Å vere på klosteret Casa di Preghiera Gesù Maestro var perfekt for føremålet – stillheit. Det einaste som braut stilla, var all fuglesongen, morgon, dag og kveld, og spesielt svarttrasta. Aldri har eg høyrt så mange svarttraster på ein stad!
Alle rosene i hagen. Klatreroser, klase- og buskroser, – så vakre.
Dei nydelege nonnene, som jobba saman om alle gjeremål, i tillegg til å be på skift.Den nydelege maten dei laga – med kjærleik. Rørande å oppleve, og tenkje tilbake på.
Velsmakande og velkomponerte lunsj- og middagsrettar med biodynamiske grønsaker frå eigen hage, men god, lokal rød vin til, kvar dag. Vinen var gåve til klosteret frå lokale vinbønder. Det same var all dugnadsjobbing på klosterområdet og hagen; frivillige frå området rundt, ofte pensjonistar, som kom og bidrog.
På avslutningsmiddagen siste kvelden blei vi servert sverdfisk med tilbehøyr, og tiramisu til dessert, saman med musserande vin. Nonnene spretta korken, og serverte.
Vi fekk vi intervjue nonnene etterpå, spørje dei om alt vi måtte lure på, og det var jo mykje.Vi hadde ei varm, morosam og livleg stund, med mykje humor, og latteren sat laust. Dei skøya med valet dei hadde gjort – å bli nonne, men ingen hadde angra på det valet. To veker sommarferie har dei, og t.d. abbedissa, på 75, som har master i – var det adm. og økonomi? – brukte ofte sommarferien til å farte rundt med bilen sin i Europa.
Kvelden blei avslutta med djupfrosen sitronlikør, som dei hadde laga sjølv, og abbedissa serverte 🙂
Så vil eg også her nemne dei flinke kurshaldarane Kristin Flood og Merle Levin. Kristin bur og arbeider i Venezia, Merle i Sør Afrika. Med desse to var det mykje kunnskap og erfaring samla på området nærverstrening og meditasjon. Kristin Flood har skrive fleire bøker som går på stillheit, merksemd og personleg utvikling, og ho skreiv i 2009 boka «I Frans frå Assisis fotspor». Her leiter ho i kjelder om livet til denne fattigmunken som levde på 11-1200-talet, og kombinerer det med eiga vandring i hans fotspor, og resultatet blei ei nydeleg bok, også den til ettertanke. Snart to veker etter at denne stillheits-retreaten var over, tek eg meg i å vere tilbake på dette vakre klosteret i Nord-Italia. Den vakre hagen og eigedomen dukkar stadig opp i mitt indre bilete, og eg tek meg i å lengte tilbake til det saktegåande livet der.Det er brutalt å komme tilbake til normalt gjenge, og bli meir medviten enn før den høge stressfaktoren vi har i kvardagen her heime.
Må det verkeleg vere slik?

You must be logged in to post a comment.