og bli meir medviten enn før den høge stressfaktoren vi har i kvardagen her heime.
Må det verkeleg vere slik?

Meg – Kopi